24. desember 2010

OG SJÅ, EIN ENGEL - and lo, the angel

No er juleengelen komen heim til oss.  
Denne fine og enkle oppskifta fann eg på den nystarta NøstebloggenOriginalen er frå Tyskland, og har kappe laga av ark frå ei salmebok! 


Eg hadde ikkje så høgtidsamt papir til-gjengeleg, men brukte i staden eit juleraudt A4-ark med barnestrekar på. Det lysande hovudet er ei gul trekule frå eit babyrangle-kjede - og alt heng i hop, berre takka vere ein beskjeden sytråd. 


Eg limte ikkje vengene til kroppen slik som i forslaget (sidan papiret mitt var litt tjukt og "uregjerleg"), men synest i grunnen det vart vel så fint og luftig slik. 

Neste år har eg lyst til å lage eit heilt englekor! Kanskje ved hjelp av kasserte songark frå juletrefesten ...? Gledeleg jul!  


23. desember 2010

STRIKKEPINNEKJØT - the secrets of the sheep

Veslejulaftan ... dagen då dei salte, feite saueribbene endeleg skulle hentast inn frå stabburet og leggjast i kaldt vatn  - medan bjørkepinnane låg klare nedst i gryta og venta på dampkokinga neste dag. 


I følgje Wikipedia skal 1,5 millionar nordmenn ete pinnekjøt på julekvelden. Men ikkje her i huset. Ikkje med det skarpe blikket til Silkesauen like ved matbordet! Eg vil heller nytte sjansen til å sjå tilbake på Skapinga av Silkesauen:


Oppskrifta fann eg i boka "Itty-Bitty Toys" av Susan B. Anderson, som sjarmerte med fotoa av eit søtt og uskuldig lam. Men i prosessen hos meg vaks ein meir vaksen og erfaren sau fram under strikkepinnane, og glupsk som denne fyren var, fylte han vommen med alt han fann: 


Eit mislukka smetteskjerf, avklipte føter frå ein pyjamas, ei altfor tova bleiebukse, ein utsliten stillongs - og nokre lengder ullflor. Alt fekk plass i den 14 centimeter breie magen. Difor må eg flire litt kvar gong eg går forbi han, og tenkjer på alt han skjuler. Takka vere Silkesauen fekk eg rydda opp i "kan-verken-kaste-eller-bruke"-lageret mitt på ein herleg måte!


Susan B. Anderson har utvikla artige og enkle oppskrifter på kosedyr, men eg er ikkje så begeistra for nokre av "dill-dall"-løysingane hennar: Ho foreslår sugerør inni føtene for å få dyret til å stå, og "poly pellets" for ein stabil stump, saman med polyester fiberfyll. Eg droppa alt dette, ikkje minst fordi eg vil at Silkesauen skal vere mest muleg trygg og naturleg, også for små hender og munnar. 


>>Ny merknad febr 2011: Eg har berre brukt andre garn-typar enn Anderson foreslår, dvs ein mix av restegarn i passande naturtonar - og spesial-bestilt bouclégarn for at sauen skulle bli krulla i ulla. Det fine med strikka kosedyr er at dei ikkje treng å "passe" i storleik på nokon måte, så bruk gjerne garn du allereie har, berre garn-tjukkelsen stemmer innbyrdes (altså slik at ikkje f eks hovudet blir bittelite og kroppen diger.) Eit råd som også Anderson nemner er å bruke tynnare pinnar enn foreslått for garnet: Elles blir kosedyret lett levjete med tida, og fyllet kan tyte ut gjennom maskene.<<


oppskrift: 
"Lamb" (lam) frå boka Itty-Bitty Toys av Susan Anderson (i min eigen variant)
Oppskrifta oppdaga eg i etterkant også her, gratis på bloggen In Stiches

garn til hovud og føter (= restegarn): 
fargen Enkel latte i Pickles "Alpaca Wool" (25% alpakka, 75% ull - 50 gr = 72 m) dobla med Naturbeige (nr 52) i Gepards "Pura Lana" (100 % økologisk ull - 50 gr =115 m) 
garn til kroppen (= spesial-bestilt): 
Rowans "Purelife British Sheep Breeds bouclé"  (100 gr = 60 m)
garn til brodering av ansikt og klauvar
mørkegrønt melert i Du Store Alpakkas "Tynn alpakka"  
til "pannelugg" og "brystull"
krusa ull festa med hjelp av filtnål (min eigen idé)
>>ny merknad febr. 2011: filtnåla bør vere solid/tjukk: 
mi knakk då eg skulle feste på meir "brystull"! <<
fyll
oppklipte baby-ullklede og ullflor


