10. desember 2011

INGEN BURDE FRYSE - warm thoughts


Det er vel nok garn i verda til at alle kunne hatt varme hender, like fullt som det er nok mat til å mette oss alle. Men så var det noko med fordelinga, då...
Etter at eg las tipset frå Monster-mønster om å strikke til Lys i mørket-aksjonen, sette eg i gong og grov etter tjukke og varme fibrar i lageret mitt. For meg som er mest van med florlett garn og tynne pinnar, var det ein fryd å løsne på grepet, og lage super bulky-saker som Grace Jones-hals, tjukk alpakkahue og dobbeltråda angora-skjerf. Så mjukt, så varmt, så fort gjort!


Det var også tankevekkjande  å strikke til Nokon som eg ikkje kjenner. Elles lagar eg alltid plagg til dei som står meg nær, og tankane surrar då ofte rundt desse kjære medan eg strikkar. Eg håpar dei enkle plagga mine kan varme Nokon, om det så blir berre for éi einaste natt - eller gjennom heile den lange vinteren. 
oppskrift, skjerf:
frå boka "Strikk til Nøstebarn" (s 123)
Berre rillestrikk, altså rask å strikke. 
Kan også lage hol å smette eine skjerf-enden inn i, for tettare hals. Fungerer fint. 
garn: Askeladen/Nøstebarn Angora-Uld (dobla)
farge: nr 366
pinnar: 5 mm


oppskrift, hue med klaffar:
"Thorpe" av Kirsten Kapur (gratis-oppskrift, pdf)
Denne hua blir strikka frå toppen og ned, altså lett å justere etter garn og person. 
Har gitt meirsmak! Thorpe har over 5400 prosjekt på Raverly!
garn: Artesano Aran (50% alpakka, 50% ull)
farge: nr C 854 "Birch", dvs naturleg farga (brukte 73 gram)
... pluss at eg dobla med Isager Tvinni i bremmen, 
farge: 26 (brukte 9 gram Tvinni)
størrelse: L i masker, M i cm, 
det vart stor herrestørrelse 
(...men altså litt for liten til buddhaen...)
pinnar: 5 mm

Buddha i byen: Eit lite ps om bruk av fotomotiv: Eg har ikkje gått inn på heilag grunn. Tvertimot møtte eg denne statuen på ein hektisk bytur. Med stoisk ro sit han der på fortauet, og er frontfigur for ein interiør-butikk med asiatiske møblar.  Og der spurde eg om lov først :-)

4. desember 2011

VÅR DAGLEGE VOTT - mitten calendar

Det er rart kor fort og lett små barneføter kjem seg oppover bratte trappetrinn desse morgonane. Kan det ha noko med adventskalenderen å gjere...?  Han manglar både glitter og glamour, men 24 velbrukte vottar og vantar på ei snor er visst meir enn spennande nok, så lenge dagens tal inneheld ein skjult skatt. 

Mi salige blanding av gamle selbuvottar frå loftet, mixa med eigne parlause eller mislukka (... og dermed tova) vantar, var meir enn nok til å oppfylle ideen om ei heil kalender-rekkje.

Fleire av selbuvottane er så gamle at eg ikkje veit kven som har laga eller brukt dei. Men på nr 14 heng i alle fall min barndoms blå skivott, og for moro skuld plasserte eg dei to rosa vantane eg hadde på dei mest "feminine" datoane frå primstaven: Nemleg Marias unnfangelse 8. desember og Lucia/Lussinatt 13. desember. 

Personlege minne kan også flettast inn i ein slik kalender: Har nokon bursdag til dømes, kan du spørje om å låne hans/hennar vott, og hengje på rett dato! Eg er i alle fall godt fornøgd, ikkje minst er årets ein god del vakrare enn Sparkebukse-kalenderen eg og nissen laga i fjor :-)

God adventssøndag! 


