Og kanskje er lilla/fiolett uansett litt "ut" som pynte-farge i heimen? Han er i alle fall ein særing som ikkje er så lett å kombinere med andre fargar enn kvitt og grått, eller kva seier du?
Mi nedteljing til advent var i alle fall å strikke denne lilla vesten.
Utgangspunktet var ein svært enkel, rillestrikka baby-vest som eg forma litt om, pluss at eg igjen henta fram ideen med ugle-striper frå vesten "Små grå" (Owlets and moles).
Men akk, alle dei skinande perle-augene som eg hadde tenkt å sy på ... Tolmodet tok slutt allereie etter to par, men å ha noko til gode er alltid godt, ikkje sant?
oppskrift, advents-vest:
av Susie Haumann, frå heftet "All you knit is love"
... med mine endringar (ugle-mønster og innsvinga erme-kantar)
garn:
Nøstebarn silkeull, farge: lilla
- dobla med Isager Alpaca 1, farge: nr. 013
total-vekt: 89 gram
pinnar: 3,5 mm
størrelse: ca 4 år
(la opp 110 m, dvs størrelse 12-18 mnd
i original-oppskrifta, som er med tynnare garn)
PS: Denne Arne&Carlos-inspirerte kula laga eg i fjor,
og døypte han "Snøkatt i adventsnatt"
(la opp 110 m, dvs størrelse 12-18 mnd
i original-oppskrifta, som er med tynnare garn)
PS: Denne Arne&Carlos-inspirerte kula laga eg i fjor,
og døypte han "Snøkatt i adventsnatt"