No er eg i gang med ei sidelengs barnejakke - med så fine og sarte fargar at dei nesten er like vanskelege å fange på eit foto som den seine november-himmelen: Det ser kanskje berre grått-i-grått ut, men tru meg, her skin det av både røsslyng, isbrear og edelsteinar. Om alt går etter planen blir jakka ferdig til jul, eller vonlegvis i alle fall før klokka slår tolv slag på nyttårsaftan...
Eg har ofte vore nedlatande mot månaden november, men no er eg i ferd med å skifte meining. Dette tomrommet mellom haust og vinter har opna for så (små, men) gode og fredelege stunder i år, ikkje minst med strikketyet meditativt i hendene :-)
Tove i bloggen "Tankar frå ein kvardag" har fanga stemninga fint synest eg, i det nyskrivne diktet
Alt kviler. Ein hyllest til november. Les og nyt før desember kjem!
I am knitting the winter sky right now: Both difficult to catch on photos, but this yarn is really sparkling in colours of nature, in it`s own quiet way. My plan is to finish this little side-to-side jacket before Christmas.
Vottelaugets jubileumsvott som påskemysterium
-
Vi fortsetter å feire tiårsjubileet for boka Eventyrvotter: I år blir det
påskevottmysterium!
*Vottelaugets jubileumsvott *kommer i 10 deler, første d...
for én uke siden