30. november 2011

VILLDYRA KJEM! - wild knitting

Desember kan bli bitande kald, og då er det best å ruste seg til tennene. Å halde eit foredrag om frysepunkt og Anders Celsius fungerer ikkje så godt på mine småtassar, så då vart mammas metode å lokke med villdyr i vinter-garderoben:
Ideen kom då minstemann med stor begeistring leika glefsande alligator med dei grøne strikkavottane sine (... som var det einaste varme han aksepterte.) Her var det berre å spinne vidare i full fart, og produsere villdyr-skjerf frå A til U: 

Herr Alligator og Herr Ulv fekk sine dyriske fjes påsydde med ungane hengande over skuldrane mine, så noko pertentleg prydsaum vart det ikkje. Men tråden er i alle fall lett å sprette opp og fjerne dersom villdyr-feberen skulle gå over. Då kan eg kanskje forvandle skjerfa til snill frosk og kosete moldvarp? Ein biolog vil nok uansett ha innvendingar mot mi uvitenskapelege tolking av artane...
oppskrift:
Smetteskjerf frå boka Strikk til Nøstebarn,
med mine villdyr-modifikasjonar :-)
In English: "Tuck-in", or "Bow-knot" scarf

alligator-skjerf:
garn: tynn alpakka, frå Du store alpakka
farge: nr 158 (31 gram brukt)
pinnar: 3 mm

ulve-skjerf:
garn: "Pure Thin Alpaca" frå Pickles
farge nr 2110 dobla med farge nr 2100 (72 gram brukt)
pinnar: nr 4

... pluss fjes brodert av restegarn i Du store alpakka og 2-tråds garn frå Askeladen/Nøstebarn


gammalrosa skjerf (laga i fjor):
garn: "Ingunn" frå Det mjuke (økologisk merinoull)
farge: Kochenille (35 gram brukt)
...som eg også har strikka vest av
pinnar: nr 3,5

22. november 2011

ROSENRAUD - blushing Rose

Det var ein gong ein bloggar som ville strikke fest-kjole til datoen 17. november. Ja, for kva passa vel betre når bloggen hennar skulle fylle 1 år akkurat same dag som ei lita venninne på 2!


Bloggaren strikka og strikka på den rosenraude gåva, og garnnøstet vart mindre og mindre, heilt til det forsvann. Men kjolen var enno ikkje ferdig ... 


Bloggaren raudna i kapp med den herlege fargen. For inne i den vesle eventyrverda hadde ho gløymt at det var noko som heitte prøvelapp og måle-stokk. Bortanfor sol og bakanfor måne trilla så eit heilt anna garnnøste fram - og dermed vart Rose-kjolen endeleg ferdig! 


Men ikkje passar Rosenraud til 2-åringen. Nei, slett ikkje, berre som rikeleg stor dyne, kanskje ... Men jenter veks, og heile verda er full av jenter - og snart er det jul - så det blir vel ei råd skal du sjå, tenkjer den raudkinna bloggaren. Og snipp, snapp snute, snart bankar nok nissen på ei anna rute. 


oppskrift: 
"Rose" av Helga Isager (ja, dottera til Marianne Isager)
frå heftet "Amimono. Knit collection 2010" 
- og finst visst også som kit på amimono.dk -
garn:
Nøstebarn 2-tråds merinoull, farge 22 "rød" 
(oppdatering 23. nov: denne fargen er utgått no, seier Nøstebarn, nr 21 "bringebærrød" er alternativet)
... dobla med Isager Alpaca 1 (100 % alpakka), farge nr 25 
Dei siste omgangane oppe på berestykket med Isager Alpaca 2 (åleine) (50 % alpakka, 50 % ull), farge nr 25
storleik:
2 år i masker, 6 år i centimeter...
pinnar:
nr 3, 3 1/2 og 4 mm
knappar:
oppskrifta seier 5 stk, eg synest 2 ser like fint ut
(og eg hadde ikkje fleire av desse gule heller :-)
Knappestolpen skal vere bak på kjolen, men eg trur framme kan vere like fint

13. november 2011

HU-HEI-HALS! - quick cowl

"Denne er lett og rask! Denne kan du strikke på éin kveld!" Eg har irritert meg ein smule over slike påstandar i oppskrifter og strikke-bloggar. Ikkje minst fordi eg aldri har klart å vere så suveren - i alle fall ikkje etter at "rolege kveldar" er blitt framandord her i heimen. 


Men no kan eg også seie: Denne er lett! Denne kan du strikke på éin kveld! Eller to. Eg snakkar om "Grace Jones hals" frå Pickles. Oppskrifta er berre på to linjer, og deretter er det berre å rase i veg med dei tjukke pinnane. (Spesielt gjekk det raskt sidan eg juksa litt og felte av då nøstet tok slutt, sjølv om oppskrifta eigentleg kravde meir garn...)


