Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

10. september 2014

STRIKKE-TREFF MED YSOLDA - in Hamburg with Ysolda



Denne helga har eg lært meg å manipulere! Eg reiste til arrangementet Wollfest Hamburg, og fekk som ei av tjue heldige vere med på workshopen til Ysolda Teague: "Manipulating Stitch Patterns".

Ysolda frå Skottland sjonglerte og sjarmerte, og viste oss korleis vi kan lage eigne strikkedesign med klassiske hol- og flettemønster som utgangspunkt. Alt såg leikande lett ut då ho klipte og limte, strekte og  drog i diagramma på PCen. Eg diggar unge damer som henne når ho seier at ho elskar matematikk! 

Ho hadde også med seg ein fin bunke bøker til inspirasjon (m.a. av Barbara Walker), og med nyinnkjøpt, økologisk garn frå det tyske firmaet Rosy Green Wool valde eg meg ut ei japansk mønsterbok, og prøvde å  kombinere eit holmønster derifrå med ei tradisjonell flette. Ysolda kunne også vise meg og dei andre at det ikkje er noko problem å lage fine fletter sjølv om du har lagt igjen flettepinnen heime. Ysolda forklarar også trikset her.


Medan vi i gruppa sat fordjupa med kvar vår vesle, einsfarga prøvelapp, brukte Ysolda (sjølvsagt) ventetida til å strikke. Dette funklande fairisle-mønsteret skal bli til ein vest, fortalde ho. Men korleis fungerer eit slikt strikkebelte frå Shetland,  med rundstrikk på tre lange strømpepinnar ...? På heimesida hennar fann eg denne videoen med forklaring.

For meg som for det meste sit heime i sofakroken med strikket mitt, var dei i tre timane i lag med Ysolda Teague og dei tyske strikkedamene som ei god vitamin-dose no når hausten nærmar seg. Ysolda er hyggeleg og jordnær som "the girl next door", samtidig som ho er ein skikkeleg proff i faget sitt. 


Og då vi kom ut frå workshopen var strikkestjerna Stephen West  i full gang med å posere for fotografane. "Dansepartneren" i midten er handspinnaren Chantimanou, som tilliks med Stephen West også heldt workshop på Wollfest Hamburg


Medan mange av dei andre gjekk heim frå Wollfest Hamburg med bæreposane fulle av Wollmeise og Madelinetosh, var eg så nøktern (og fortumla?) at eg berre kjøpte desse tre beskjedne nøsta, pluss eit lite strikkehefte av Ysolda. Skal tru om det grønmelerte Shetland Spindrift-garnet er i akkurat same fargen som Ysolda har i fairisle-vesten sin? 

Om du vil sjå fleire foto frå  Wollfest Hamburg, kan du m.a. sjekke her, på bloggen til Tichiro (på tysk), på Wollfest-sida på Facebook og også her på Wollfest-tråden inne på Raverly. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...