Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

6. mars 2016

Å STRIKKE EIT EVENTYREGG


"Det har jag aldrig provat förut, så det klarar jag säkert!" sa Pippi. 
Vel, eg hadde aldri strikka ein eggevarmar før, så då eg foreslo for dei andre i Vottelauget at vi kunne ha noko slikt som tema for mars, måtte eg sjølvsagt prøve ut om dette var liv laga. Her er resultatet!
Og det viser seg: Kan du strikke vottar, kan du også strikke eggevarmarar. Eller #eventyregg, som vi har døypt aksjonen vår. Og har du ikkje strikka vottar enno, kan eit eventyregg vere ein fin og lett inngang. Her treng du verken å streve med ein brysam tommel, eller bekymre deg for at lange trådsprang på innsida fører til at fingrar hektar seg fast. 

Mansjetten kan du også droppe. Eller kanskje kan nettopp mansjett-mønsteret bli til eit stilig eggevarmar?
På bloggen til Vottelauget kan du lese meir om aksjonen #eventyregg - og om reglane som gjeld om du vil delta i konkurransen med frist 31. mars. 
Slik strikka eg mine eventyregg:
Mine notatar er slett ingen fasit, men kan vonlegvis gi inspirasjon og praktiske tips - og kanskje har du endå lurare løysingar som du kan dele med oss?

Eg tok utgangspunkt i eit vanleg norsk hønseegg, men har du vaktlar eller ein struts i hagen må du sjølvsagt tilpasse størrelsen deretter ... 


:: Tommelise :: 
Det lettaste for meg var å starte med mitt eige design, nemleg babyvottane Tommelise. Det ferdige paret (blå) som er str. 3-6 mnd. viste seg å vere litt for smale til frukostegget mitt. 
Dermed la eg opp 2 ekstra kantmasker i gult på kvar side, for å få "eggevotten" litt breiare. Altså 40 m (istadenfor 36 m).

Bølgjemansjetten i starten droppa eg. Eg strikka istaden 3 riller i grønt (*1 omg vrangt, 1 omg rett* x 3) før eg starta på diagrammet. Eg følgde same felling som i oppskrifta, altså spiss felling a la Selbu. Til slutt pynta eg litt ekstra ved å brodere maskesting i rosa og grønt.

Garn: Rauma Finull
Pinnar: 3 mm
Strikkefastheit: 26 m/10 cm
Størrelse: breidde ca 7,5 cm (omkrets 15 cm) og høgde 10 cm


:: Reveenka/Harehopp ::
No visste eg at 40 m passa fint med mi strikkefastheit i Finull.
Eg fann fram diagrammet til Reveenka, og merka av hare-motivet, som går over 8 masker. 8 x 5 = 40 m. Først laga eg ein kort vrangbord over 5 omg, med *2 rette, 2 vrange".  Så var det harane sin tur. Desse har eg også prøvd ut på barnevottane "Harehopp". På eventyregget tok eg rundfelling, altså 1. omg. *3 m rett, 2 sm*. 2. omg: rett. 3. omg. *2 m rett, 2 sm" osv ... til eg hadde 8 m igjen.

Garn: Rauma Finull 
Pinnar: 2,5 mm (altså litt tynnare enn på Tommelise)
Strikkefastheit: 28 m/10 cm 
Størrelse: breidde ca 7 cm (omkrets 14,5 cm) og høgde 9 cm


:: Nordstjerna ::
No fekk eg lyst til å prøve ut mykje tjukkare garn, og fann fram to nøste med restegarn i Peer Gynt. Dette viste seg å passe perfekt til tommel-diagrammet på den vakre Nordstjerna av Wenche Roald. 

Tommel-diagrammet på 28 m + 1 ekstra kantmaske i kvar side = 30 m. 

Eg starta med ein kort mansjett, *1 rett, 1 vrang" over 3 omg. Deretter følgde eg diagrammet for tommel, og felte også på same måte som i oppskrifta. 

Garn: Peer Gynt frå Sandnes
Pinnar: 4 mm
Strikkefastheit: 22 cm/10 cm
Størrelse: breidde 7 cm (14 cm omkrets) og høgde 12 cm, altså temmeleg lang)

Neste gong vil eg nok ta to fargar med meir kontrast, slik at mønsteret kjem tydelegare fram. Og truleg ta 32 m (istadenfor 30 m).

:: Nøkken ::
Dei raude Nøkken-vottane har vore den store favoritten til 8-åringen min i vinter, og dei stirande augene måtte også få plass på eit eventyregg. Originaloppskrifta til Nøkken er Merete Jansvik Toft meister for. 

Eg la opp 40 m. Nøkken fekk påskegule tenner og grønskete skinn ved hjelp av fleirfarga vrangbord (som i oppskrifta på Grantreet), dvs *2 rette i gult, 2 vrange i grønt*. Auge-diagrammet plasserte eg med 3 masker avstand. Rundfelling som hos Judiths eggeluer. Og hårtustane drog eg gjennom ved hjelp av ei heklekrok.   

Garn: Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool (her handfarga av Ninapetrina og Dandelion Yarns). 
Pinnar: 2,5 mm
Strikkefastheit: 30 m/10 cm
Størrelse: breidde 6,5 cm (omkrets 13 cm) og høgde 9 cm. 




Desse heimestrikka eventyregga veg mellom 6-11 gram, altså perfekte prosjekt for restegarn. No er eg spent på å sjå kva for eventyregg andre klekkjer ut i vekene framover! Lukke til!





6 kommentarer:

  1. Festlig! Takk for instruksjoner!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, Veronica. Kanskje det dukkar opp eit eventyregg eller to frå deg også ...?

      Slett
  2. Så søte! Tipper det dukker opp mye fint etterhvert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord, Huldr. Det har allereie trilla inn ferdigstrikka eventyregg både på Instagram og i Facebook-gruppa ser eg, så det blir spennande å følgje med vidare!

      Slett
  3. Så søte.. Det ser så festli ut

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...