Og den djupe rosafargen til Svante kjem faktisk frå lus ...
No har samveret med Doris og Svante gitt meg votte-feber, og eg tenkjer fram mot jul og heimelaga julegåver. Kanskje er vottar ein god idé?
Men kva mønster og fargar skal eg gi meg i kast med no? Og kva garn er best, spesielt viss eg vil strikke tofarga mønster a la Selbu i tynt garn?
Og: finst den ultimate votte-boka ...?
Eg blir glad for alle votte-verkstad-tips!
"Vantar för alla årstider", utgitt av dei to svenske bloggarane Clara Falk og Kamilla Svanlund, vart ein fin start på hausten for meg, men no er eg altså svolten på meir! Her er forresten Raverly-sida til alle dei 27 oppskriftene i boka, førebels har dei lagt ut fleire foto på Raverly enn på heimesida, ser eg.
SVANTE av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"
garn: Riihivilla "Maahinen"
(er tynnare enn "Aarni")
i fargane "pink" (cochineal)
og "natural white"
pinnar: 2,5 mm (betre med 2?)
størrelse: dame
total-vekt: 63 gram
mine endringar:
*einsfarga ribbestrikk istadenfor mønstra mansjett
*fugl på framsida av tomlane
* andre fargar og anna garn
DORIS av Clara Falk
frå boka "Vantar för alla årstider"garn: Riihivilla "Aarni"
(er tjukkare enn "Maahinen")
fargar: grøne, raude og gule nyansar,
sjå detaljar på Raverly-sida mi
pinnar: 2,5 mm
størrelse: dame (men vart store pga tjukkare garn enn i original-oppskrifta)
total-vekt: 93 gram
mine endringar:
* tova vottane
få dei mindre
* andre fargar og anna garn
Takk for turen, Svante og Doris!