9. desember 2010

JUVELAR I JULEGÅVE - jewels for Christmas



Jade-grønt og rubin-raudt. Med desse fargane har eg strikka min eigen variant av "Schneeflocke"-pulsvarmarane. Dermed forsvann dei isblå snøfnugga, og fram frå maskene kom skinande smykkesteinar istaden. Eller kanskje bittesmå drueklasar og saftige bringebær...? Det er rart korleis små masker kan endre karakter, alt etter farge og garntype.


Eg snudde opp-ned på originaloppskrifta, på fleire måtar: Eg starta øvst, altså oppe ved fingrane, slik at eg kunne lage "klase"-mønsteret først, medan eg funderte på korleis mansjetten skulle sjå ut. Eg bestemte meg så for glattstrikk-mansjett, med ein liten mønster-kant nedst (altså grøn variant). Men då eg prøvde pulsvarmarane på, syntest eg sanneleg at dei vart vel så fine opp-ned (altså raud variant)! Eller kva synest andre? I alle fall kan mottakaren velje sjølv, alt etter vêr og humør! Slikt er smart med tommel-lause pulsvarmarar. 


For første gong har eg prøvd ut silkeull-garnet "Tupa" frå Mirasol, der fargekartet tek utgangspunkt i juvelar og smykkesteinar. Og garnet skin verkeleg i vintermørkret! Ein viss del av salet av alle Mirasol-garn går til ein barneskule i Peru, og Mirasol har henta namnet sitt frå ei gjetarjente i Andesfjella, som symbol på dette arbeidet. Vonlegvis varmar altså denne julegåva fleire enn dei to norske mottakarane mine.

Nokre spør seg kanskje korleis eg kan brette ut potensielle julegåver på denne måten. Heile verda kan sjå denne bloggen, ja! - men ingen i min vesle krets av familie og venner  er blitt fortald om han, enno. Eg har tenkt å vente med slik "framsnakking", i alle fall til januar. Og om nokon kjende tilfeldigvis snublar innom her, så veit dei likevel ikkje kva for ei strikka-gåve dei får, eller om dei får éi i det heile ...




I have made my own twist of the wrist warmers-pattern "Schneeflocke" (Snowflake), with two different, shining colors of the silkwool yarn "Tupa" from Mirasol, named after jewels and ornamental stones. A portion of every purchase of Mirasol-yarn is dedicated directly to a school for children of shepherds in Peru. Somebody may wonder why I so openly show off my presents before Christmas. Well, I haven't told anyone close, neither friends nor family, about this blog ... yet :-)



oppskrift: "Schneeflocke" frå Seiden Atelier Gottlieben, i min eigen Silkesauen-variant
garn: "Tupa", 50% merinoull og 50% silke
løpelengd: 50 gr - 125 meter (brukte ca 33 gr per pulsvarmar-par)
farge: grøn nr 805 ("Jade") og raud nr 4/808 ("Ruby Red")
garn-firma: Mirasol 
pinnar: strømpepinnar nr 4


1. desember 2010

NISSEN VAR HER I NATT - a little helper in the night



Skulle ikkje fredelege november vare lenge, lenge...? Det trudde menneske-mammaen, så då den forventningsfulle nissen stakk den frosne nasen sin mot vindaugsruta seint i går kveld, såg han ingen julekalender henge klar til dei små menneske-ungane neste morgon. 


Nissen såg berre ei menneske-mamma der inne som var så trøytt, så trøytt. Og ute var det så kaldt, så kaldt. Mammaen hadde slett ikkje lyst til å gå ut i kulda berre for å finne ein ussel kjøpe-kalender. Då fekk det heller vere. Alt ho orka var å sitje slapp framfor pc-en og sjå på alle dei nydelege, heimelaga adventskalendarane som alle dei fine mamma-bloggarane stolt viste fram. Naturlegvis med alle 24 lukene fylte allereie. Menneske-mammaen såg og las til auget vart stort og vått. Og så gjekk ho og la seg.


