11. februar 2011

SIDELENGS FORELSKING - fascinating colours sideways

Eg må innrømme at eg ofte blir sjarmert av poetiske fargenamn når eg skal bestille garn, som då eg skulle velje fargar til mi første "Sidelengs jakke i sirkel", som no endeleg er ferdig! 


Isagers Højlandsgarn oppdaga eg takka vere bloggen til Monstermønster, og fotoet av hennar nydelege Høstlyng-jakke. Eg fall for den melerte effekten med ein gong, og då eg på nettet såg namna "Topaz" og "Robins Egg" i same serie, fann eg ut at desse to fargane skulle få lov til å kome heim til meg :-)


Og eg har ikkje angra! Melert garn blir eg meir og meir glad i: Det er ikkje så bastant som einsfarga garn kan vere, og med Højlandsgarnet er det moro å oppdage bitar av heilt andre nyansar inni tråden (tweed), som dermed kan matche ein heilt annan farge. 


Denne Vinterhimmel-jakka er den SISTE av dei gamle, uavslutta strikke-affærane mine frå i fjor. Hurra! Eg gav jakka namnet Vinterhimmel fordi fargane Topaz og Robins Egg i lag gir eit veldig avdempa uttrykk (vanskeleg å fange på foto!) - nesten som ein beskjeden norsk gråstein, som slett ikkje er grå når du ser nærare etter, men som glitrar svakt av røsslyng, isbrear og edelsteinar.


Sidelengs jakke i sirkel (gratis-oppskrift!) er ein klassikar som lenge har freista meg, og det har vore veldig moro å forme eit plagg ved  hjelp av forkorta rader (short rows), sjølv om eg nesten vart svimmel til slutt av alle dei sidelengse rillene, spesielt sidan eg brukte pinne nr 2,5... Inne på nettsamfunnet Raverly ser eg at mange har brukt tydelege kontrastfargar for å få fram stripe-effekten. Dei to fargane eg har brukt derimot er så like at det oppstår ein lys-skygge-effekt. Diskret, men veldig fint, synest eg. 


Ein klassikar, ja. Kor gammal er oppskrifta, skal tru? Og er ho norsk? Bloggen Innfall og påfunn har eit fint innlegg om Sidelengse rillejakker, også med ein liten foto-kavalkade av dei ulike variantane. 


rom for forbetringar: Jakka har ein tydeleg A-form, og minner meg meir om ei kåpe i snittet. Til min smågut på halvtanna år vart dermed jakka kanskje for feminin? Eg forstår heller ikkje proporsjonane heilt: Ermane vart veldig smale, men bolen (altfor) lang, og veldig vid og "slengete" nedst. Blokking har lenge vore nesten eit framandord for meg, men jammen var dette nyttig for å "presse" ut ermane slik at dei passa likevel. 


Irriterte meg også over at kanten nede vart temmeleg ujamn, spesielt i starten, før eg oppdaga at eg burde ta med "følgje-tråden" på ein fast måte heile tida. For dummies som meg hadde dette vore eit nyttig tips å nemne i oppskrifta, synest no eg. Men kanskje uunngåeleg at det blir litt ruklete i kanten når ein skiftar mellom to trådar i sidelengs rillestrikk? 


Men moro var det lell! Eg kan godt tenkje meg å bruke denne oppskrifta fleire gonger, gjerne i eit litt tjukkare garn (... så går det litt fortare ...), kanskje i alpakka? Eller kanskje ein sommar-variant i bomull?


oppskrift: Sidelengs jakke i sirkel, frå DropsDesign (gratis)
garn: Isager Højlandsgarn (lammeull frå Skottland) (50 gr - 280 m)
fargar: Topaz og Robins Egg
storleik: 12/18 mnd
veldig drygt: brukte totalt berre 97 gram (57 gram Topaz, 40 gram Robins Egg)
pinne: nr 2,5 (eg brukte 40 cm rundpinne i fram-og-tilbake-strikk)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...