22. februar 2014

SIBBERN-SKJERFET - "Norwegian Knitting Designs"-scarf

Eg har laga eit skjerf til ære for henne som på 1920-talet reiste rundt i landet vårt og samla inn strikkemønster: Annichen Sibbern (gift Bøhn). 

Eg har rett og slett prøvd å strikke meg gjennom flest muleg av diagramma hennar frå den vesle boka "Norske 
strikkemønstre" -  i eitt og same plagg. Så systematisk (og sprøtt) har eg vel aldri arbeidd meg gjennom ei bok før!  
Dessverre (sukk!) har eg ikkje den norske originalutgåva (frå 1929 og seinare), men
"selbuvott-entusiasten" Terri Shea har fått eit amerikansk forlag til å trykkje opp den engelske versjonen frå 1965 på nytt, pluss at ho har skrive eit eige forord og etterord - og vel også lagt inn ein del nye foto etter det eg forstår. 

Eg vart veldig inspirert då eg fekk ideen om å vandre gjennom (litt av) den norske mønster-historia på denne måten, og la i veg i raskt tempo, men etter ei stund fekk eg temmeleg kalde føter: Oi, ville ikkje dette bli veldig kaotisk og rotete når eg berre hoppar frå mønster til mønster? 

Men no når eg slynger det ferdige resultatet - 139 cm langt - rundt halsen synest eg det er overraskande harmonisk. Å berre bruke to fargar var nok lurt. Og takka vere rør-forma er Sibbern-skjerfet også fyldig og lunt, spesielt på ein sur og vindfull februar-dag som denne. Takk, Annichen!

Vikle, strekkje, dandere ... Sidan eg ikkje er så glad i å posere sjølv på foto, tok eg skogen i bruk! 

Strikke-fakta, "Sibbern-skjerfet":
Mønster:
Idéen er min eigen, men dei ulike diagramma er henta frå boka 
"Norwegian Knitting Patterns" (2011), 
som er bygd på "Norske strikkemønstre" av Annichen Sibbern Bøhn.
Garn: 
raudt: Isager Tvinni Tweed nr 32s (ca 80 gram)
kvitt: Isager Tvinni nr 0 (ca 40 gram)
pinnar: 2,5 mm (på rundpinne 40 cm).
totalvekt på skjerfet: 118 gram

mål: 139 X 14 cm

15 kommentarer:

  1. For en morsom ide! Og som du sier, i to farger ble det ikke rotete, absolutt ikke.
    Jeg har gleden av å ha originalboka, fått i gave av datteren til en storstrikker som visste at jeg ville sette pris på den. Det er stas. Både at den har historie, og litt personlig historie og.

    SvarSlett
  2. Sikke en god ide, og I har så mange fine mønstre med historie :)

    SvarSlett
  3. Kan tenke meg det var en del jobb med det der, ja. Nydelig, ble det! :)
    God helg!

    SvarSlett
  4. Utrolig kreativ ide med flott resultat!

    SvarSlett
  5. For en herlig idé! Et stykke norsk kulturhistorie rundt halsen - ikke verst :)

    SvarSlett
  6. Svar
    1. Til alle som har kommentert her: hjarteleg takk for fine ord!
      Ja, no er eg frista til å kaste meg over ei ny bok på same måte!

      Slett
  7. Det var jo en veldig god idé, og med to farger ble det veldig gjennomført og pent! Jeg har mange ganger prøvd å få tak i originalboken, men så langt har jeg ikke hatt hellet med meg. Er det engelske opptrykket verdt å investere i, tenker du?

    SvarSlett
    Svar
    1. Til innfall: Ja, kva skal eg seie til dette bok-spørsmålet ... Om eg kunne velje hadde eg heller kjøpt den norske original-utgåva, rett og slett fordi den er autentisk. I dette engelske nyopptrykket blir eg usikker på kva som er originalt, og kva som er nytt (fotoa f eks), og det irriterer meg litt (sidan eg ikkje har original-utgåva og kan samanlikne).

      Men samtidig er det supert at dagens lesarar og strikkarar (også engelsk-språklege) på denne måten får tilgang til boka! Terri Shea har skrive eit lite forord og etterord også.
      Det er forresten ei lita bok, mest som eit hefte.

      Det perfekte (for meg) hadde vore om eit norsk forlag kunne trykkje opp boka på nytt, heilt som originalen, pluss inkludere eit grundig portrett av Sibbern Bøhn, gjerne også litt om kva arbeidet hennar har hatt å seie for ettertida.

      Terri Shea har forresten skrive ein lengre artikkel om livet til Sibbern Bøhn på nettsida til Interweave, ser eg. All ære til henne for det:

      http://www.interweave.com/needle/projects/Norwegian-Article-100802.pdf

      Slett
  8. For en herlig ide og tanke:)
    Flott arbeid, skjerfet ble nydelig! Tenk å gå med norsk strikkehistorie rundt halsen, det er jo rene oppslagsverket!
    Ikke ble det rotete heller, bare nydelig og mønstrene kom godt frem med de fargene du har valgt.
    Du er god du:)

    SvarSlett
  9. Det var et flott stykke arbeid med nydelig resultat!

    Jeg har omsider somlet meg til å trekke en vinner i det som skulle være adventskalenderlotteriet på bloggen min. Og tenk, den tilfeldige nummer-generatoren på internett ville at du skulle få den lille gaven jeg hadde planlagt. Sender deg en epost jeg. ;-)

    SvarSlett
  10. Til Fuglemamma: for ei herleg overrasking! Og no er "ringen sluttet", ja!
    Eg har nemleg ikkje gløymt at du var vinnaren i strikkepose-trekninga mi i fjor sommar!

    SvarSlett
  11. Flott skjerf! Det var sikkert lurt å holde seg til to farger, da blir skjerfet mer helhetlig selv om det er mange ulike mønstre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...