Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

25. april 2014

KYKELIPI - singing swatches


Pip-pip-prøvelapp!
Det kvitrar og syng, både ute på greinene, og inne på strikkepinnane mine for tida! Eg har fått dilla på fuglemønster, ikkje minst etter at eg laga det lange "Lerka"-skjerfet tidlegare i vår. 

Eigentleg er eg enno berre på prøvelapp-stadiet ( ... til ei hue kanskje, eller ein barnegenser ...?) men eg er så gjerrig på garnet - og på tida mi - at eg fann ut at eg ville bruke desse prøvelappane til noko nyttig. 

Dermed har eg plutseleg fått meg fleire par pulsvarmarar og ein godteri-skjular!


Godteri-skjularen (som eigentleg er mønsteret til tuppen på ein estisk vott) vart testa ut no i påska, og innhaldet fall i alle fall i smak! 

Denne tuppen kan kanskje også brukast som eggevarmar?


På desse mini-pulsvarmarane (med safran-gule kantar) har det norske "Lerka"-mønsteret fått selskap med eit estisk fuglepar. Eg fann fram mine tynnaste strømpe-pinnar til testen: 1,5 millimeter! 

Estland har så mange stilige mønster, og ikkje minst uvante og spreke farge-kombinasjonar! 

Då eg oppdaga den fine bloggen til Ülle frå Estland, og spurte henne om informasjon om gamle vottemønster, delte ho raust frå samlinga si på e-post. Seinare kom også eit nydeleg lite hefte, berre med fuglemønster, rett i postkassa til meg! "Muhu Linnud" er som ei lita diktbok å bla i, til dagleg inspirasjon! 
Ideen til desse påfugl-pulsvarmarane derimot, fann eg i den svenske boka "859 fåglar". Boka/heftet er berre i svart-kvitt, heilt utan tekst, og er ikkje så poetisk laga som "Muhu Linnud", men er fullstappa av fuglemønster (ja! 859 stykk!), henta frå gamle broderi, vevnader og strikk rundt om i verda.

Eg har altså samla meg eit fint lite "reir" med fuglemønster, og er berre så vidt i gang med ruginga (les: strikkinga)! Denne våren blir det meir fuglestrikk, ja! Har du eit favoritt-fuglemønster?


    1-2-3-4
    kykelipire
    5-6-7-8
    kykelipotte
    9-10-11-12
    kykelipoll
    12-11-10-9
    kykelipi

"Kykelipi" av Jan Erik Vold (1969)

Garn brukt til pulsvarmarane:
Shetland soft (frå Malsen og Mor), Supersoft (frå Holst Garn) og Tvinni (frå Isager)


10 kommentarer:

  1. Vad fint att få se dina vackra stickade fåglar!
    Bästa hälsningar
    Britta J

    SvarSlett
    Svar
    1. til Britta: så moro at du så raskt oppdaga "dine" påfuglar her på bloggen min! Eg har faktisk tre av bøkene/hefta i serien din: Djur, Träd og altså Fåglar. Alle fulle av inspirasjon!

      Slett
  2. Utrolig inspirernde! Iler hjem til sofakroken for å finne fram fuglemønster og garn.

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Judith: så kjekt å vere til inspirasjon! Eg har forresten beundra den nystrikka Blomekrans-vesten din, og eg kan sjå at maskene "flyg" av pinnane dine! Du er utruleg produktiv!

      Slett
  3. Fine fugler! Det finnes mange flotte fuglediagrammer, her er noen: http://www.pinterest.com/pin/49610033369850543/
    og her: http://www.pinterest.com/pin/49610033368166359/

    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Torirot: hjarteleg takk for Pinterest-lenkene! Den første er verkeleg fullstappa med fine fuglar, eg fekk lyst å skrive ut og henge på veggen! Den andre lenka hadde eg faktisk allereie. God strikke-helg til deg også!

      Slett
  4. Jeg kan ikke annet enn elske dette innlegget.

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Fuglemamma: no måtte eg smile! Ja, du har eit nydeleg og "bevinga" blogge-namn! Eg er nesten misunneleg!

      Har du forresten prøvd garna frå det amerikanske Quince & co? Dei har fuglenamn på alle dei ulike garn-kvalitetane sine. Eg har berre strikka ein barnegenser i garnet Chickadee, men for ein fugle-fan som meg det er sjølvsagt freistande å prøve fleire! Men dette er altså ikkje kortreiste fuglar ... (dvs f.eks. nettbutikken til Loop i London har merket).

      Slett
  5. Oioi! Så mye vakkert! Takk for bøtter med tips! Jeg har stjerneboka fra korsstyngsbolaget, fuglene hadde jeg rent glømt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Monstermønster: ja serien til Britta Johanson er verkeleg fullstappa med inspirasjon, berre så synd at dei er så svin-dyre! Elles trur eg at eg hadde skaffa meg heile serien allereie. Ein del av mønstera er tydelegvis broderi, som ikkje alltid er så lett å tilpasse strikking (pga lange farge-skift), men det er altså nok av alternativ på velje i!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...