2. juni 2013

STRIKKEPOSE-FEST! - knitting-bag party!

No har eg funne fram til vinnaren i strikkepose-trekningaDet var akkurat 30 fine svar til innlegget mitt, dermed leita eg fram Mummi-kalenderen min frå i fjor og klipte opp dei 30 dagane for juni. Og talet eg trekte ut vart 3! Så no veit de også at finsk og svensk namnedag for Orvokki og Viola er 3. juni. Men de vil kanskje heller ha namnet på vinnaren ...?

Vel, då seier eg gratulerer til Fuglemamma! Ein velfylt Raverly-pose kjem snart til deg i posten! Som de ser er garn-fargane inspirerte av dekoren på posen, og eg kan også røpe såpass at det finst både ull, alpakka, silke, bomull, kasjmir og til og med kamelhår i nokre av buntane. Ein aldri så liten fiber-fest med andre ord! 

Sist hinta eg også om at eg gir bort sjølve Raverly-posen  fordi eg no har byrja å sy mine eigne, super-enkle strikkeposar. Alt av gammalt stoff, altså redesign. På fotoet under ser de (frå venstre) det som ein gong var eit kjøkkenhandkle, eit buksebein, eit bukse-liv og ei barnepyjamas-bukse: 
Ideen til den kvite posen med hekla dekor på (nr 2 frå venstre, var ein gong beinet på sommarbuksa mi!) fekk eg frå den fine boka "Sikksakk. Sy barneklær av brukte voksenklær" av May B. Langhelle, og deretter spann eg vidare, og fann ut at eg kunne bruke øverste del av mi holete Noanoa-bukse til ein ny pose (i lys turkis, nr 3 frå venstre). Som de ser kunne eg dermed berre inkludere lommene som allereie var der. Og som snor valde eg eit gammalt måleband. Praktisk!

I går forsynte eg meg av pyjamas-buksa til yngstebarnet for å lage ein ny pose (den rosa til høgre), der dei umulege bananmos-flekkane forsvann bak ei grøn, applikert grein (... dvs eigentleg eit oppklipt kjøkkenforkle). Løpegangen i buksa gjorde eg ingenting med, den vart automatisk til opninga av posen!

Omtrent alt eg ser i klesskapet no får eg lyst til å sy pose av! Det er så moro! Med strikking startar du på null med berre éi maske, men når du syr ligg allereie stoffet der ferdig, alt du har å gjere er å sy nokre raske saumer - at dei blir litt skeive gjer ingenting, synest eg! Nøstebloggen har forresten også ei fin oppskrift på korleis du kan lage din eigen strikkepose. Men Langhelle sin "Dilldallpose" er pittelitt enklare. 

Neste gong har eg lyst å avansere litt, og prøve meg på ein strikkepose i "bøtte-form", altså ein som kan stå av seg sjølv, slik som f.eks. "Bucket tote" av ikatbag (gratis mønster), gjerne også med lommer både utanpå og inni. Eller kanskje har du eit betre tips? Kva brukar du som strikkepose, forresten? Fortel, fortel!

- Mamma! Kvar er yndlings-pyjamas-buksa mi? 
Du veit, den med dei rosa uglene på?
- Ehhh... Var ikkje den altfor liten til deg?
- Neeei! Og eg klarer ikkje å sovne utan den, veit du vel!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...