29. mars 2011

RETT I KOMPOSTEN - back to earth

Nei, eg har ikkje tenkt å slengje dette nystrikka sjalet i komposten (...for eg er i grunnen godt fornøgd med resultatet), men planterestane og alt anna avfall etter farginga av garnet går rett oppi kompostbingen heime hos The Natural Dye Studio i Suffolk. Og dei nye plantene som veks opp der, blir etne av både husdyr og ville kaninar. Kjekt å tenkje på, synest eg.


Dette vesle sjalet heiter Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos (men ho har brukt eit heilt anna garn), og det har vore ein sann fryd å lokke fram våren gjennom å strikke lauv etter lauv - 29 i alt - langs kanten. 

Takka vere Alana Dakos har eg no lært meg å lage usynlege forkorta rader (short rowsi glattstrikk, og eg har fått meirsmak på sjal! 





oppskrift, vårleg sjal:
Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos
garn: "Angel" 4ply/sock (70% babyalpakka,  20% silke, 10% kasjmir) 
- 100 gr = 360 meter - frå The Natural Dye Studio
fargar: "Bluebell" til sjølve sjalet (ca 40 gr), "Atlas" til lauv-kanten (ca 30 gr)
pinne: 3,5 mm



22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



19. mars 2011

HÅPET ER LYSEGRØNT... - hope in springtime



Å formulere noko fornuftig eller kvardagsleg er vanskeleg no, når folket i Japan - og også i Libya - er ramma av ufatteleg smerte. 
Eg kan berre seie eitt enkelt ord: Håp.

Her i min vesle, trygge kant av verda strikkar eg i alle fall på eit vårleg og optimistisk sjal, der lysegrøne striper lurer seg inn i den frostblå fargen. 


Garnet er plantefarga, og både bambus-rundpinnen og peike-fingeren min har fått eit blått skjær dei siste dagane. 


No er eg komen nesten halvvegs med den avsluttande lauvkanten, og eg satsar på å bli ferdig før vårjamndøgn (ikkje lenge til!), når natta og dagen er like lange over heile verda.




Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er –
Under open himmel. Over open avgrunn.

Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom –


"Innbying" av Tarjei Vesaas  (1897-1970)




7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...