Vi veit vel alle kva nissen gjorde? Han lista seg inn og fann fram til handarbeidskorga, der ein juleraud garnrest frå bestemors tid låg og venta, i lag med den gamle knappe-boksen. I  posen med arva babyklede låg ei stakkars, ufrivillig tova sparkebukse i ull. Nissen sette i gang, med saks, nål og garn. Som vi veit syr ikkje nissar like fint og sirleg som dei små hjelparane til Askepott, men nissar får jobben gjort, og det fort som svint. Og neste morgon, 1. desember, hang ei skeiv, men ferdig adventskalender-strømpe klar. 


Alt menneske-mammaen treng å gjere no er å bytte ut den grøne tråden med eit nytt tal kvar dag. Dét skal ho klare. Og spennande saker oppi strømpa blir det sikkert også ei råd med, skal du sjå.


Hjarteleg takk, vesle nisse! 




oppskrift: nissen
garn: raudt og grønt restegarn
stoff: feil-vaska (og dermed tova) sparkebukse frå Nøstebarn
pris: null kroner

PS: Den andre sparkebukse-foten kan eg kanskje lage strikkepinne-etui av? 
Eller bruke til å lage ei endå finare julestrømpe, heilt utan nisse-strekar?

28. november 2010

ARNE & CARLOS FOR SMÅFOLK - smashing ornaments



Julekulene til designar-paret Arne & Carlos ser ut å vere det kulaste kule for tida, både for strikkarar og i media, som her i  ein reportasje frå NRK.


Eg har enno ikkje bestemt meg om eg synest desse kulene er herlege eller harry... Og vil eg verkeleg spandere nesten tre hundringsar på ei bok med éi julekule-oppskrift...? (ja, dog med 55 ulike mønster). Medan eg funderer, og før eg i det heile har sett boka, har eg funne fram restegarn og laga ein sjølvkomponert barne-variant, som eg har døypt: "Snøkatt i adventsnatt".


Denne mjuke leikeballen i alpakka og ull kan både store og små kaste veggimellom når dét trengst i førjulsstria. Den som har lyst til å vere endå meir fiffig kan f eks putte ei bjelle inst i ballen (oppi ein kapsel først) - eller for dei ekstra modige og leikne utan for mykje krystall i heimen: Press ein sprettball inn i strikket før dei siste omgangane :-)


God advent!


Cool or kitchy? The knitted Christmas-ornaments in the new book of Arne & Carlos is really hot stuff in Norway right now. I have made my own smashing one, for all the children among us :-)






kule-oppskrift: Arne & Carlos (eg fann basis-oppskrifta i magasinet Mamma)
katte-mønsteret: frå den danske boka Hønsestrik
garn: Sterk (alpakka/merinoull/nylon) og dobbel tråd Tynn alpakka 
fargar: mørk lilla nr 817 (Sterk) og natur nr 101? (Tynn alpakka)
... pluss ein rest gyllengul silkeull frå Planzenfärberei Kroll til augene
garn-firma: Du Store Alpakka
fyll: ullflor
pinnar: 3 mm (2,5 mm nok endå betre, slik at fyllet ikkje viser gjennom maskene)



27. november 2010

VINTERHIMMEL - knitting the winter sky

No er eg i gang med ei sidelengs barnejakke - med så fine og sarte fargar at dei nesten er like vanskelege å fange på eit foto som den seine november-himmelen: Det ser kanskje berre grått-i-grått ut, men tru meg, her skin det av både røsslyng, isbrear og edelsteinar. Om alt går etter planen blir jakka ferdig til jul, eller vonlegvis i alle fall før klokka slår tolv slag på nyttårsaftan... 


Eg har ofte vore nedlatande mot månaden november, men no er eg i ferd med å skifte meining. Dette tomrommet mellom haust og vinter har opna for så (små, men) gode og fredelege stunder i år, ikkje minst med strikketyet meditativt i hendene :-)  


Tove i bloggen "Tankar frå ein kvardag" har fanga stemninga fint synest eg, i det nyskrivne diktet 
Alt kviler. Ein hyllest til november. Les og nyt før desember kjem!

