7. januar 2011

EG VIL VERE MONOGAM - ending old affairs

Eit nytt år: nye sjansar, nye draumar, nytt garn... Men nei! 
Først skal alle uferdige strikke-affærar avsluttast. Kors på halsen og på alle strikkepinnar!

Inspirert av nyttårs-innlegget til Unsepus på bloggen Innfall og påfunn (det er vel ho som også står bak nettbutikken Malsen og Mor?) har eg endevendt alle garnkorgene mine, på jakt etter gamle synder. Og målet er å strikke monogamt og ferdig før nye freistingar får overta. Når eg seier dette høgt og offentleg på denne måten, får eg større styrke til å gjennomføre!

Heldigvis vart haugen på benken ikkje så stor som frykta: Eit beige jakkeerme forsvann som opprekt garn allereie før fotoet vart tatt (Herleg! Å rekkje opp eit håplaust prosjekt er reine terapien! Og samtidig vart ein dyrebar rundpinne i rosentre frigjort frå maskene!) - og igjen låg tre små, men uferdige plagg:





Ein rosalilla vest (til venstre) som skulle ha vore bursdagsgåve til ein eittåring i november.  Vinterhimmel-jakka (i midten) som yngstemann ventar på, og: (til høgre) eit Mirasol-skjerf som skulle ha vore ei overraskande julegåve til niesa mi som elskar blått. Garnet er fint det, men Du store alpakka-mønsteret vart skuffande lite pent, og traudig å strikke, så like etter fotograferinga forsvann sanneleg dette prosjektet også, inn i eit opprekt nøste.

Dermed har eg berre to affærar igjen! Og dei skal eg kaste meg over med liv og lyst! 
For både vest og vinterhimmel-jakke skal vere avslutta kapittel, lenge før vårsola i bakkane blenkjer. 
Eg lovar...


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...