![]() |
Nærfoto: frå primstaven min, ein kopi frå Vågå, år 1649 |
Før kristen tid heldt dei gamle vinternatts-blotet denne dagen. Dei helsa vinteren velkomen, og ofra for eit godt år. Vinterkleda skulle takast fram og gjerast i stand. Vanlege primstavmerke var ein vott eller eit lauvfritt tre. Dagen spådde vinterveret: "Som vinterdagens ver er, skal vinteren verte". Frå vinterdagen skulle hestane også ha bjelle på. (Sitat frå fleire kjelder.)
På det øvste fotoet heng nokre av dei mange parlause vottane eg fann i skatte-jakta mi på familieloftet. Fleire er som du ser godt brukte, og tova i møtet med kalde og våte vinterdagar. Hm, kva skal eg gjere med desse vottane, skal tru? Kanskje lage ein adventskalender? I lag med diverse raritetar frå mitt eige vante-lager blir det ikkje noko problem å finne 24 stykke å tre på ei snor, trur eg :-)
![]() |
Min favoritt frå loftet. Nokon som veit kva mønsteret heiter? |