24. november 2010

FLYGANDE RESTEGARN - my left over-yarn is flying



Det er vel på tide å presentere det kuletyggis-aktige vesenet som har flaksa rundt her i bloggen sidan opninga for akkurat ei veke sidan. Denne fuglen er eit typisk eksempel på det som skjer i djupet av garnkorga mi for tida: Nøste som er blitt stua vekk under stempelet "håplause" sprett no fram i pur glede! 


Men støvlaget låg lenge tjukt, ja. Denne sukkerty-rosa fargen var nemleg så sjokkarta at eg ikkje våga å strikke noko av det sjølv til dei søtaste baby-prinsessene i vennekretsen. Og det tisse-gule garnet i same kvalitet kom aldri lenger enn å få vere løvemanke på eit karnevals-kostyme. Slik er det når ein bestiller garn via Internett, og forelskar seg i farge-namn som "bringebær" og "gyllengul"...


Men hurra for Internett! På ein sveip gjennom blogg-verda innsåg eg også at garn kan brukast til noko langt meir enn å lage harmoniske og praktiske klesplagg: Dei sprøaste fargane passar nemleg perfekt til pynte- og kosedyr og andre raritetar! Ideen til restegarns-fuglen fekk eg først her, i bloggen Never Not Knitting - Flamingo.


Men sjølve mønsteret, Flamingo - Free Pattern! er det Susan B. Anderson som står bak, forresten den same dama som inspirerte meg til å strikke Silkesauen. Anderson foreslår å putte ein sprettball (!) inn i magen på flamingoen, og brukar piperensarar for å halde hovudet oppe, men eg starta forsiktig og puristisk, berre med rein og mjuk ull. Ein slik fugl er freistande for små hender og munnar, og då vil eg at han skal vere 100% ufarleg. Fuglen min vart ingen flamingo, men meir ein fantasi. Har lyst til å lage fleire i same stil - håplaust vakkert garn i andre fargar ligg og ventar!


What to do with crazy colors, hidden deep in the yarn basket? For a long time I had no answer, but then, thanks to all the nice knitting-blogs, I got inspiration to make toys and funny decorations, such as this little bird. 


oppskrift: "Flamingo" av Susan B. Anderson (men anna stil og farge på nebbet m.a.)
garn: 65% tussah-silke og 35% ull (plantefarga), 50 gr - 150 meter (fuglen veg 28 gr m fyll)
fargar: Himbeer (= bringebær nr 842) og Goldgelb (= gyllengult nr 812)
garn-firma: Pflanzenfärberei Kroll
... og til augene litt Tynn alpakka frå Du store alpakka (mørkegrøn melert = farge nr 146?)
fyll: oppklipte ullklede-restar og litt ullflor
pinnar: strømpepinnar 2,5 mm (normalt til dette garnet: 3-4 mm)

2 kommentarer:

  1. Så fin blogg du har! :) Her skal eg følgje med vidare! Kjempeflott at du linkar til mønster, inspirerande!! Hels silkesauen frå meg. :)

    SvarSlett
  2. Hei Susanne, velkomen til oss! Eg var inne på bloggen din no for første gong, og ser at du er ein ivrig heklar. Eg må innrømme at eg har eit aldri så lite hekle-kompleks... Kjem sjeldan lenger enn å hekle enkle kantar rundt strikkaplagg. Men snøkrystallane av Lucy vil eg jammen prøve meg på - instruktive foto! Lenker til fine mønster er kjekt ja, tusen takk tilbake til deg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...