Frå grønt til raudt! Når eg først var i farta med den lett-strikka Cobblestone-genseren var det vanskeleg å stoppe: Dermed ser dei to smågutane ut som eit levande trafikklys for tida:-)
Genseren er så enkel å sjå til at eg spør meg sjølv om dette kan kallast noko så avansert som design? Men thanks a lot anyway, Jared Flood!
For å få den raude genseren litt større enn den grøne - utan å involvere innvikla matematikk - brukte eg akkurat same maske-tal, men let ein tynn alpakka-tråd følgje med ullgarnet, og la elles til nokre centimeter på lengda. Dette funka fint.
Neste gong får eg vel strikke éin til Onkel Blå, såleis blir primær-fargepaletten komplett!
oppskrift, raud genser:
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly)
størrelse: ca 4-5 år
pinnar: 3,5 mm
garn: Semilla fino (frå BC Garn) - dobla med Isager Alpaca 1
fargar:
Semilla fino: farge nr 116 (= raud, brukt 127 gram)
Isager Alpaca 1: farge nr 25/21 (= raud, brukt 56 gram)
... og på bryststykket: farge nr 59 (= gul, brukt 13 gram)
totalvekt: 183 gram
PS: Er det nokon som har lyst på ein liten kopp grøne nuppar...? Dette er dagens fangst frå den grøne (og velbrukte) Cobblestone-genseren. Semilla fino-garnet er mjukt og godt, ja, men altså ikkje nuppe-fritt. Eg er spent på om den nye, raude versjonen oppfører seg annleis, med den tynne alpakka-tråden strikka inn.