Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

25. april 2014

KYKELIPI - singing swatches


Pip-pip-prøvelapp!
Det kvitrar og syng, både ute på greinene, og inne på strikkepinnane mine for tida! Eg har fått dilla på fuglemønster, ikkje minst etter at eg laga det lange "Lerka"-skjerfet tidlegare i vår. 

Eigentleg er eg enno berre på prøvelapp-stadiet ( ... til ei hue kanskje, eller ein barnegenser ...?) men eg er så gjerrig på garnet - og på tida mi - at eg fann ut at eg ville bruke desse prøvelappane til noko nyttig. 

Dermed har eg plutseleg fått meg fleire par pulsvarmarar og ein godteri-skjular!


Godteri-skjularen (som eigentleg er mønsteret til tuppen på ein estisk vott) vart testa ut no i påska, og innhaldet fall i alle fall i smak! 

Denne tuppen kan kanskje også brukast som eggevarmar?


På desse mini-pulsvarmarane (med safran-gule kantar) har det norske "Lerka"-mønsteret fått selskap med eit estisk fuglepar. Eg fann fram mine tynnaste strømpe-pinnar til testen: 1,5 millimeter! 

Estland har så mange stilige mønster, og ikkje minst uvante og spreke farge-kombinasjonar! 

Då eg oppdaga den fine bloggen til Ülle frå Estland, og spurte henne om informasjon om gamle vottemønster, delte ho raust frå samlinga si på e-post. Seinare kom også eit nydeleg lite hefte, berre med fuglemønster, rett i postkassa til meg! "Muhu Linnud" er som ei lita diktbok å bla i, til dagleg inspirasjon! 
Ideen til desse påfugl-pulsvarmarane derimot, fann eg i den svenske boka "859 fåglar". Boka/heftet er berre i svart-kvitt, heilt utan tekst, og er ikkje så poetisk laga som "Muhu Linnud", men er fullstappa av fuglemønster (ja! 859 stykk!), henta frå gamle broderi, vevnader og strikk rundt om i verda.

Eg har altså samla meg eit fint lite "reir" med fuglemønster, og er berre så vidt i gang med ruginga (les: strikkinga)! Denne våren blir det meir fuglestrikk, ja! Har du eit favoritt-fuglemønster?


    1-2-3-4
    kykelipire
    5-6-7-8
    kykelipotte
    9-10-11-12
    kykelipoll
    12-11-10-9
    kykelipi

"Kykelipi" av Jan Erik Vold (1969)

Garn brukt til pulsvarmarane:
Shetland soft (frå Malsen og Mor), Supersoft (frå Holst Garn) og Tvinni (frå Isager)


16. april 2014

HUE-SPRÅKET - talking hats

Utan å vite det har eg lage ei sjekke-hue for påska! Då eg hadde festa trådane på første heilgrøne hua eg har strikka nokonsinne, kunne eg nemleg lese dette på nett-nyheitene: "Ingen spøk å gå med grønn lue" (nrk.no)

Det som starta som ein april-spøk, er no blitt eit meir eller mindre seriøst turtips frå Turistforeningen. Eg noterer: "Skal du på fjellet i påsken? Husk å ta med grønn lue hvis du er singel, rød lue hvis du er opptatt og oransje eller gul lue hvis du kanskje er åpen for kontakt."

Ok! Eg har faktisk heile denne "relasjons"-paletten klar! Var det underbevisstheita som arbeidde for meg ...? For det er vel ingen som no trur meg når eg seier at eg rett og slett berre likar å lage einsfarga huer i struktur-strikk? Men heldigvis, fargane stemmer: 6-åringen er singel, ok - det blir grønt! Og 4-åringen er open for kontakt, ja! Det blir gult! 

Uansett, vi skal ha bypåske i år, langt borte frå snøfnugg og skiløyper, 
så eg veit ikkje om det same hue-språket gjeld her nede på flatmark? 

Kva farge skal du ha på hua di i påska? 
Eg trur eg skal strikke meg ei ny hue, og den skal vere blå!
Snakkande huer: Betyr dette (frå venstre) opptatt, søkjande og singel?  Eller er det kanskje rett og slett skjult reklame for Kvikk Lunsj? Eller kanskje eit heimesnekra forsøk på trafikklys?
fakta, grøn hue:
garn: "Cheeky Merino Joy" frå firmaet Rosy Green Wool (økologisk)
farge: nr 054, Lucky Clover/Glücksklee (firkløver)
pinnar: nr 3
størrelse: tilpassa ein 6-åring, 
dvs la opp 128 masker
(originalen er dame-str)
total-vekt: 44 gram

lagt til 18. april:
fakta, raud hue:
oppskrift: "Candle flame hue" av Maisha (dansk, gratis)
garn: Artesano 4ply alpaca (100 % alpakka)
farge: nr 1532, Chile
størrelse: dame (eg la opp 100 m til kanten, auka til 160 m før flamme-mønsteret)
pinnar: 2,5 mm (kant) og 3 mm (mønster)
total-vekt: 48 gram

