Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

20. februar 2011

OMATT OG OMATTATT - repairing, repairing

Med eitt sjukt barn - og eitt sprudlande friskt, men heimeverande barn, fordi alle dei tilsette i barnehagen var sjukmelde samtidig (!) - har den siste veka ikkje vore tida for dei store strikke-prosjekta. (Hm, når skal dén dagen kome, skal tru...?) Men inspirert av den framifrå Nøstebloggen, som no i februar har vøling som tema, har eg i alle fall bladd meg gjennom den velfylte reparasjons-korga mi, og fiksa og dekorert eit par-tre plagg. 


Sidan eg ikkje har symaskin i huset (men derimot eit aldri så lite hekle-kompleks), blir det til at eg tyr til strikking også når eg reparerer plagg. Ja, pluss litt sying for hand. Alt ved hjelp av restegarn. Først strikka eg eit BLÅTT KATTE-FJES for å skjule eit hol midt på magen på ein velbrukt silkeull-body:
Katte-fjes: Ideen henta eg frå dei blå katte-fjesa på skinntøflene. Men katten min fekk eit lurare smil :-) 
Det rosa hjartet og kne-lappane på buksa er frå tidlegare vøle-stunder. 


oppskrift på katte-fjes (mi eiga): 
Strikka runding først, dvs la opp 9 masker, strikka rundt i glattstrikk medan eg gradvis auka til 39 masker, felte så av. For å lage øyre tok eg opp 7 m langs kanten og felte gradvis til spiss. Repeterte for øyre nr 2. Tova så lappen lett ved å vaske og gni i vatn og ullsåpe, la han fuktig i spenn med knappenåler ( a la "blokking") over natta. Festa lappen på plagget med kastesting, sydde til slutt "ansiktstrekk" med tynn stoppeull (mørkeblått).

garn: Silkeull frå Askeladen/Nøstebarn, farge blå nr 359 (utgått?)
(valde silkeull fordi det er mjukt og sterkt, og fordi bodyen også er i silkeull)
pinnar: strømpepinnar nr 2 (for å få maskene tette)

oppskrift på det rosa strikka-hjartet (framme på buksa): 
fann eg på nettforumet Nybakt mamma, skrive av Marie: "Strikke hjerte?"

ROSA SOMMARFUGL: Bak på silkeull-buksa hadde eg frå før raskt snurpa saman eit hol ved hjelp av kvit stoppe-tråd (sidan eg ikkje hadde ein lyseblå farge som passa). No kamuflerte eg denne kvite "kokongen" ved å forvandle han til ein rosa sommarfugl, sydd med enkle sting. Det rosa garnet er restar frå Fantasi-fuglen eg laga i fjor. Eg splitta opp garnet opp for å få tynnare tråd. 
GRØNE KNE: Reparasjonen eg er funksjonelt mest fornøgd med er desse grøne knelappane. Eg har reparert fleire holete kne med slike lappar, men akkurat til denne grøne buksa/stillongsen laga eg to par lappar, eitt for innsida og eitt for utsida. Då vart lappane ekstra tjukke og gode, ja nesten som kne-beskyttarar. Elles har mine strikka lappar hatt lett for å bli for gjennomsiktige og "sprikete" (toving er sikkert ei god løysing, om lappane då ikkje blir for harde?). 


Den grøne ull-stillongsen er kjøpt utanlands hos ei verna bedrift (arbeidstrening) som syr miljøvennlege ullklede for både barn og vaksne. Og veldig kjekt og sympatisk: Eit par "sommarfugl-forma" buntar med stoppegarn i akkurat same farge som plagget følgjer alltid med:
Oppskrift, ovale (kne)lappar: "Olbogelappar" frå boka Strikk til Nøstebarn (s. 130) av Kathrine Gregersen. 










Garnet eg brukte: 2-tråds merinoull frå Askeladen/Nøstebarn i farge lys oliven, nr 335A -  strikka saman med det grøne stoppegarnet som altså følgde med ullbuksa.  



Vel, verken himmelstormande innovative eller spesielt vakre er desse raske reparasjonane mine, men eg må likevel seie: Hjartet rører seg med små sommarfugl-venger når eg ser og tenkjer over at såleis kan dei verdifulle yndlings-plagga våre brukast ei god stund til. 


Og no vart sanneleg reparasjons-korga tom, i alle fall for ullplagg. Herleg! 
Ooops.... Nei, så lenge var Eva i Paradis ... Her må visst stoppesakene fram igjen...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...