22. november 2011

ROSENRAUD - blushing Rose

Det var ein gong ein bloggar som ville strikke fest-kjole til datoen 17. november. Ja, for kva passa vel betre når bloggen hennar skulle fylle 1 år akkurat same dag som ei lita venninne på 2!


Bloggaren strikka og strikka på den rosenraude gåva, og garnnøstet vart mindre og mindre, heilt til det forsvann. Men kjolen var enno ikkje ferdig ... 


Bloggaren raudna i kapp med den herlege fargen. For inne i den vesle eventyrverda hadde ho gløymt at det var noko som heitte prøvelapp og måle-stokk. Bortanfor sol og bakanfor måne trilla så eit heilt anna garnnøste fram - og dermed vart Rose-kjolen endeleg ferdig! 


Men ikkje passar Rosenraud til 2-åringen. Nei, slett ikkje, berre som rikeleg stor dyne, kanskje ... Men jenter veks, og heile verda er full av jenter - og snart er det jul - så det blir vel ei råd skal du sjå, tenkjer den raudkinna bloggaren. Og snipp, snapp snute, snart bankar nok nissen på ei anna rute. 


oppskrift: 
"Rose" av Helga Isager (ja, dottera til Marianne Isager)
frå heftet "Amimono. Knit collection 2010" 
- og finst visst også som kit på amimono.dk -
garn:
Nøstebarn 2-tråds merinoull, farge 22 "rød" 
(oppdatering 23. nov: denne fargen er utgått no, seier Nøstebarn, nr 21 "bringebærrød" er alternativet)
... dobla med Isager Alpaca 1 (100 % alpakka), farge nr 25 
Dei siste omgangane oppe på berestykket med Isager Alpaca 2 (åleine) (50 % alpakka, 50 % ull), farge nr 25
storleik:
2 år i masker, 6 år i centimeter...
pinnar:
nr 3, 3 1/2 og 4 mm
knappar:
oppskrifta seier 5 stk, eg synest 2 ser like fint ut
(og eg hadde ikkje fleire av desse gule heller :-)
Knappestolpen skal vere bak på kjolen, men eg trur framme kan vere like fint

11 kommentarer:

  1. Hehe, sånn kan det gå. Men fin var den!

    SvarSlett
  2. Gjenkjenner godt kreativiteten som slår inn til å endre litt under veis i stedet for å strikke prøvelapp! Den er verdifull:-)

    SvarSlett
  3. Men fiiiin! Uansett størrelse!

    Jeg må innrømme at jeg kjøpte heftet kun pga denne kjolen, men har ennå ikke strikket den. Men har strikket sjalet Camomille fra samme hefte, og det angrer jeg ikke på. Anbefales, selv om det er ganske lange omganger!

    SvarSlett
  4. Fin kjole, og kjempefin historie :)

    SvarSlett
  5. Hihi, for en koselig historie! Det er godt vi er flere med prøvelappangst her i blogglandia ;)

    SvarSlett
  6. Jeg har også oppskrift på denne kjolen, men jeg har ikke strikket den enda! Nøstebarn sitt rødt garn har gått ut dessverre, vet ikke hva de tenkte på egentlig!? Den var jo en nydelig farge!! Nydelig kjole du har strikket!

    SvarSlett
  7. Virkelig en flott rød kjole, det blir nok noen som blir glade for at du strikket den for stor.

    SvarSlett
  8. Det lages dessverre ikke fargestoffer som kommer igjennom Nøstebarns miljø og trygghetsmerkinger var forklaringen jeg fikk. Derfor er rødt og svart gått ut, men de håper at det skal komme tilbake en gang...

    SvarSlett
  9. Takk for fine ord! Til Monstermønster og Krisztina: Eg lurer om det er mange slike: som har oppskrifta, men enno ikkje har strikka kjolen...? Eg synest det er forbausande få "Rose"-prosjekt på Raverly f eks. Berre 14! Medan ein annan dansk designar som Rasmilla har mange fleire.

    Kanskje fordi originalen er strikka i ein veldig blass farge? Eller er det teknikken med "vandrette" masker som får folk til å gi opp? Eg streva litt i starten før eg forstod, men så var det berre moro. Dvs: vassrette masker tar tid... Eg synest denne effekten er finast på berestykket, der det berre er 1 omg vanleg strikk imellom.

    SvarSlett
  10. Til Anonymous: Takk for viktig info! Eg håpar ikkje dette betyr at fargen "rød" inneheld tungmetall, då kjem tungsinnet til meg...

    Dessverre bur eg langt frå ein Nøstebarn-butikk, så eg får ikkje sjekka fargen Bringebærrød - håpar han er minst like fin! Og vennleg mot hud og miljø.

    SvarSlett
  11. den røde du har er trygg, det var en liten produsent som ble utkonkurrert dessverre. bringebærrød er vel mer mørk rosa, ganske knall, erstatter nok ikke RØD, men en veldig kul farge!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...