fakta, gul hue:
oppskrift: "Liam's Loops Hat" av Annina Päivärinta (gratis, via Raverly)
garn: Pickles Thin Alpaca (lagt dobbelt)
farge: Gurkemeie
størrelse: dame/stort barn
(dvs 4 repetisjonar av flettemønsteret i høgda.
Eg har også strikka ei hue med berre 3 repetisjonar, 
og det  vart ei barnehue str ca 4 år.)
pinnar: 4 mm
total-vekt: 65 gram
Topp-tur: Det er så moro å felle toppen på ei hue,
spesielt når det dannar seg så stilige mønster som her!

8. april 2014

SPINNEOLJE: GRØSS ELLER GREIT? - spinning oil, awful or alright?

Spinneolje-restar i garn, kva er dét ...? 
For ei god stund sidan trilla det første nøstet "Holst Supersoft" ut av postkassa mi, bestilt frå Danmark. Fargen var nydeleg og fint melert, men - nøstet lukta så rart? Og garnet kjentest så hardt og livlaust ut? Kvifor kalla dei dette då "soft"??? 

Eg sjekka på nettsida deira igjen, og las: "Bemærk: Garnet indeholder en lille smule spindeolie og leveres uvasket. Spindeolien forsvinder ved første vask."

Hm. Spinneolje? Eg fann ikkje ordet i den norske ordboka eingong! Og nøstet vart berre liggjande (eg trur eg faktisk eg gav det bort til slutt). Men samtidig med nøstet hadde eg bestilt det fantastiske fargekartet til Holst, med nesten 100 ulike fargar! Korleis kunne eg la vere å prøve igjen? Og så dukka Malsen og mor opp, med det like freistande Shetland soft - og allslags lekre ferdigstrikka plagg med denne garn-typen spreidde seg på norske bloggar.

Dermed sette eg ei klype på den fordomsfulle nasa mi, og bestilte fine fargenamn som "isfugl", "marsipan" og "eplekjekk". Men garnet lukta likefullt som ein sykkel-verkstad om våren, og var like hardt og livlaust som før. Så surfa eg ei stund og funderte, og bestemte meg for å prøve Monstermønsters Nøstevask!



Og sanneleg, det fungerte! Og nøstet vart ikkje "flokete" heller, sjølv om eg sentrifugerte det temmeleg grundig (på ullvask). Men lukta av spinneolje forsvinn likevel ikkje heilt, og garnet kjennest heller ikkje heilt "supersoft" ut for meg før etter minst to omgangar vask av det ferdigstrikka plagget (prøvelapp). 

Kva synest du om spinneolje i strikkegarn? Er det greit eller grøss? Eller kanskje elskar du nettopp denne overgangen når det ferdigstrikka plagget "blomstrar opp" etter vask? 

Eg er ingen spinneri-ekspert, så eg lurer på kvifor nokre garn blir selde med spinneolje, og andre ikkje? Er det eit kostnads-spørsmål? Og er det betre for miljøet at spinneria droppar denne ekstra vasken? (Det einaste eg har forstått som eit pluss med spinneolje i ferdig garn, er til bruk i strikkemaskin?)


Blir glad for alle gode svar og tips etter dette drysset mitt med spinn(e)ville spørsmål!
Eit nyvaska "Isfugl"-nøste i handa er betre enn
ti spinnville på taket! 


30. mars 2014

LERKENE JUBLAR - The Lark-mitten changed into a scarf

Dette er historia om den vesle votten som vart til eit skjerf. Eller kanskje til ein dekorativ klokkestreng? Eller til sovepose for eit slangemenneske ...? 

I alle fall kan i alt 32 lerker i ulike blå-tonar no flagre rundt halsen min når eg er ute og lengtar etter våren. Så eg trur eg kan kalle dette plagget eit ekte skjerf.

Det heile starta med at eg ville prøve meg på det gamle (norske?) vottemønsteret "Lerka", som Annepålandet skriv fint og nostalgisk om i blogg-innlegget "De aller, aller første".
Men då mansjetten var ferdig, var eg slett ikkje i humør til å gi meg i kast med ein tommel-kile, så eg bestemte meg for å berre konsentrere meg om fuglane, rundt og rundt. Og kalla prosjektet for "prøvelapp".

Samtidig fekk eg nemleg lyst til å teste ut kva som kunne vere det perfekte bakside-mønsteret til slike Lerke-vottar. Dermed vart det fleire og fleire runder, og fleire og fleire fuglar - nokre lyseblå, nokre mørkeblå, nokre oppned til og med - heilt til tolmodet sa stopp ved sånn cirka 120 centimeter. Då hadde eg altså 16 lerke-par og eit varmt og dekorativt (og kanskje litt merksnodig) skjerf! 





