Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

20. august 2011

TO TYNNE OG EIN TJUKK - thin stripes of sun


Kva gjer ein når ferie-strikket er pakka pent ned i bagasjen, men ein fryktar at garnet ikkje rekk? Eg slengde eit par tynne garnrestar på toppen av kofferten, og resultatet ser de her: 


Ei jakke med godt og tjukt 3-tråds-garn, "drøya" med striper i dobla 2-tråds restegarn.


Eg har døypt jakka Solstriper i brevatn, sidan eg synest den olivengrøne fargen nesten skiftar ham til gult i doblinga med breblå. Maske-magi! 


Nøstebarn-oppskrifta prøver eg her for første gong, og eg må innrømme at eg fekk litt startvanskar då eg oppdaga at den berre har éin størrelse og eitt garn oppgitt, nemleg for baby (ca 6 mnd) i 2-tråds tynn lammeull. Men eg ville gjerne lage ei slik jakke til to-åringen min, så hm, kva skulle eg gjere då? Sidan sommar-hjernen ikkje var heilt klar for matematikk valde eg ein ny, men enkel vri: eg strikka jakka i 3-tråds garn i staden for 2-tråds, og dermed også med tjukkare pinnar. Voilá, jakka passar perfekt! (...Ja, ho er endåtil litt for stor).


Original-oppskrifta foreslår heile tre ulike fargar i stripene, men eg valde altså heller ein mild "solstripe"-variant ved berre å lage éi enkelt farga stripe (dvs midt-stripa med 50 masker), i ein oppmjuka fargemix av 2-tråds restegarn i oliven blanda med grunnfargen breblå. 


Knappane er såkalla vintage, det vil seie gamle og slitte knappar (i tinn?) frå familiens knappeboks. Denne jakka er forresten mitt beskjedne bidrag til Sommarutfordringa på Nøstebloggen, der fristen går ut i dag.
oppskrift: 
"Babyjakke strikka i eitt stykke", 
frå boka Strikk til Nøstebarn av Kathrine Gregersen
her i min variant for større barn
garn: 
grunnfargen: 3-tråds breblå = nr 62 i Merinoull 
(300 m = 100 gr - eg brukte 130 gram) frå Nøstebarn
stripene: 2-tråds breblå dobla med 2-tråds lys oliven = nr 72 (600 m = 100 gr - eg brukte ca 13 gram av kvar)
pinne: 3,5 og 4 mm




9. august 2011

VEGEN VIDARE - how to move on ...

Kva kan ein seie no, etter 22. juli? 
Etter desse forferdelege dagane? 


Eg må innrømme at eg har hatt problem med å koble meg på "pludre"-tonen i bloggverda igjen. Korleis kan vi gå vidare som om ingenting hadde hendt? 


Eg har berre klart å vere enkelt til stades i kvardagen. Setje pris på fellesskap. Og å glede meg ekstra over dei bråkete, slitsame og skrikete små-prinsane mine, fordi dei to er så levande, så levande. 


Begge er sommarbarn, og fekk i år kvar si heimelaga bursdagskrone - superrask å strikke. Kan også brukast som varmande panneband når stripa på gradestokken kryp ned mot null.  Men dét er vonlegvis lenge til... 


Oppskrifta (gratis) har det innsnevra namnet Pannebånd for påskeprinsesser, men her er mine sommarlege og blå variantar: 
mørkeblå krone i bomull: 
garn: Pickles organic cotton
farge: "sommernatt"
50 gr - 90 meter, brukte 14 gram (str ca 4 år)
pinne nr: 4 
la opp 10 masker istadenfor 15

lyseblå krone i merinoull: 
garn: Leine Merino
2-tråds, 50 gr - 175 m, handfarga av Nina Tigerstedt
brukte 13 gram (str ca 2 år)
pinne nr: 3

Eg synest det tynne garnet (ull) fungerte best, då kunne eg lage fleire taggar, og dét ser finast ut, spør du meg. Ullkrona held seg også betre i fasongen enn bomullskrona, som fort utvida seg og vart levjete. Kanskje kan eg prøve å strikke eller sy inn ein elastisk tråd neste gong, for ei stretsjy bomulls-krone.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...