Denne halsen er mitt første bidrag til "Lys i mørket"-aksjonen frå Kirkens Bymisjon i samarbeid med Hobbyklubben. Målet er å lage ei hue, og kanskje eit par vottar også, og så levere denne vesle, varmande pakken til advent. Men først bør eg vel vaske vekk krydder-duftene  som festa seg i foto-sessionen....

oppskrift:
med mine endringar pga anna garn: 
56 masker (istadenfor 44), 5 runder (istadenfor 7) og 5 repetisjonar (istadenfor 6)
garn: "Fauna" i serien Linea Pura frå Lana Grossa
70 % økologisk ull, 30 % babyalpakka
50 gram - ca 60 meter
(eg brukte dei 2 nøsta eg hadde, dvs 100 gram)
farge: nr 5, bourdeaux
pinne: 8 mm (på 60 cm rundpinne)


20. oktober 2011

GRØNSAKS-GENSER - Wear your greens!



Når ein ikkje får lokka ungane til å ete det grøne på tallerkenen, kan ein i alle fall kle dei opp i grønsaker! I mitt grøne oktober-prosjekt fall valet til slutt på dei saftige fargane Parsley (persille) og Snap Pea (sukkererter) i garnet Chickadee frå Quince & co, og her er resultatet: Ein skikkeleg kvardagsgenser som kan passe både i åker og eng, og ikkje minst på kjølege haustdagar som denne. 


Takk Pinneguri, for at du deler dette sjølvlaga mønsteret - "Ikke helt ribba" med oss andre i Blogglandia! Her er det fleire finessar: Forlenga rygg nede, for å unngå glip når barnet strekkjer seg. Forhøya rygg oppe, for litt meir plass over skuldrane. Hol nede på kvar erm, som tomlane kan smettast inn i. Eg likte spesielt godt løysinga med forlenga rygg, og må smile kvar gong eg ser den vesle, varmande "stjerten" der nede. 


Raglan-fellinga er heller ikkje vanleg: Her har Pinneguri lagt inn ei dekorativ flette i midten 
(sjå nærfotoet til høgre). Undervegs i strikkinga 
sukka eg frustrert og syntest at eg slett ikkje fekk dette fint til, men no etter vask ser det i grunnen bra ut. 


Men eg, mi enkle sjel, har likevel fleire spørsmål i margen på oppskrifta 
som eg gjerne vil sjekke med Pinneguri - før ein eventuell genser nr. 2. 
Kanskje dén blir i flammande (jule)raudt...?

oppskrift:
garn: Chickadee (100% amerikansk ull) frå Quince & co
fargar: Parsley (hovudfarge) og Snap Pea (stripene)
(totalt 153 gram)
storleik:  2 år   
pinnar: 3 mm (truleg betre med 3,5) 


 Fotoet av persille (heilt øvst, i midten): Wikipedia/H.Zell

14. oktober 2011

VOTTE-DAGEN - the mitten sign



Har du snudd primstaven din i dag ...? Og gjort alt klart til ofring og eit heidundrande vinternattsblot ...? Eller i alle fall strikka ein vott? 14. oktober er etter gammalt den første vinterdagen, då primstaven blir snudd frå sommarside til vinterside, og det utskorne merket som då kjem til syne er oftast ein vott!
Nærfoto: frå primstaven min, 
ein kopi frå Vågå, år 1649


Før kristen tid heldt dei gamle vinternatts-blotet denne dagen. Dei helsa vinteren velkomen, og ofra for eit godt år. Vinterkleda skulle takast fram og gjerast i stand. Vanlege primstavmerke var ein vott eller eit lauvfritt tre. Dagen spådde vinterveret: "Som vinterdagens ver er, skal vinteren verte". Frå vinterdagen skulle hestane også ha bjelle på. (Sitat frå fleire kjelder.) 


