31. oktober 2013

FINSK GODTERI - yummy yarn from Finland

Medan ekorna hoppar hektisk rundt i skogen og samlar nøtter, har eg leita fram mine godsaker frå sist vinter: Blodraud kanelslørsopp, gulrandkjuke, krapp og gul reseda. Men dette skal absolutt ikkje etast - men strikkast sjølvsagt! For endeleg er eg i gang med å nøste opp det handfarga Riihivilla-garnet (heimeside) eg bestilte då eg sat inne og fraus ein dag i februar.  

Det er som om heile den nordiske sommaren er fanga inn i desse små, lysande buntane, synest eg! Kvar av dei veg berre 20 gram, er alle litt ulike i nyansane, og luktar deilig av lanolin og frisk luft. For dette er rein, finsk saueull  (altså 100% suomenlampaan villalanka), handfarga av Leena Riihalä (blogg)med sopp og planter funne langs dei finske skogane. 

Og kva med puikkokoko ...? Det vil seie: kva er passande pinne-størrelse? Eg valde 2,5 mm! For no er eg i gang: 


Svensk oppskrift, finsk garn, norsk strikkedame: 
Eg måtte berre prøve ut alle Riihivilla-fargane - på éin gong! 
Oi, det vart kanskje litt for mykje av det gode ...? Om denne votten blir ferdig kjem han i alle fall til å lyse opp i vintermørkret!


PS: Ikkje gløym direktesendinga 
Nasjonal strikkekveld- & natt på NRK2 (nett-tv)
i morgon, fredag 1. november frå kl 20.05,
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40. 
Meir info m.a. her (nrk.no)

27. oktober 2013

VOTTAR TIL PRINSEN - mittens for a prince

Eit lite vottepar i handa er betre enn ti ubrukte garnnøste i skapet (nytt ordtak)
Eit par fjørlette vottar i silkeull er no ferdige, og kan pakkast inn som dåpsgåve. Nei, ikkje til George Alexander Louis of Cambridge, men til ein annan nydeleg, liten gut. Og uansett, alle barn som kjem til verda, er prinsar eller prinsesser, spør du meg. Eg fann dette norske mønsteret på nettet, og når namnet er 
"Liten fuggel" synest eg fargen dueblå som hovudfarge passa perfekt! 


Dessutan: eg vart så oppløfta av å kunne trylle fram fuglar av små masker, så eg fann meg raskt eit nytt "bevinga" mønster, denne gong til ein vaksen (... julegåve ...???) 
- frå ei heilt ny vottebok av to svenske bloggarar. Eg har lyst til å strikke omtrent alle mønstera dei har laga! Så snart eg er ferdig med dette første paret vil eg fortelje og vise meir!


oppskrift, dueblå vottar:
(lenke til mønster-butikken hennar)
garn: Nøstebarn silkeull (nettbutikk)
fargar: dueblå (nr 852) og natur (nr 810)
størrelse: ca 6 mnd? (original 1-2 år)
pinnar: 2,5 mm (betre med 2,0?)
mi endring: utan tommel (sjå fotoet under)
totalvekt: 14 gram
Takk for lånet av dei store og fine pappa-hendene! 

21. oktober 2013

VARM AV FROST - frosty sweater

Årets siste ute-ispinne? Den nystrikka genseren "Frost" held i alle fall på varmen!
Den skarpe haustlufta har lokka fram strikke-lysta mi igjen, etter ein lang og bloggefri sommar. Eg måtte starte enkelt, så eg snudde berre bunken med opp-skrifter, og landa på min tredje Mini Cobblestone! 

Det tynne alpakka-garnet eg brukte som "medløpar" (altså dobla med ull), er visst heilt nytt på marknaden, og bestilt frå dejlige Danmark: "Titicaca" frå Holst Garn. Finst det andre som har testa det? Eg diggar å blande alpakka med ull, då blir strikket litt mjukare, og gir også ein meir spenstig og melert effekt. 

Monstermønster har nettopp starta ein fin "Ull i bruk"-stafett, så inspirert av henne har eg fotografert "Frost"-genseren i lag med dei to Cobblestone-forgjengarane frå skapet. Begge er vélbrukte og temmeleg nuppete, ja! Spesielt den grøne som berre har mjuk Semilla fino-ull i seg. Men også den nye "Frost" skal få vere ein ekte kvardags-genser: Fritt fram for herjing i haustblad, sørpe og snø!

oppskrift, genseren "Frost":
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly) 
størrelse: ca 5-6 år
pinnar: 3,5 mm
garn: Holst Garn "Titicaca. 100 % pure thin alpaca"
... dobla med Isager Højlandsgarn eller
Geilsk tynd uld
totalvekt: 170 gram
fargar: 
og på fotoet under
garn-type sett ovanfrå og ned:
øvst: Titicaca thin alpaca, farge "Tiffany",
deretter Geilsk tynd uld, farge nr. 28
så Isager Højlandsgarn, farge "Topaz",
nedst Titicaca thin alpaca, farge "Jade"

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...