Det fine mønsteret er henta frå vottane "Skogfeens hage" av Tori Seierstad, og dei same blomstrane er også å finne på genseren hennar "Tuin", som betyr hage på nederlandsk.
Symbolsk nok starta eg på dette skjerfet nyttårsaftan, med den mørkeblå garnfargen kalla "Nattehimmel", og gjekk vidare med mønsterfargen "Edelweiss" i januar. No har eg lyst på å strikke vottane også så klart, og rotar rundt i garnkorgene på leiting etter ei ny og fin eventyrblanding!
Strikke-fakta:
Skogfeens skjerf
av Frida Engeset
etter votteoppskrifta "Skogfeens hage" av Tori Seierstad,
frå e-boka "Flere votter fra eventyrskogen".
Garn: "Cheeky Merino Joy" frå Rosy Green Wool
(økologisk farga merinoull)
(økologisk farga merinoull)
Fleire detaljar på prosjektsida mi på Raverly.