No er eg i gang med ei sidelengs barnejakke - med så fine og sarte fargar at dei nesten er like vanskelege å fange på eit foto som den seine november-himmelen: Det ser kanskje berre grått-i-grått ut, men tru meg, her skin det av både røsslyng, isbrear og edelsteinar. Om alt går etter planen blir jakka ferdig til jul, eller vonlegvis i alle fall før klokka slår tolv slag på nyttårsaftan...
Eg har ofte vore nedlatande mot månaden november, men no er eg i ferd med å skifte meining. Dette tomrommet mellom haust og vinter har opna for så (små, men) gode og fredelege stunder i år, ikkje minst med strikketyet meditativt i hendene :-)
Tove i bloggen "Tankar frå ein kvardag" har fanga stemninga fint synest eg, i det nyskrivne diktet
Alt kviler. Ein hyllest til november. Les og nyt før desember kjem!
I am knitting the winter sky right now: Both difficult to catch on photos, but this yarn is really sparkling in colours of nature, in it`s own quiet way. My plan is to finish this little side-to-side jacket before Christmas.
Desember: Strikk #julevotten2023
-
No er vi i gang med Julevotten 2023 (lenke til oppskrifta på Raverly)
designa av Vottelaug-medlem Torirot. Inntekta frå førehandssalet vart 1.
desembe...
for 11 måneder siden
For noen herlige farger, den jakken står høyt på ønskelista mi også....men det begrenser seg vel litt hvor mange jakker jentungen egentlig har bruk for. Kanskje neste det blir et vår/høstprosjekt for meg.....
SvarSlettGleder meg allerede til å se ditt ferdige resultat ;)
Kjære Komadyret: Så kjekt at du fann fram til meg :-) Som du vel ser har eg nettopp starta, og har ikkje marknadsført meg sjølv så mykje enno. Må bli litt varmare i blogg-trøya først. Var moro å klikke inn på Zimmermann-jakka di og sjå at du også har brukt melert garn i nesten same stil (men anna merke).
SvarSlettHei Frida! Så kjekt at du lenka til diktet mitt! Det er så inspirerande å høyre at andre likar deg eg skriv!!!
SvarSlettOg så var det ei herleg oppleving å finne bloggen din! Eg er nyfrelst strikkar og ser at det er mykje eg kan kvile auga på her inne hos deg....
Er det greit at eg legg deg til i blogglista mi???
ToveHD
Hei Tove, berre stas om Silkesauen får vere med i blogglista di!
SvarSlettSom du ser er bloggen min ny, og førebels har eg mest leika meg her for meg sjølv, utan å rope for høgt om at eg finst. Men no kan eg vel snart seie at Silkesauen er flygedyktig i Cyperspace, så versågod!
Frida