Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

14. februar 2012

VARME BØLGJER - warm waves

Etter at "Mor Signes babyteppe" hamna i 60 grader-vasken (med vilje...) og kom ut igjen i dokke-versjon, har vi ikkje hatt noko heimelaga teppe her i huset. Men framskunda av sprengkulda - og ikkje minst inspirert av det imponerande koseteppet på bloggen til Sommerfuglen, har eg no endeleg festa dei siste trådane på teppet til minstemann: Dermed vart det dagens Valentin-gåve. 



Planen med teppet er 
å bruke det i barnevogna når toåringen blir trøytt og kald, og fargane er valde ut for å også passe til litt skit og sølevatn, som gjerne følgjer med på ferda. 

Orginaloppskrifta kjem frå DROPS Design, men eg forenkla ved å bruke færre fargar, og å bryte opp bølgjemønsteret med lengre "kvileskjær" av einsfarga rillestrikk. Godt for strikkaren, og også godt for auget med slike rolege felt, synest eg. 
God og hjartevarm Valentin ynskjer eg alle!

oppskrift:
DROPS teppe med bølgemønster (gratis frå garnstudio.com)
men med færre fargar, og område med berre rillestrikk mellom bølgjene
garn (= ull dobla med alpakka):
mørkebrunt: Isager Højlandsgarn farge "truffle" dobla med Drops Alpaca eco nr 0607m
lyseblått: Isager Højlandsgarn farge "topaz" dobla med Isager Alpaca 2 farge nr 019
natur: Nøstebarn 2-tråds naturbrun dobla med Drops Alpaca eco nr 2020m
pinnar: 3,5 mm (4 mm eller meir hadde vore kjappare...)
totalvekt: 515 gram
storleik: ca 90 X 105 cm

8. februar 2012

VILL ETTER VEST - Wild about vests

Eg blir visst aldri lei av å lage vestar! Eg trur eg snart må innrømme at dette er i ferd med å bli ein aldri så liten lidenskap... Men tenk om alt hadde vore så enkelt og sjelevarmande som ein barnevest kan vere det ein frosen vinterdag. 


No har eg prøvd meg på to nye -  og dejlig danske - oppskrifter, begge henta gratis frå nettet.  Og kanskje det aller beste: begge er strikka på rund-pinne! Garnet har lege og modna sidan i haust, då eg sporenstreks skaffa meg to av dei nye fargene til Nøstebarn, nemleg moldvarp og akvamarin. Spesielt moldvarp-fargen er fascinerande: Er han grå? Er han beige? Eller har han eit skjær av rosa-lilla-raudt? Hm, eg trur litt av alt - rett og slett som ein moldvarp! 

Oppskrifta på den akvamarin-farga-vesten heiter Babys uldne undertrøye, og originalen foreslår fram og tilbake-strikk, men her rista eg laust og følgde rådet frå Monstermønster, og strikka rundt, og i tillegg laga eg knappestolpe slik som Synnøve i bloggen - with 100% love - . Hjarteleg takk til begge! Eg elskar å fyke rundt på strikkebloggar for å fylle inspirasjons-tanken min!  


Eg lurer forresten på om Ein gul knapp no strikkar babyteppe av akkurat den same akvamarin-fargen? Det er ikkje så lett å få fram korrekt nyanse på fotoa her, men det eg diggar med denne fargen er at han er så lite sukkersøt, altså langt frå klassisk babyblå. Kanskje meir i retning brevatn...? 



For temmeleg nøyaktig eitt år tilbake laga eg Ein liten vest-kavalkade  (januar 2011), og no kan eg altså føye to nye mønster til favoritt-lista mi. Kven blir den neste vesten? Kanskje du har eit drivande godt tips ..??? 

oppskrift, akvamarin-farga vest:
Babys uldne undertrøye (gratis frå familiejournal.dk)
garn: merinoull 2-tråds frå Nøstebarn
farge: "akvamarin" (= nr 61) 
storleik: 1 år (= passa til min to-åring)
forbruk: 41 gram
pinnar: 3 mm (2,5 mm truleg betre)
knappar: treknappar med bork


oppskrift, moldvarp-farga vest: 
Babyslipover (gratis frå femina.dk)
storleik: 0-1/4 år i masker, 2 år (pluss litt til) i cm
for å passe til 2-åring. Vart meir enn stor nok
garn:
silkeull frå Nøstebarn (merk: eg dobla garnet)
farge: "muldvarp" (= nr 15)
forbruk: 93 gram (altså med dobla garn)
pinnar: nr 3 og 3,5 mm
knappar: trekanta perlemorknappar
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...