Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

24. november 2012

HUE, LUE, MÖSSA - three hats

Små hovud treng vern mot Kong Vinter. Men kvar vart huene frå i fjor av ...? Dei er visst alle for små! Dermed fekk eg ein grunn til å teste nye hue-oppskrifter. Her er resultatet!

Den blå hua med grøn bølgje-kant er "Små vågor", som eg oppdaga på den inspirerande bloggen til Maria Carlander. Enkel, men likevel så fin! Og mixen av to fargar gjer den glimrande til å få brukt opp restegarn.

Dei to andre huene, altså dei med flettekant, er "Lue med øreklaffer" av Marte Helgetun. På den brune i rein alpakka følgde eg oppskrifta nesten frå A til Å (bortsett frå at eg m.a. droppa snorer til øyreklaffane), men på den raude brukte eg forkorta rader (short rows), istadenfor å lukke toppen med holrad og snor. Desse to skal nok halde både vind og snø borte frå små, sarte øyrer!

I dag sjekka eg også ordboka, og lærte at "lue" kjem frå norrønt lúva, som betyr "tjukt og tett hår". Dermed passar det bra at alle dei tre nye huene eg har strikka inneheld alpakka:  Som nettopp er hår, og ikkje ull! 

Dagens tips (men ikkje sponsa): Hos Marte Helgetun kan du vinne strikkepinnar i tre for ein tusenlapp om du sender inn foto av noko du har strikka av hennar design før 30.november.


oppskrifter:
garn: "Road to China Light"
(babyalpakka, kasjmir, kamel og silke!)
i fargane Blue Tourmaline (blå/turkis) og Malachite (grøn)
total-vekt: 27 gram
størrelse: ca 3 år (eg la opp 81 m)
pinnar: 3 mm

frå boka "I all enkelhet"
garn, brun hue:
"Drops Alpaca", dobla i fargen 0607m (pluss ein rest 0168 til snora)
total-vekt: 49 gram
størrelse: 4 år (vart stor, passar også meg!)
pinnar: 4,5 mm
garn, raud hue:
"Semilla fino" i fargen 116 dobla med "Isager Alpaca 1") i fargen 21/25
total-vekt: 34 gram
størrelse: 4 år
pinnar: 3,5 mm 

22. november 2012

RETT I FLETTA - cable knit crush

Eg har tørka støv av flettepinnen min! Kvifor let eg han liggje så lenge ...? Flettestrikk er då kjempemoro! Og slett ikkje så innvikla som ein kanskje skulle tru.

Den rustraude, vesle saka her på fotoet er straks ferdig - og då kan eg avsløre kva det er. Men i bakgrunnen ser du fronten på ein genser eg strikka til meg sjølv for mange år sidan.

No i flette-feberen har eg rota i gamle papir, og faktisk funne fram til oppskrifta eg brukte (nede til venstre), kalla "Genser med Aran-mønster", i eit KK anno 1990. Der fann eg også ei stilig vinter-jakke/kåpe (nede til høgre), men sjølvsagt manglar siste del av oppskrifta. Typisk. Kanskje eg får kontakte KK direkte, eller kanskje kan du hjelpe meg vidare...? Men den stakkars reven rundt halsen seier eg nei takk til, altså! 

OPPDATERING: Ja! Systro med bloggen Systerstrikk melder at ho faktisk har denne oppskrifta, og vil gi meg ein kopi! Heldige meg!

18. november 2012

BITTELITA STJERNE - a tiny star





 As your bright and tiny spark,
Lights the traveller in the dark.
Though I know not what you are,
Twinkle, twinkle, little star.

        (voggesong av Jane Taylor, 1806)

No har eg mi eiga, vesle stjerne her på bordet. Og sanneleg, eg veit ikkje heilt kva ho er:

For denne hua vart så bittelita at ho nok passar betre til ei dokke enn til ein nyfødd. Eller kanskje eg heller skal bruke ho som nålepute på knappe-glaset mitt ...? 

Uansett blir eg mjuk i hjartet av dette fine stjerne-mønsteret, så eg skal nok gjere fleire forsøk for å finne den rette babyhue-størrelsen. I ein varm raudfarge kan dette bli ei herleg julestjerne-hue, ikkje sant?

oppskrift:
(... og dén hua vart for stor!)
garn:
silkeull frå Nøstebarn i fargen "lyng" (forbruk: berre 10 gram)
pinnar: 2,5 mm

11. november 2012

ULNE UGLER - Ocean Owlets



Ugler flagrar rundt i hovudet mitt for tida! 