På det øvste fotoet heng nokre av dei mange parlause vottane eg fann i skatte-jakta mi på familieloftet. Fleire er som du ser godt brukte, og tova i møtet med kalde og våte vinterdagar. Hm, kva skal eg gjere med desse vottane, skal tru? Kanskje lage ein adventskalender? I lag med diverse raritetar frå mitt eige vante-lager blir det ikkje noko problem å finne 24 stykke å tre på ei snor, trur eg :-)


Under ser du min favoritt frå loftet: Utruleg tynt garn, må vel vere strikka på pinne 1,5 eller 2 mm? Og er vel ein damevott, sidan det er damefigurar på? I alle fall laga for ei slank hand. Eg fann dessverre berre éin vott, men han er så vakker og nostalgisk at eg nesten har lyst å gi han ein æresplass på veggen. Eller kanskje skal eg kaste meg uti det og prøve å lage eit nytt par? 
Min favoritt frå loftet. Nokon som veit kva mønsteret heiter?

10. oktober 2011

GRØN OKTOBER - green is the color

Plutseleg står eg med hovudet ned i garnkorgene mine, og plukkar konsekvent ut alle buntane i grønt! Silke, ull og alpakka - uansett kvalitet eller tjukkelse veit eg berre éin ting: No vil eg strikke med grønt!


Kanskje er det ein ubevisst protest mot hausten, der alt i naturen ser ut til å bli raudare, brunare, regntungt, nattesvart...


Eg har endåtil meldt meg inn i Raverly-gruppa Green is the color. Ja, sjølvsagt finst det også ei gruppe for slikt! Der inne er det mange fascinerande svar på spørsmålet: Why do you love green?



Heilt konkret har eg lyst å prøve meg på barnegenseren "Ikke helt ribba" av Pinneguri, og då absolutt i optimistisk grønt. Men kva slags garn skal eg velje, skal tru? Silkesauen insisterer sjølvsagt på ull, og ikkje alpakka. Hmm... eg trur eg legg meg litt i tenkjeboksen i lag med ein haug av grønt. 



5. oktober 2011

ROSA SKATTEKISTE - pink family treasures



Tenk på alt som flittige hender har skapt før oss... Eg ryddar på vårt gamle og støvete familieloft, og fleire kasser med heimelaga skattar dukkar opp.  

Her er min første favoritt: Ei rosa strikkajakke med heklalommer og -kantar, størrelse ca 7 år, truleg laga ein gong på 1960-talet. Så tidlaus, så vakker! 
Hadde eg berre hatt mønsteret... 

Eg veit ikkje kven som har laga jakka. Så no driv eg detektiv-arbeid ved hjelp av gamle fotoalbum, og snart skal eg også spørje dei kloke konene i slekta. Hadde berre formødrene mine hatt dei fancy namnelappane som dagens bloggarar stolt signerer plagga sine med!

Denne heklajakka, som passar til ein 3- eller 4-åring, er også truleg laga på 60-talet. Så enkel, så fin! I ein rosafarge som nærmar seg oransje (kjem ikkje så tydeleg fram på fotoet)
Og endå ei heklajakke, meir variert i mønsteret, og med nokre svarte flekkar som kanskje stammar frå sykkel-smurning, eller kanskje frå ein rotur i tjørebreidd båt....? Størrelse ca 4 år. Funne på fleire foto frå 17.mai-feiringar i slekta!
Ein rosa topp, funne på eit sommarfoto frå rundt 1970! Størrelse ca 10 år. Her ser toppen nesten ut som ein "navle-blottar", men han har tydelegvis strekt seg i breidda med tida. Var lenger og smalare på original-fotoet, og dermed svært så tekkeleg :-)
Og til slutt ei gammalrosa, melert jakke (ved hjelp av mørke sauehår) med enkle og stilreine fletter,  størrelse ca 6 år. Eg anar ikkje kven som har brukt jakka, eller når. Eg blir berre så rørt når eg tenkjer på dei hendene som tolmodig har skapt dette og dei andre plagga.


Kanskje du kjenner igjen eitt eller fleire av mønstera frå din familie eller di fortid? Fortel gjerne! Kanskje finst mønstera framleis til sals også?

1. oktober 2011

LYST Å VINNE MOHAIR-GARN? - yarn giveaway!

Oppdatert 5. oktober: Gratulerer til SYNNØVE (with 100% love)


Ein eksklusiv gjeng på seks kommentatorar hadde meldt seg på giveaway'en før fristen, dermed fann eg fram Yatzy-terningen, og han landa på 2, altså Synnøve. Eg gler meg til å sende garn-samlinga til deg! 


