Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

24. desember 2013

JULA ER STRIKKA INN - merry mittens

Klokkene kling, og eg har nettopp festa dei siste trådane på eit par   fuglevottar, som no skal pakkast inn til ei lita jente på halvtanna år.

I fjor rakk eg berre éi heimelaga julegåve, denne gongen vart det sanneleg meir.

Eg har planar om å blogge litt om desse strikke-sakene i romjula, 
om eg då ikkje drøymer meg heilt bort ...

Ei god jul, fylt av englesong og varme, ynskjer eg alle!



oppdatert med strikke-fakta (januar 2014):
oppskrift: "Liten fuggel" av Jorid Linvik
garn: Riihivilla "Velho"
pinnar: 2 mm
størrelse: 1-2 år (litt store)
total-vekt: 26 gram

13. desember 2013

HJELP FRÅ LUCIA? Knitting help from a Saint?

Adventslyset vårt er allereie nådd meir enn halvvegs, medan eg sjølv har ei laaang liste med uferdige prosjekt før jul ... Dei tynne bambuspinnane er utslitne og skeive  - men eit svensk mønster og herleg garn lokkar meg vidare. 

Skal tru om dette kan trylle seg om til ei julegåve i tide? Viss ikkje, er det freistande å bruke det fine rose-diagrammet som julekort! For det er tanken som tél, er det ikkje ...?

Vel, eg (og du?) får håpe på ekstra hjelp frå Lucia og andre gode krefter no i desember. Ikkje berre til strikking, men til lysare tider for alle i stall og stove. Og kven var Lucia eigentleg ...? Bloggaren Anne på landet (As Almanakk) skriv fint om dette i dag! 

8. desember 2013

BLOMSTRING I DESEMBER - flower mittens

Før helga sat eg væpna med nåler og saks og syntest bittelitt synd på meg sjølv: Eg skulle kjempe mot eit bustete vrangside-troll, nemleg feste eit kaos av maaaaaange tråd-endar. 

To vottar låg framfor meg, strikka med elleve ulike fargar - og eg hadde droppa alle gode råd om innveving eller "spit splicing" undervegs. Sukk. 

Men det varte ikkje lenge før eg måtte le av meg sjølv. For dette var ikkje noko kaos, det var eit herleg fyrverkeri av fargar - det var ein fest! 

Eg hadde vore så heldig å bli invitert som test-strikkar av torirot, no var eg på oppløpssida, saksa klipte av den aller siste tråd-halen, og eg kunne endeleg snu rettsida til. Og der falda Blomekrans-vottane seg ut i all si prakt! 



Denne test-strikkinga av mønsteret "Blomekrans" har verkeleg gitt meg ny næring og fargeglede, no midt i vinter-mørkret. Desse vottane lyser opp på frukostbordet like mykje som dei to adventslysa mine i dag!

Alt garnet er frå "my stash" som det så fint heiter, og no har eg lyst til å grave endå djupare i lageret, for å skape fleire farge-gleder. Hjarteleg takk, torirot! 

oppskrift & fakta:
(lenke til Raverly)
garn: 
botnfarge: Isager Highland, farge "Ivory"
... pluss 10 ulike mønster-fargar frå diverse reste-garn: 
sjå detaljar på prosjektsida mi på Raverly
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre )
størrelse: medium 
total-vekt: 41 gram


Takk for farge-festen! Skål! 


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...