Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!
For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min!
Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...
Vottelaugets jubileumsvott som påskemysterium
-
Vi fortsetter å feire tiårsjubileet for boka Eventyrvotter: I år blir det
påskevottmysterium!
*Vottelaugets jubileumsvott *kommer i 10 deler, første d...
for én uke siden