Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

25. september 2015

PÅ FUGLEJAKT - to catch a bird while knitting

Hausten kjem alltid med eit visst vemod, synest eg, ikkje minst når trekkfuglane flaksar forbi høgt der oppe på himmelen, på veg sørover.

Men då er det ikkje anna å gjere enn å finne fram garn og pinnar, og prøve å fange ein fugl eller to - i maskene! 

Eventyrfuglane mine frå babyvottane Tommelise (og Grantreet) er no sanneleg landa på ei hue.

Eg gjentok rett og slett vottediagrammet nokre gonger rundt "skallen", og dermed vart det eit passande hue-mønster. 

Å vere med i Vottelauget byr på mange gleder, ikkje minst at mjuke, herlege gåver plutseleg hamnar i fanget mitt. Dette fine, handfarga garnet frå Edinburgh hadde Ann med til oppvarminga vår før hagefesten hos Aschehoug i august. Sjølvsagt ville eg då strikke noko som er inspirert av boka vår!

Fleire har spurt meg kva slags fugleart eg eigentleg har laga. Vel, første gong fuglen dukka opp var på tommelen på Grantreet. Då tenkte eg på ei svale, fordi H. C. Andersen skriv at treet snakkar med svalene om våren.
 I eventyret om Tommelise er det også ei svale, som blir redda av Tommelise, og dei legg ut på ei luftig reise i lag. Men biologien har eg tolka temmeleg fritt, så det beste namnet er nok ein eventyrfugl.

Inspirasjonen kom frå fleire kantar, men ikkje minst frå tomlane på fuglevottane i den danske boka "Strik med nordisk tradition" av Vibeke Lind (1981, nyopptrykk 2013). Verkeleg ei skattkiste! 

Så, kva blir neste kapittel, skal tru ... Eit eventyrfugl-skjerf, kanskje?



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...