I am knitting the winter sky right now: Both difficult to catch on photos, but this yarn is really sparkling in colours of nature, in it`s own quiet way. My plan is to finish this little side-to-side jacket before Christmas. 



24. november 2010

FLYGANDE RESTEGARN - my left over-yarn is flying



Det er vel på tide å presentere det kuletyggis-aktige vesenet som har flaksa rundt her i bloggen sidan opninga for akkurat ei veke sidan. Denne fuglen er eit typisk eksempel på det som skjer i djupet av garnkorga mi for tida: Nøste som er blitt stua vekk under stempelet "håplause" sprett no fram i pur glede! 


Men støvlaget låg lenge tjukt, ja. Denne sukkerty-rosa fargen var nemleg så sjokkarta at eg ikkje våga å strikke noko av det sjølv til dei søtaste baby-prinsessene i vennekretsen. Og det tisse-gule garnet i same kvalitet kom aldri lenger enn å få vere løvemanke på eit karnevals-kostyme. Slik er det når ein bestiller garn via Internett, og forelskar seg i farge-namn som "bringebær" og "gyllengul"...


Men hurra for Internett! På ein sveip gjennom blogg-verda innsåg eg også at garn kan brukast til noko langt meir enn å lage harmoniske og praktiske klesplagg: Dei sprøaste fargane passar nemleg perfekt til pynte- og kosedyr og andre raritetar! Ideen til restegarns-fuglen fekk eg først her, i bloggen Never Not Knitting - Flamingo.


Men sjølve mønsteret, Flamingo - Free Pattern! er det Susan B. Anderson som står bak, forresten den same dama som inspirerte meg til å strikke Silkesauen. Anderson foreslår å putte ein sprettball (!) inn i magen på flamingoen, og brukar piperensarar for å halde hovudet oppe, men eg starta forsiktig og puristisk, berre med rein og mjuk ull. Ein slik fugl er freistande for små hender og munnar, og då vil eg at han skal vere 100% ufarleg. Fuglen min vart ingen flamingo, men meir ein fantasi. Har lyst til å lage fleire i same stil - håplaust vakkert garn i andre fargar ligg og ventar!


What to do with crazy colors, hidden deep in the yarn basket? For a long time I had no answer, but then, thanks to all the nice knitting-blogs, I got inspiration to make toys and funny decorations, such as this little bird. 


oppskrift: "Flamingo" av Susan B. Anderson (men anna stil og farge på nebbet m.a.)
garn: 65% tussah-silke og 35% ull (plantefarga), 50 gr - 150 meter (fuglen veg 28 gr m fyll)
fargar: Himbeer (= bringebær nr 842) og Goldgelb (= gyllengult nr 812)
garn-firma: Pflanzenfärberei Kroll
... og til augene litt Tynn alpakka frå Du store alpakka (mørkegrøn melert = farge nr 146?)
fyll: oppklipte ullklede-restar og litt ullflor
pinnar: strømpepinnar 2,5 mm (normalt til dette garnet: 3-4 mm)

23. november 2010

KEISARENS NYE GARN...? - A fairytale fiber?



Då eg opna den fine babystrikk-boka Myk start av May B. Langhelle for første gong og las om "Mykeste myke jakke" byrja ordet kasjmir (cashmere) å sveve rundt som ei lysande, lita stjerne i bakhovudet mitt. Men eg gjorde ingenting med denne draumen, det var for abstrakt, og for dyrt. 


Ei god stund seinare var eg på reise, og oppdaga verdas koselegaste garn-butikk, med verdas nydelegaste eldre dame bak disken. Ho ville gjerne vise meg sin nyaste skatt: Små buntar med handfarga, tynt kasjmir-garn frå geiter i Indre Mongolia. Ja, kva anna kunne eg gjere då enn å vandre ut igjen, med 55 fjørlette gram i fargen "Blueberries & Plums", til den nette sum av 35 Euro...


