Det som starta som ein april-spøk, er no blitt eit meir eller mindre seriøst turtips frå Turistforeningen. Eg noterer: "Skal du på fjellet i påsken? Husk å ta med grønn lue hvis du er singel, rød lue hvis du er opptatt og oransje eller gul lue hvis du kanskje er åpen for kontakt."
Ok! Eg har faktisk heile denne "relasjons"-paletten klar! Var det underbevisstheita som arbeidde for meg ...? For det er vel ingen som no trur meg når eg seier at eg rett og slett berre likar å lage einsfarga huer i struktur-strikk? Men heldigvis, fargane stemmer: 6-åringen er singel, ok - det blir grønt! Og 4-åringen er open for kontakt, ja! Det blir gult!
Uansett, vi skal ha bypåske i år, langt borte frå snøfnugg og skiløyper,
så eg veit ikkje om det same hue-språket gjeld her nede på flatmark?
Kva farge skal du ha på hua di i påska?
Eg trur eg skal strikke meg ei ny hue, og den skal vere blå!
![]() |
Snakkande huer: Betyr dette (frå venstre) opptatt, søkjande og singel? Eller er det kanskje rett og slett skjult reklame for Kvikk Lunsj? Eller kanskje eit heimesnekra forsøk på trafikklys? |
fakta, grøn hue:
oppskrift: "Eppleby" av Rachel Coopey (Raverly)
garn: "Cheeky Merino Joy" frå firmaet Rosy Green Wool (økologisk)
farge: nr 054, Lucky Clover/Glücksklee (firkløver)
pinnar: nr 3
størrelse: tilpassa ein 6-åring,
dvs la opp 128 masker
(originalen er dame-str)
total-vekt: 44 gram
lagt til 18. april:
fakta, raud hue:
oppskrift: "Candle flame hue" av Maisha (dansk, gratis)
garn: Artesano 4ply alpaca (100 % alpakka)
farge: nr 1532, Chile
størrelse: dame (eg la opp 100 m til kanten, auka til 160 m før flamme-mønsteret)
pinnar: 2,5 mm (kant) og 3 mm (mønster)
total-vekt: 48 gram
fakta, gul hue:
oppskrift: "Liam's Loops Hat" av Annina Päivärinta (gratis, via Raverly)
garn: Pickles Thin Alpaca (lagt dobbelt)
farge: Gurkemeie
størrelse: dame/stort barn
(dvs 4 repetisjonar av flettemønsteret i høgda.
Eg har også strikka ei hue med berre 3 repetisjonar,
og det vart ei barnehue str ca 4 år.)
pinnar: 4 mm
total-vekt: 65 gram
lagt til 18. april:
fakta, raud hue:
oppskrift: "Candle flame hue" av Maisha (dansk, gratis)
garn: Artesano 4ply alpaca (100 % alpakka)
farge: nr 1532, Chile
størrelse: dame (eg la opp 100 m til kanten, auka til 160 m før flamme-mønsteret)
pinnar: 2,5 mm (kant) og 3 mm (mønster)
total-vekt: 48 gram
fakta, gul hue:
oppskrift: "Liam's Loops Hat" av Annina Päivärinta (gratis, via Raverly)
garn: Pickles Thin Alpaca (lagt dobbelt)
farge: Gurkemeie
størrelse: dame/stort barn
(dvs 4 repetisjonar av flettemønsteret i høgda.
Eg har også strikka ei hue med berre 3 repetisjonar,
og det vart ei barnehue str ca 4 år.)
pinnar: 4 mm
total-vekt: 65 gram