30. mars 2014

LERKENE JUBLAR - The Lark-mitten changed into a scarf

Dette er historia om den vesle votten som vart til eit skjerf. Eller kanskje til ein dekorativ klokkestreng? Eller til sovepose for eit slangemenneske ...? 

I alle fall kan i alt 32 lerker i ulike blå-tonar no flagre rundt halsen min når eg er ute og lengtar etter våren. Så eg trur eg kan kalle dette plagget eit ekte skjerf.

Det heile starta med at eg ville prøve meg på det gamle (norske?) vottemønsteret "Lerka", som Annepålandet skriv fint og nostalgisk om i blogg-innlegget "De aller, aller første".
Men då mansjetten var ferdig, var eg slett ikkje i humør til å gi meg i kast med ein tommel-kile, så eg bestemte meg for å berre konsentrere meg om fuglane, rundt og rundt. Og kalla prosjektet for "prøvelapp".

Samtidig fekk eg nemleg lyst til å teste ut kva som kunne vere det perfekte bakside-mønsteret til slike Lerke-vottar. Dermed vart det fleire og fleire runder, og fleire og fleire fuglar - nokre lyseblå, nokre mørkeblå, nokre oppned til og med - heilt til tolmodet sa stopp ved sånn cirka 120 centimeter. Då hadde eg altså 16 lerke-par og eit varmt og dekorativt (og kanskje litt merksnodig) skjerf! 





Å nei, eg høyrer lerka
for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel 
ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta, 
og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen 
han kvitrar like fullt.

Anders Hovden (1895)






fakta, Lerke-skjerfet:
min eigen idé, men fugle-mønsteret er bygd på vottane
Lerka frå den norske boka "Votter og vanter" (1955)
(Eg endra diagrammet litt: 
m.a. er mine lerker bittelitt feitare og rundare, 
og tettare på kvarandre)
oppdatering 31. mars: 
boka "Votter og vanter" kan lesast på bokhylla.no via Nasjonalbiblioteket 
(men berre tilgang for norske IP-adresser) 
garn: 
mørkeblått med nyansar: Kauni farge "EL" (53 gram)
lyseblått: Pickles Pure Wool farge "isbre" (43 gram)
pinnar: 3 mm 
totalvekt: 95 gram
mål: 10 cm X 120 cm



7 kommentarer:

  1. Kuleste og lengste prøvelappen jeg har sett :)

    SvarSlett
  2. Lerka er et av yndlingsmønsterne mine, jeg har iallefall tre strikkebøker jeg har kjøpt bare pga at de har fuglebord inni. Onde tunger kan kanskje hevde det holder med en bok, men... eh...

    Flott eksperiment med bunnfarger og sirkler i fri dressur bak!

    SvarSlett
  3. Very beautiful, as you know.... I love birds :)

    SvarSlett
  4. Takk for fine kommentarar Birgitte, Monstermønster og Ülle!
    Og ja, fuglar og fuglemønster ligg mitt hjarte nært! Eg lovar at det kjem meir av slikt her på bloggen.
    Yes, I love birds and bird-patterns, too! Surely there will be more of them soon!

    SvarSlett
  5. En til som liker fuglemønster melder seg! Og jeg har ikke glemt at jeg skal sende deg noe Silkesauen - jeg har bare ikke fått gjort det enda;-)

    SvarSlett
  6. For et stilig skjerf! Et sånt et kunne jeg godt tenkt meg. Og at fuglene er lubnere og tettere på hverandre passer jo godt inn i vår tid - vi er vel både lubnere og nærmere hverandre enn våre forfedre vi også, haha... :-)
    Det står et lignende skjerf på forsiden av denne boka - forøvrig en veldig koselig bok (som jeg også har lånt på biblioteket):
    https://www.tanum.no/_hobby-og-fritid/h%C3%A5ndarbeid/varmekilder-grete-letting-9788249602216

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, Annepålandet, ja lubbent og nært passar i vår tid, og ikkje minst gjorde eg dette av latskap (eller skal vi kalle det estetikk?): Når fuglane er tettare på kvarandre, er fargeskifta ikkje så lange heller!

      Og så moro at Lerka-mønsteret også er på framsida av "Varme kilder", og endåtil som skjerf! Takk for tipset! Eg har ikkje sett i denne boka, men no vart eg veldig nysgjerrig.

      Og faktisk ser eg at Lerka-vottane også er på framsida av den svenske boka "Varme votter - og noen sokker" av Eva Trotzig, men der med anna tommel-design m.a:
      http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=10141&isbn=9788202417376

      Hadde vore spennande å vite om dette mønsteret er eit tradisjonelt, norsk mønster,
      eller om det var nydesigna då det kan med boka til Anna Marøy Bjelland m. fl. i 1955?
      Eg er i utlandet akkurat no, så eg får dessverre ikkje opna boka via linken til Nasjonalbiblioteket.

      Sjølv tok eg utgangspunkt i denne kopien av mønsteret, på bloggen "Eg sa strikk!" då eg laga skjerfet: http://egsastrikk.wordpress.com/2013/11/21/bergen/

      Hm .... eg trur eg må skrive et eige blogg-innlegg berre om fugle-mønster snart ... !

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...