Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

29. november 2014

LYSANDE MASKER - shining stitches

Kven er det som sit der inne i varmen, medan snøfnugga dansar utanfor? Då eg bladde over til november i Kittelsen-kalenderen min, kom dette lysande biletet fram. Desse fargane ville eg også fange inn, i masker!

Og sanneleg: I fargepaletten til Holst Garn (Supersoft) var det full match med Kittelsen. Men istadenfor å strø endå meir pengar ut på nytt garn, bestemte eg meg for ta av Shetland-nøsta som allereie fanst i huset: "Marsipan" og "Brandy" frå Malsen og Mor, og "Coffee" frå Holst Garn  - litt av ein mektig mix å setje fram på bordet!


Og her er mørketid-skjerfet mitt, sånn cirka halvvegs. Eg hadde eigentleg planlagt eit enkelt skjerf med berre éin mønsterbord nedst på kvar side, og lettstrikka lus/snøfnugg på resten. 


Men det var så moro å prøve ulike variantar av mønsterborden, og då oppdage at både blomster, lauv og sommarfuglar kom fram, alt etter samansetjinga. Fargen Marsipan såg f.eks. temmeleg blass og beskjeden ut åleine, men på ein botn av mørkebrun kaffi lyser han verkeleg opp. 

Så kjære, lange mørketid: Istadenfor å forbanne deg, omfamnar eg deg med dette vesle skjerfet. Og vonlegvis blir det ferdigstrikka før våren kjem!

Merknad: 
Biletet "November" frå Aarets Maaneder (1890) av Theodor Kittelsen 
er henta frå wikiart.org (public domain)






7. november 2014

VOTT OG SINGELLIV - single mittens

Finst det ei moralsk lov som seier at vottar passar best som par? I tilfelle er eg ein notorisk lovbrytar. Eg går skamlaust rundt i byen med umake vottar, og no er dette syndige livet faktisk i ferd med å bli ein vane - som eg likar!

Kva med deg? Har du mange single vottar i skapet? 

Eg unnskyldar meg med at eg er ein del av "Eventyrlige votter"-teamet, der vi har teststrikka og eksperimentert både dag og natt. Då er pliktstrikk av vott nr 2 den store bøygen, for det er så moro å berre leike vidare, med andre fargar og nye garnsortar! 


Difor må eg innrømme at barnevottane "Bukkene Bruse", som eg teststrikka for Knitnetty/Wenche Roald, enno ikkje har fått matchande partnerar. Men eg var smart nok til å strikke éin høgrevott, og éin venstrevott, difor kan dei faktisk brukast allereie no, med hopp og sprett! 

Og dette er også mitt beste vottestrikk-tips: Gidd du ikkje å strikke ein maken vott med det same, så strikk i alle fall den neste for motsett hand! Vips, så har du eit vottepar klart når vinteren kjem.
Og Nøkken i blå lamull ser faktisk temmeleg fornøgd ut, sjølv om partneren er blodraud og full av hårete alpakka? 

Desse barnevottane teststrikka eg for Monstermønster/Merete Jansvik Toft, og å kunne spreie lusa fritt og uhemma som her, var herleg frigjerande! Slik blir faktisk ingen Nøkken-vott lik dei andre, uansett.
Og kva med desse tre single Reveenka-vottane i Tumi? Får dei nokon gong møte tvillingsjelene si, skal tru ...? PS: På prosjektsida til Reveenka på Raverly står fleire fakta om desse tre nye variantane mine.


Oppdatert 18. november: Det kan faktisk også lønne seg å strikke single vottar! Vi i Vottelauget delte impulsivt ut singelvott-prisen som ein av ekstrapremiane i den eventyrlege konkurransen vår, berre sjå her. (Og, ja - eg var med i juryen :-) Og her er blogginnlegget til Babben/Barbro, som vann denne prisen med ein vakker og lilla "Eventyrblomster"-vott!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...