Og lyden av deira mystiske "uuuhuuu" er blanda med små bølgje-skvulp: Fargane akvamarin (frå Nøstebarn) og sjøskum (frå Pickles) låg nemleg i garnkorga mi og trygla om å bli blanda med kvarandre! Resultatet vart ein mild, grønblå melert genser - i yndlings-mixen min for tida: ull + alpakka.    

Det fine uglemønsteret til Katie Davies prøvde eg først ut i ein vertikal versjon på vesten "Små grå", men her er altså original-genseren til Davies (... med nokre små endringar av meg, sjå Raverly), omkransa av ugler rundt halsen. Min trufaste maske-markør passa som de ser perfekt til akkurat dette prosjektet!

Som vanleg tenderte eg mot minimalisme, og sydde berre på eitt par ugle-auge på genseren, istadenfor å måtte tømme heile knappe-lageret: 19 ugler med 2 auger kvar ville nemleg bety 38 knappar!

Nye ugler er allereie på pinnane må eg innrømme, så det er berre å følgje med! Har du ein dyrisk strikke-favoritt?


oppskrift:
...men med tynnare garn enn Davies foreslår,
eg brukte difor masketalet frå:
garn: 
Nøstebarn 2-tråds merinoull i fargen "akvamarin"
dobla med Pickles Pure Thin Alpaca i fargen "sjøskum"
pinnar: 3,5 og 4 mm
størrelse: ca 4-5 år
totalt forbruk: 193 gram



3. november 2012

FINE RUSK - small heartwarmers



Den poetiske strikkebloggen Rare rusk er ein av "påfylls-stasjonane" mine på nettet  - det er alltid ei sann glede å dvele der ei stund! 

Ho som står bak bloggen, Line, er også komen eit godt stykke vidare enn meg, ho publiserer nemleg eigne mønster! Og no har eg prøvd meg på to av vestane hennar, som har vårlege namn som "Spire" (til venstre) og "Lille gåsunge" (til høgre.) 

Eg starta på begge i god tid før sommarferien - altså før eg gjekk inn i den lange strikke-dvalen ... Men no har eg endeleg funne knappar, hekla kantar og festa trådar. Ferdig!

Oppskrifta "Lille gåsunge" (til høgre) følgde eg omtrent frå A til Å, i herleg og luftig alpakka-garn frå Pickles. 

"Spire" derimot flaug sin eigen, fantasifulle veg - og fekk ei totem-stripe med små ugler nedover brystet. Eg valde dessutan å berre bruke éin farge istadenfor tre, nemleg den spesielle moldvarp-fargen (vanskeleg å fange korrekt på foto!) i silkeull frå Nøstebarn.

Alle desse endringane gjorde at eg rota meg bort i skogen fleire gonger, og den som ser nøye etter vil nok oppdaga nokre (små) feilskjær og skjønnheitsfeil. Men vi får kalle det personleg preg...

Noko heilt anna som irriterer meg mykje meir er at eg ikkje har noko enkelt og godt fotobehandlings-program etter at picnik.com la ned før sommaren. 

Kva brukar de andre i bloggverda for å lage fine foto-montasjar, farge-korrigere og slikt? Eg blir glad for gode tips! Gjerne "rett frå nett". Eller så får eg vurdere å installere eit program. (PS: Eg brukar Mac.)



Vesten "Små grå" (Owlets and moles):
oppskrift:
ugle-mønsteret:
frå genseren "Owls" av Katie Davies
(...som eg laga i ein vertikal versjon)
garn: Nøstebarn silkeull
farge: "muldvarp" (mole)
(... og "lyng" og "lilla" til broderte ugle-auge)
forbruk: 59 gram (størrelse ca 3 år)
pinnar: 3 mm
knappar: perlemor frå lageret


Vesten "Vesle bølgje" (Waves and willows):

garn: Pickles Pure Thin Alpaca
farge: "sjøskum" (no utgått?)
forbruk: 68 gram (størrelse 3-4 år)
pinnar: 3,5 mm
knappar: kokos med farga glasur
No er det nok posering for i dag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...