Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.

4 kommentarer:

  1. Dette så ut som et spennende garn! Har du kjøpt det fra den nettsiden som du refererer til? Jeg gleder meg til å se hva du ender opp med å strikke, lurer på hvordan garnet ser ut når det er strikket. Duse og lekre farger.

    SvarSlett
  2. Hei Strikkepanja! Ja eg kjøpte Pakucho-garnet frå den danske nettbutikken eg lenka til: webgarn.dk - men sjølve forhandlaren er visst strik.dk - der ser er eg forresten at dei også har innfarga bomullsgarn (men også dette økologisk & Fairtrade).

    Eg har ikkje sett slikt naturleg farga bomullsgarn som Pakucho til sals i Norge (berre ferdigsydde klede), men kanskje det finst?

    SvarSlett
  3. Kjempefin blogg, likte godt ullvølinga di, særlig katten :-)

    SvarSlett
  4. Hei dette var en herlig strikkeblogg!!!
    Legger meg til som følger!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...