Men desse seks kom med så mange gode og kreative forslag til kva ein kan bruke slikt mohair-garn til, at eg nesten angrar på at eg lova å gi det bort... 
Hehe, neida! Dette har gitt meirsmak - så følg med, kanskje kjem det fleire opprydnings-tilbod frå den snille Silkesauen :-)

(Gammal tekst:) Har du lyst til å overta nesten 500 gram mohair-garn? Her har du sjansen! Eg er heime på hausttur, og ryddar i skap og på loft. Dermed dukka desse fluffy buntane fram frå fortida: 


Mohair-garn frå Lesotho, kjøpt i ei idealistisk tid, då Sør-Afrika enno var styrt av apartheid, og ein ville støtte alle gode motkrefter som fanst. Eit lite fjelland med angorageiter og spinnande kvinner, geografisk omringa av giganten Sør-Afrika, vekte solidaritetskjensla. 


Eg synest dette garnet er fint og fascinerande, men eg veit rett og slett ikkje kva eg skal strikke av det, og då er det betre å gi det vidare til andre hender. Kanskje til dine...?


Fargane er ei salig blanding av svart, burgunder, turkis, mørk lilla, rosa, syrin, naturkvitt  - og litt juleraudt. Du er med i trekninga om du legg igjen ein kommentar under dette innlegget, gjerne med nokre idear om kva du kan tenkje deg å lage om du får garnet i fanget!


Garn-fakta: 
"Lesotho Handspun Mohair"
Superfluffy
(85-100 % mohair, 10-14% ull)
50 gram = ca 140 meter


* * * Vinnaren er kåra (sjå over) * * *


Eg trekkjer ut vinnaren i løpet av onsdagen (5. oktober) og publiserer då namnet her, så legg altså igjen ein kommentar før onsdag morgon!


If you leave a comment under this post, you are joining my mohair-yarn-giveway. I'll close comments on Wednesday morning (the 5th of October), and the winner will be announced here the same day. And: If you are living far from Norway, I think I'll let you pay the shipping costs yourself :-)


28. september 2011

LINNEA OG LYNG - Twinflower & Calluna

Gratulerer med 1-årsdagen, vakre og viltre venninne! Sjølv om eg er gut og 2 år, står eg modell for gåva di, men Vinterhimmel-jakka passar nok betre til den velfylte magen min som har eitt års forsprang:-)
Neste sommar kan du og eg kanskje gå hand i hand i skogen, og leite etter linnea og røsslyng? Mamma tenkte på desse små og fine blomstrane då ho valde fargane.  
Ho seier at linnea-plantene liknar på oss ungar: Mange trakkar forbi med store sko utan å bry seg, men dei som bøyer seg ned og ser, finn ei eiga, vakker verd.



"Men se, nu ljusnar det opp, 
en skogsfälla öppnas för ögat;
Stubbarna stå där på rot, 
vid rötterna växa det smultron
Och ini mossornas bädd 
syns skyddad den späda Linnean,
Persikoröda små klockor 
som dofta af mjölk och af mandel,
fin som en kammarduksnål 
i grönskande sammet är stucken;
Stängeln står rak som ett strå, 
så nätt, så sirlig, så pyntad."

Frå Trefaldighetsnatten 
av August Strindberg (1905)       
                                                                                (Foto: Henripekka Kallio, Wikipedia)

                     oppskrift: 
Sidelengs jakke i sirkel, frå DropsDesign (gratis)
garn: 
Isager Højlandsgarn (lammeull frå Skottland) (50 gr - 280 m)
fargar: 
 Sweet Pea (den lyse, 45 g) og Damask (den mørke, 30 gr) 
storleik: 6/9 mnd (til 1-åring)
pinnar: 3 mm
knappar: metall 


23. september 2011

TRØFFEL-HELT - in granddad's style

Ein liten og barsk bestefar på 2 år dansar for tida rundt i fargane "Truffle" og "Robins egg". For no har eg endeleg fullført ei lenge etterlengta oppgåve: å strikke Bestefarstrøya frå Nøstebarn. Som de ser måtte vi telje på knappane ... men til slutt landa vi på noko som eg synest passa til den rustikke stilen på trøya: Bøffelhorn. So beware of the wild one!


