23. oktober 2014

TREKNING ... OG TRØYST giveaway & new chances

Antrekket måtte sjølvsagt vere i orden då vi skulle trekkje vinnaren av Reveenka-garnet! 

Men før eg røper namnet, skundar eg meg å tipse om at det kjem fleire sjansar, både til å vinne e-boka vår "Votter fra eventyrskogen", og ulike garnpakkar som passar til. Sjå berre her, på fellesbloggen vår: Eventyrlige votter.

Eg fekk så mange fine og spennande kommentarar til loddtrekninga! Hjarteleg takk til alle! 

Og sidan desse nesten var like mange som talet på veker i året, klipte eg i ein gammal kalender for å ha med alle tala.

Vinnaren vart nr 33, hkangora/Heidi Kim (blogglenke)! Heidi Kim skreiv dette:

Har aldri strikket votter før, men nå må jeg snart i gang. Flott bok og mye inspirasjon :) O jeg 
skulle være så heldig å vinne, ønsker jeg meg Tumi pakken :)


Gratulerer, Heidi Kim! No treng eg berre postadressa di!

Peer Gynt-pakken får vente på ein annan vinnar, seinare!


18. oktober 2014

VINN GARN TIL DYRISKE VOTTAR - foxy yarn kits

Mønsteret Reveenka er mitt bidrag til e-boka Votter fra eventyrskogen. No kan du strikke dine eigne dyriske vottar, om du har lyst! Eg har sett saman to ulike garnpakkar (yarn kits), og du kan vinne éin av desse!

Peer Gynt-pakken til høgre: Denne pakken har nok garn til originalfargane i herremodellen av Reveenka (pluss raudt), men sjølvsagt kan du også bruke garnet både til dame- og barnevottar. 

Tumi-pakken til venstre: Tumi er det nye garnet frå Rauma, like tynt som Finullgarn, men er ein mix av 50 % ull og 50 % alpakka (dvs ein tynnare versjon av Mitu). I denne pakken er det meir enn nok garn til eit par damevottar med enten oker, kvitt eller raudt som botnfarge, pluss mønsterfargane. Eller om du vil: strikk barnevottar eller herrevottar! 

Alt garnet er frå mitt eige lager etter den store strikkesjauen i sommar, då eg dikta fram Reveenka, i tre ulike variantar: Dame- og herrevottar i Peer Gynt-garn, og barnevottar i Tumi. Mønsteret kan varierast i det uendelege, og du kan sjonglere både med diagram, fargar og garntype.


Tips: Inne på fellesbloggen Eventyrlige votter har eg i dag lagt inn ein aldri så liten foss med foto rundt dette vottemønsteret, og også fortald meir om historia bak. Der avslører eg også nokre av dei nye Reveenka-variantane som eg strikkar på akkurat no. 

Men vil du prøve å sikre deg ein garnpakke i den originale fargepaletten, må du leggje igjen éin kommentar her hos meg, altså rett under dette innlegget. Skriv kva for ein av dei to garnpakkane du helst ynskjer deg: Peer Gynt eller Tumi? Og om du vil: Fortel gjerne om ditt forhold til vottar. Strikkar du mange?  Kven strikkar du helst til? Eller har du aldri strikka vottar før? 

Kommentaren din må vere her seinast tysdag (21. oktober) før midnatt. Deretter trekkjer eg tilfeldig mellom alle som har kommentert. Det er berre éin vinnar. Garnpakken som då blir til overs, vil eg spare til ei ny loddtrekning  seinare i haust!

14. oktober 2014

VOTTEBOKA VÅR ER HER! - our mitten e-book is published

Ja, no har eg snudd primstaven min til vintersida! Der er det første symbolet ein vakker vott, dermed kan vi i Vottelauget i endeleg opne e-boka vår for heile verda!

Mitt bidrag til "Votter fra eventyrskogen" er tre ulike variasjonar over Reveenka (sjå under). Seinare i veka kjem eg til å vise fram endå fleire foto, og fortelje meir.

Men allereie i dag kan du sjå foto av alle dei sju ulike vottemønstera på
fellesbloggen vår, Eventyrlige votter. Sjølve e-boka er til sals via Raverly. Denne vinteren kjem i alle fall ikkje ég til å fryse på hendene! 


Reveenka: her er lenke til mønsteret på Raverly.

9. oktober 2014

HEMMELEG SOMMARSTRIKK - summer secrets in a jar

Sjølv om eg ikkje blogga så mykje i sommar, strikka eg desto meir. Men då var alt temmeleg hemmeleg. 

Kva for historier dette Norgesglaset skjuler, kan du lese meir om på bloggen Eventyrlige votter, for om nokre få dagar kjem e-boka eg har vore med på å lage!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...