Fargen er heilt etter min smak: djupt blåbær-blå med nokre fine skjær av plommeskal-lilla som dukkar opp av og til (kjem ikkje så godt fram på fotoet). Og garnet er mjukt, ja, uendeleg mjukt ... nesten litt ... slapt... Og tråden slitnar skremande lett - men heldigvis ikkje medan eg strikka. Eg er rett og slett temmeleg skuffa over kvaliteten, og spør meg sjølv om eg har hamna i den same fella som keisaren i eventyret? Eller kanskje var det forventningane mine som var for høge? Og pengepungen som vart så sørgeleg tom?


Men pulsvarmarane ser i alle fall bra ut, takka vere den fine oppskrifta  Blonde av Pinneguri på bloggen hennar Med pinner. Eg har berre endra bittelitt på "stripa" før mønsteret. Då eg la pulsvarmarane på kjøkkenvekta viste ho 14 gram! Det betyr om eg gir kasjmir-nøstet mitt ein sjanse til, og også strikkar litt kortare mansjett, kan eg klare å lage totalt 4 par pulsvarmarar! Då blir dette kanskje eit eventyr som endar godt likevel. 


For the first time I have knitted something in cashmere. But I must say I am quite disappointed about the quality. Soft, oh yes, but I find this yarn too unelastic and too breakable. But nevertheless I think I will give it another try later, maybe from another brand. 




oppskrift: Blonde av Pinneguri 
garn: Mongolian Cashmere 2-ply, 55 gr - 366 m (brukte 14 gr)
farge: Blueberries & Plums (nr 36)
garn-firma: Jade Sapphire Exotic Fibres
pinnar: to strømpepinnar 2,5 mm (hadde vore betre med 2,0 mm?)

21. november 2010

Å STRIKKE SNØFNUGG - knitting snowflakes

Det er berre litt over ein månad til julekvelden... I fjor kom det ikkje ei einaste heimalaga gåve frå mi hand, heller ikkje særleg mange julekort må eg innrømme. I år har eg lyst til å prøve meg på pulsvarmarar: Raske å strikke, treng berre litt garn - og lette å sende i posten. Det første mønsteret eg no har testa har det poetiske namnet "Schneeflocke" - Snøfnugg.


Silkesauen er naturleg nok begeistra: Garnet er ei blanding av ull og silke, plantefarga i Sveits. Herleg å strikke med! Men ikkje billeg, nei. Mønsteret var litt plundrete å få til: Lage 3 masker av 1 m, deretter strikke 3 m (vrangt) saman. Men øving gjer meister: På den andre pulsvarmaren dalte snøfnugga lettare og lettare, og skuldrane senka seg. 


Rom for forbetringar: Den isblå-aktige fargen er kanskje for kald til eit plagg som skal varme? Og ville glattstrikka mansjett sett finare ut? Blir litt for bastant med ribbestrikk før det meir sarte snøfnugg-mønsteret, synest eg. Eller kanskje enkel ribb hjelper (altså 1 r, 1 vr i staden for 2 r, 2 vr)? Eg har også lyst til å prøve alpakka-garn i dette mønsteret.


My plan for this Christmas is to make wrist warmers and fingerless gloves as small and easy gifts. The first pattern I have tested is called "Snowflake", in a beautiful blend of wool and silk, plant dyed in Switzerland. 


oppskrift: Pulsvarmar "Schneeflocke" av Seiden Atelier Gottlieben
garn: 50% ull og 50% silke, 125 meter per 50 gr (brukte 37 gr)
farge: jeans-nyanse nr 105 (plantefarga)
garn-firma: Seiden Atelier Gottlieben
pinnar: strømpepinnar 4 mm

17. november 2010

EIN BLOGG ER FØDD - a blog is born

Denne mørke november-kvelden skjedde det! Garnkorga rista slik på seg at Silkesauen vakna frå slumringa si. Men han var ikkje overraska. Det er han som har trekt mildt i trådane den siste tida, for å få fart på meg. Eg har nemleg ein haug av små strikke-prosjekt i korger og posar, i rotete kladdebøker og surrande rundt inne i hovudet. Så eg tenkte: Kvifor ikkje få litt orden på galskapen og samtidig dele idear og oppskrifter med omverda? Vel, no er eg i gang!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...