5. juli 2011

STJERNEKLART - a star is born

Ei juni-jente er komen til verda, og eg helsar ho velkomen med 15 gram silke i stjerneform. Endeleg kunne eg gripe fatt i den sartrosa bunten frå lageret mitt, og lage ei jente-hue. 


Eg har som ritual å vente med målretta baby-strikking til fødselsmeldinga kjem, men då set eg i gang, inspirert av dei gode nyheitene!


Denne silkehua kan vonlegvis både vere vakker og verne det vesle hovudet på varme sommardagar. Neste gong har eg lyst til å prøve denne oppskrifta med eit garn med meir spenst i, f eks silkeull. 


oppskrift: 
garn: rein silke, 220 m - 50 gr 
farge: nr 113 (= lysaste rosa)
pinnenr: 2,5 mm

4 kommentarer:

  1. Så nydelig! Er mønsteret å få på engelsk også? Mvh Siv

    SvarSlett
  2. Til Innestemmen: Eg veit faktisk ikkje om mønsteret også finst på engelsk. Kanskje du kan spørje Seiden Atelier direkte? Eg fekk den tyske oppskrifta samtidig med garnet eg bestilte derifrå. Eg skulle gjerne ha lagt ut ein norsk versjon her, men eg må respektere copyrighten.

    Til Synnøve: Ja, eg forelska meg i mønsteret med ein gong eg såg det! Ikkje så vanskeleg å strikke heller. (Vel, måtte starte på nytt eit par gonger pga at eg misforstod oppskrifta...) Og symbolet stjerne passar fint til ein nyfødd synest eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...