Å nei, eg høyrer lerka
for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel 
ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta, 
og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen 
han kvitrar like fullt.

Anders Hovden (1895)






fakta, Lerke-skjerfet:
min eigen idé, men fugle-mønsteret er bygd på vottane
Lerka frå den norske boka "Votter og vanter" (1955)
(Eg endra diagrammet litt: 
m.a. er mine lerker bittelitt feitare og rundare, 
og tettare på kvarandre)
oppdatering 31. mars: 
boka "Votter og vanter" kan lesast på bokhylla.no via Nasjonalbiblioteket 
(men berre tilgang for norske IP-adresser) 
garn: 
mørkeblått med nyansar: Kauni farge "EL" (53 gram)
lyseblått: Pickles Pure Wool farge "isbre" (43 gram)
pinnar: 3 mm 
totalvekt: 95 gram
mål: 10 cm X 120 cm



22. februar 2014

SIBBERN-SKJERFET - "Norwegian Knitting Designs"-scarf

Eg har laga eit skjerf til ære for henne som på 1920-talet reiste rundt i landet vårt og samla inn strikkemønster: Annichen Sibbern (gift Bøhn). 

Eg har rett og slett prøvd å strikke meg gjennom flest muleg av diagramma hennar frå den vesle boka "Norske 
strikkemønstre" -  i eitt og same plagg. Så systematisk (og sprøtt) har eg vel aldri arbeidd meg gjennom ei bok før!  
Dessverre (sukk!) har eg ikkje den norske originalutgåva (frå 1929 og seinare), men
"selbuvott-entusiasten" Terri Shea har fått eit amerikansk forlag til å trykkje opp den engelske versjonen frå 1965 på nytt, pluss at ho har skrive eit eige forord og etterord - og vel også lagt inn ein del nye foto etter det eg forstår. 

Eg vart veldig inspirert då eg fekk ideen om å vandre gjennom (litt av) den norske mønster-historia på denne måten, og la i veg i raskt tempo, men etter ei stund fekk eg temmeleg kalde føter: Oi, ville ikkje dette bli veldig kaotisk og rotete når eg berre hoppar frå mønster til mønster? 

Men no når eg slynger det ferdige resultatet - 139 cm langt - rundt halsen synest eg det er overraskande harmonisk. Å berre bruke to fargar var nok lurt. Og takka vere rør-forma er Sibbern-skjerfet også fyldig og lunt, spesielt på ein sur og vindfull februar-dag som denne. Takk, Annichen!

Vikle, strekkje, dandere ... Sidan eg ikkje er så glad i å posere sjølv på foto, tok eg skogen i bruk! 

Strikke-fakta, "Sibbern-skjerfet":
Mønster:
Idéen er min eigen, men dei ulike diagramma er henta frå boka 
"Norwegian Knitting Patterns" (2011), 
som er bygd på "Norske strikkemønstre" av Annichen Sibbern Bøhn.
Garn: 
raudt: Isager Tvinni Tweed nr 32s (ca 80 gram)
kvitt: Isager Tvinni nr 0 (ca 40 gram)
pinnar: 2,5 mm (på rundpinne 40 cm).
totalvekt på skjerfet: 118 gram

mål: 139 X 14 cm

13. februar 2014

HER STRIKKAR EG - my knitting nest at home

Inspirert av Monster-mønster avslører eg i dag mitt vesle strikke-hjørne her heime under skråtaket. 

Ein interiør-bloggar blir eg nok aldri - ikkje minst fordi eg då måtte ha rydda i timevis først! Men når sola skin inn gjennom vindauget, og jule-amaryllisen endeleg slår ut i all si prakt, ser det slett ikkje verst ut akkurat her. 

Denne oransje tosetaren er eigentleg ein vulkan, full av glødande lava (i følgje dei to gutane mine), perfekt til hopping, dinosaur-brøling og putekrig, men når eg er åleine i huset er dette det fredelegaste hjørnet i heile verda. Så her strikkar eg. Og tenkjer glupe tankar.


Kva for utstyr treng eg ved sidan av meg? (Ja, bortsett frå sjokolade, pc og mobil, som er pent flytta vekk ...) Kaffi så klart, dessutan strikkepinne-mappene mine, måleband-sauen min (som er så velbrukt at han dessverre har mista hovudet) og skrivesaker. Pluss gjerne ein fin haug med garn-posar og -korger spreidd rundt omkring på golvet til inspirasjon.

Og kva strikkar eg på akkurat no ...? Eit altfor langt erme? Ei altfor kort, men veldig spesiell strømpebukse til meg sjølv?
Nei, eg kan berre røpe at eg enno ikkje er komen halvvegs. Men følg gjerne med, eg håpar å kunne vise det ferdige strikket i løpet av denne veka  snart! 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...