Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

5. juli 2011

STJERNEKLART - a star is born

Ei juni-jente er komen til verda, og eg helsar ho velkomen med 15 gram silke i stjerneform. Endeleg kunne eg gripe fatt i den sartrosa bunten frå lageret mitt, og lage ei jente-hue. 


Eg har som ritual å vente med målretta baby-strikking til fødselsmeldinga kjem, men då set eg i gang, inspirert av dei gode nyheitene!


Denne silkehua kan vonlegvis både vere vakker og verne det vesle hovudet på varme sommardagar. Neste gong har eg lyst til å prøve denne oppskrifta med eit garn med meir spenst i, f eks silkeull. 


oppskrift: 
garn: rein silke, 220 m - 50 gr 
farge: nr 113 (= lysaste rosa)
pinnenr: 2,5 mm

3. juni 2011

TREPINNENS VENN - my wooden favorites

På loftet heng ein falma fjellanorakk med merket "Treskiens venner" vakkert påsydd. Vemodig nostalgi... 

Ingen som vil verte verdsmeister på ski no til dags vågar å bytte frå kunstfiber til tre, men på strikkefronten er det vel motsett? Eg er i alle fall i ferd med å bli trepinnens bestevenn! 

No byttar eg saaakte, men systematisk ut alle metallpinnane, i same stil som andre gjer det med amalgam i munnen... Trepinnane er betre for hendene mine, betre for humøret (eg blir glad av å sjå på linjene i treverket i staden for kaldt og grått metall) - men kanskje ikkje så bra for lommeboka om ein går altfor kjapt og drastisk til verks. 


Her kjem ei kort og uvitskapeleg vurdering av nokre pinnar frå lageret mitt. Kanskje nokon kan hjelpe meg vidare ved å tipse om sine favorittar?

Metall: Einerådande i samlinga mi før. Fordel: robuste! (Eg kjem til å behalde dei som reserve)
Bambus: Når eg ikkje har råd til edeltre... Blir marknadsført som miljøvennleg, m.a. fordi bambus veks raskt opp igjen og ikkje er ein trua planteart (ikkje tre!)
Bjørk: Gir meg ei god og heimleg kjensle.Tenkjer på dei flotte, nordiske bjørkene. Litt tørre å strikke med, går det an å smøre dei inn med ein fin olje skal tru?














Ibenholt: Fine og gode, men treet blir litt i svartaste laget når eg strikkar med mørkt garn og i dårleg lys. 
Rosentre (nedst): Min favoritt så langt! Glatt og god, med ein fin,  litt raudleg farge. Ikkje billeg. Både pinnane i ibenholt og rosentre er laga av restar etter produksjon av musikk-instrument. 

Dei nyaste pinnane i samlinga mi er 35 cm langpinnar i rosentre. Perfekte til Sidelengs rillestrikka jakke! - som eg no strikkar i nye fargar til ein eitt-åring (sjå fotoet under). I starten var det uvant - som å ro med altfor lange årar - men no når eg har kome inn i rytmen, storkosar eg meg! Eg får sett heile jakka medan eg strikkar, og slappar også mykje meir av i fingrar og skuldrar enn eg gjorde sist, då eg brukte rundpinne (også i rosentre).  


Vel, eg er berre i starten på "finne den beste pinne"-prosjektet mitt! 
Har DU ein strikkepinne-favoritt du vil fortelje om?






















16. mai 2011

HOPPANDE GLAD! - happy rabbit

Eeendeleg er påskepinseharen min ferdig!


Altfor tynt garn, altfor mange små deler å sy saman, altfor rar til å kunne vere barselgåve... Alle desse innvendingane gjorde at dette "vesle" prosjektet både varte og rakk, og dermed stengde for all anna strikkande kreativitet. I det førre innlegget mitt kunne det endåtil sjå ut som eg i frustrasjon hadde kompostert den uferdige haren midt oppi påskeliljene, men så gale var det likevel ikkje :-)


Ein sjekk på Wikipedia trøysta meg også med at ein ekte hare går svanger i heile 50 dagar (og ikkje som kaninen, berre i 28-34 dagar), dermed var strikke-tempoet min akkurat som i naturen. Så dét så. Og no er den vesle hareungen her - og eg er så letta og hoppande glad! Sjølv om han kanskje er litt ... rar?


Planen då eg starta var å gi denne haren til eit vårbarn som var ventande. No er guten for lengst fødd, men eg må likevel tyggje litt meir på tanken om denne raringen min er fin nok som barselgåve. Nei, kanskje skal eg seie som Elling (roman-figuren til Ingvar Ambjørnsen) at han ikkje er rar, men heller engelsk "rare", altså sjeldan!


PS: Eg gler meg til jubel-rop og vaiande flagg i morgon. Storstilt feiring passar svært bra, for akkurat på 17. mai fyller nemleg denne bloggen du no les eit halvt år. Hipp, hipp!


oppskrift påskepinsehare: 
"Bunny" frå boka Itty-bitty toys 
av Susan B. Anderson
fargar: "Cream Pima" (ca 25 gr) 
og "Avocado" (ca 6 gr)
pinnar: 3 mm (burde vel heller valt 2,5)
fyll: økologisk bomull og ullflor 
(neste gong vil eg berre bruke ull)

oppskrift, dokke-undertrøye: frå boka Brukt på nytt av Kathrine Gregersen
garn: Pickles Thin Organic Cotton 50 gr - 90 meter (brukte 11 gr)
farge: sjøvann
pinnar: 4 mm



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...