Då eg var midtvegs på bolen hadde eg ein strikkefagleg nedtur...: Maskene såg stygge og ujamne ut, Højlands-garnet kjendest hardt og sprøtt, og Truffle-fargen verka så trist og "støvete". Men så kom den herlege raglan-fellinga! Ermane og bolen samlar seg på same pinne, og plutseleg ser eg enden på det heile, ikkje minst når den strålande blåfargen rammar inn alle trøffel-maskene. "Robins egg" har eg forresten brukt tidlegare også, i Vinterhimmel-jakka



Ja, oppskrifta er fin, men sjølvsagt blir det meir pirke-arbeid med knappestolpe enn med vanleg, lukka hals. Eg stod også fast med halsfellinga ei stund før det løyste seg. Faktisk hadde det ramla ut ei setning frå oppskrifta, og då eg las rettinga, vart alt litt klarare, i alle fall for meg. Korrekturen for Nøstebarn-boka fann eg hos Monstermønster (under "Mønsterhjelp" i stolpen til høgre).  


Og etter vask (og forsiktig blokking) vart plagget så mykje mjukare og jamnare! Og då eg betrakta mini-bestefar der han sprang ut i septemberdagen, var eg rett og slett berre fornøgd: Plagget har eit stilig snitt, og dette blir ein fin og praktisk haustgenser både ute og inne: Lett og tynn, men varm - og i fargar som tåler skit og sølevatn ... og vilt pianospel hos den vesle venninna hans :-)


Neste gong har eg lyst å prøve ein meir "luksuriøs" versjon av denne trøya, gjerne i silkeull frå Nøstegarn. Tilsvarande fargar kunne f eks vere den fine nye Mokka-fargen, saman med Dueblå. Ein motsett farge-variant til storebror har eg også lyst til å lage, altså (Due)blått som hovudfarge, og Mokka/brunt som kant-farge.


oppskrift:
frå boka "Strikk til Nøstebarn" av Kathrine Gregersen
(i boka står det Bestefartrøye, altså utan "s")
storleik: 2 år
garn:
Isager Højlandsgarn (100 % lammeull frå Skottland)
50 gr - 280 meter
fargar: 
Truffle (brukte 66 gram) og Robins egg (brukte 13 gram)
pinnar: 2,5 og 3 mm
knappar: bøffelhorn




8. september 2011

VESKE-TILFØRSEL - baggy bags

Eg klarte ikkje å snu ryggen til det sommarlege bomullsgarnet mitt! Dei tre dessert-fuglane inspirerte meg til å strikke vidare frå Pickles-haugen, og resultatet vart, hm, ikkje akkurat Prada, men to sjarmerande og praktiske vesker. 

Den største, døypt "Sjøsprøyt" (til høgre, etter fargane sjøvann og surf), passar perfekt til å henge på ei barnevogn, og elles stappe omtrent heile kvardagslivet oppi. Netting-mønsteret er utruleg stretsjy!

Den andre veska, "Pistasj & vanilje", passar til ein liten handletur, eller kanskje til draumar om ein fridag på grønt gras, med niste, strikkety og solbriller...

Mønsteret er frå den uttømmelege skattkista Raverlyog oppskrifta er glimrande til restegarn eller anna du ikkje heilt veit kva du skal gjere med: På "Sjøsprøyt"-veska let eg eit tynt lin-&ullgarn følgje med bomullen heile tida, og såleis kvitta eg meg med eit gammalt nøste frå lageret, samtidig som veska vart litt meir robust. 

Det er utruleg frigjerande å lage noko som ikkje treng å ha ein bestemt størrelse! 


Her er det berre å strikke i veg med det garnet du har, tjukt eller tynt, og stoppe når du er fornøgd. 


Neste gong har eg lyst til å lage ein mini-versjon av denne veska ved berre å bruke ein syltynn tråd, kanskje i silke?


