30. november 2011

VILLDYRA KJEM! - wild knitting

Desember kan bli bitande kald, og då er det best å ruste seg til tennene. Å halde eit foredrag om frysepunkt og Anders Celsius fungerer ikkje så godt på mine småtassar, så då vart mammas metode å lokke med villdyr i vinter-garderoben:
Ideen kom då minstemann med stor begeistring leika glefsande alligator med dei grøne strikkavottane sine (... som var det einaste varme han aksepterte.) Her var det berre å spinne vidare i full fart, og produsere villdyr-skjerf frå A til U: 

Herr Alligator og Herr Ulv fekk sine dyriske fjes påsydde med ungane hengande over skuldrane mine, så noko pertentleg prydsaum vart det ikkje. Men tråden er i alle fall lett å sprette opp og fjerne dersom villdyr-feberen skulle gå over. Då kan eg kanskje forvandle skjerfa til snill frosk og kosete moldvarp? Ein biolog vil nok uansett ha innvendingar mot mi uvitenskapelege tolking av artane...
oppskrift:
Smetteskjerf frå boka Strikk til Nøstebarn,
med mine villdyr-modifikasjonar :-)
In English: "Tuck-in", or "Bow-knot" scarf

alligator-skjerf:
garn: tynn alpakka, frå Du store alpakka
farge: nr 158 (31 gram brukt)
pinnar: 3 mm

ulve-skjerf:
garn: "Pure Thin Alpaca" frå Pickles
farge nr 2110 dobla med farge nr 2100 (72 gram brukt)
pinnar: nr 4

... pluss fjes brodert av restegarn i Du store alpakka og 2-tråds garn frå Askeladen/Nøstebarn


gammalrosa skjerf (laga i fjor):
garn: "Ingunn" frå Det mjuke (økologisk merinoull)
farge: Kochenille (35 gram brukt)
...som eg også har strikka vest av
pinnar: nr 3,5

3 kommentarer:

  1. Genial idé! Her må man smi mens jernet er varmt, ser jeg. Må dessverre skuffe deg og si at mohairgarnet var kranglete! Har strikket en halv hals, men det har tovet seg sammen og ryker lett - så det spørs om ikke hele sulamitten går til Fretex. Kjedelig!

    SvarSlett
  2. Svar til Synnøve: Så synd at mohair-garnet var lite samarbeidsvillig! Hugsar eg rett var det dette garnet eg brukte då eg strikka dei raude vantane du ser som nr 2 i adventskalenderen min (innlegg: Vår daglege vott). Men at vantane vart så ujamne og holete i strukturen at eg heiv dei i vaskemaskina til toving. Veit ikkje om dét kan vere ein idé, altså strikke med tjukke pinnar og lage tova sitjeunderlag eller julestrømpe eller... Men Fretex er også ein god veg å gå istaden for å streve med strikkinga!

    SvarSlett
  3. Det var en god idé, men nå ligger garnet plassert i en Fretexcontainer - og vil nok glede noen andre :) Uansett; jeg er strålende fornøyd med i det hele tatt å vinne noe, det er jo ren hverdagslykke:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...