"Sjøsprøyt"-veska:
garn: Pickles Thin Organic Cotton
50 gr - 90 meter
fargar: 
til botnen og nettingen:
"sjøvann" (brukte ca 70 gr)
til kanten og stroppene: "pistasj" (brukte 24 gr)
...og heile tida strikka saman med ein tynn tråd av:
garn: Bouton d´Or "Savanne"
(70% ull, 30% lin)
farge: surf 
50 gr - 180 meter (brukte 63 gram)
(veska veg totalt 158 gram)
pinnar: 4 mm (truleg betre med 4,5 mm)

"Pistasj & vanilje"-veska:
garn: Pickles Thin Organic Cotton
50 gr - 90 meter (veska veg totalt 77 gram)
fargar: 
til botnen: pistasj (13 gram)
til nettingen og kanten: blek pistasj (45 gram)
til kanten og stroppen: vanilje (19 gram)
pinnar: 4 mm

In the beginning.... Oppskrifta startar i botnen på veska


2. september 2011

FLYGANDE DESSERT - sweet birdies

Sommaren er i ferd med å vinke farvel  - og planane mine om å strikke lette, finstripete bomullsgensarar til dei små strandløvene mine, er utsett til neste år, trur eg ... Men når dei lyse trådane ligg der og lokkar, med solfylte namn som vanilje, villrose og pistasj, er det umuleg å leggje dei i vinterhi! 


Og det er betre med tre fuglar på fatet enn tre garnnøste i skapet, ikkje sant...? 


Desse flygande vesena vart kanskje litt rare og skeive, i ein fargepalett som er uvanleg sart og søt til å vere meg. Framande fuglar, rett og slett. 

Men spesielt den milde og gylne fargen vanilje vil eg gjerne skal vere med i garnsamlinga mi neste sommar også.  

Eg har ikkje bestemt meg om desse "is-kulene" er trekkfuglar, eller om dei skal få bli verande her i huset. Kanskje har dei mest lyst til å flyge til nokon som ventar på å bli fødd, i ein annan by, i eit anna land?

garn: Pickles Thin Organic Cotton (plantefarga)
50 gram - 90 m 
fargar: pistasj, vanilje og villrose
(eg brukte ca 20 gram av hovudfargen, 
og ca 5 gram av den andre)
... pluss Isager Højlandsgarn, farge "robins egg" til augene
fyll: ullflor
pinnar: 3 mm (normalt 4 mm)





20. august 2011

TO TYNNE OG EIN TJUKK - thin stripes of sun


Kva gjer ein når ferie-strikket er pakka pent ned i bagasjen, men ein fryktar at garnet ikkje rekk? Eg slengde eit par tynne garnrestar på toppen av kofferten, og resultatet ser de her: 


Ei jakke med godt og tjukt 3-tråds-garn, "drøya" med striper i dobla 2-tråds restegarn.


Eg har døypt jakka Solstriper i brevatn, sidan eg synest den olivengrøne fargen nesten skiftar ham til gult i doblinga med breblå. Maske-magi! 


Nøstebarn-oppskrifta prøver eg her for første gong, og eg må innrømme at eg fekk litt startvanskar då eg oppdaga at den berre har éin størrelse og eitt garn oppgitt, nemleg for baby (ca 6 mnd) i 2-tråds tynn lammeull. Men eg ville gjerne lage ei slik jakke til to-åringen min, så hm, kva skulle eg gjere då? Sidan sommar-hjernen ikkje var heilt klar for matematikk valde eg ein ny, men enkel vri: eg strikka jakka i 3-tråds garn i staden for 2-tråds, og dermed også med tjukkare pinnar. Voilá, jakka passar perfekt! (...Ja, ho er endåtil litt for stor).


Original-oppskrifta foreslår heile tre ulike fargar i stripene, men eg valde altså heller ein mild "solstripe"-variant ved berre å lage éi enkelt farga stripe (dvs midt-stripa med 50 masker), i ein oppmjuka fargemix av 2-tråds restegarn i oliven blanda med grunnfargen breblå. 


Knappane er såkalla vintage, det vil seie gamle og slitte knappar (i tinn?) frå familiens knappeboks. Denne jakka er forresten mitt beskjedne bidrag til Sommarutfordringa på Nøstebloggen, der fristen går ut i dag.
oppskrift: 
"Babyjakke strikka i eitt stykke", 
frå boka Strikk til Nøstebarn av Kathrine Gregersen
her i min variant for større barn
garn: 
grunnfargen: 3-tråds breblå = nr 62 i Merinoull 
(300 m = 100 gr - eg brukte 130 gram) frå Nøstebarn
stripene: 2-tråds breblå dobla med 2-tråds lys oliven = nr 72 (600 m = 100 gr - eg brukte ca 13 gram av kvar)
pinne: 3,5 og 4 mm




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...