Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

18. oktober 2014

VINN GARN TIL DYRISKE VOTTAR - foxy yarn kits

Mønsteret Reveenka er mitt bidrag til e-boka Votter fra eventyrskogen. No kan du strikke dine eigne dyriske vottar, om du har lyst! Eg har sett saman to ulike garnpakkar (yarn kits), og du kan vinne éin av desse!

Peer Gynt-pakken til høgre: Denne pakken har nok garn til originalfargane i herremodellen av Reveenka (pluss raudt), men sjølvsagt kan du også bruke garnet både til dame- og barnevottar. 

Tumi-pakken til venstre: Tumi er det nye garnet frå Rauma, like tynt som Finullgarn, men er ein mix av 50 % ull og 50 % alpakka (dvs ein tynnare versjon av Mitu). I denne pakken er det meir enn nok garn til eit par damevottar med enten oker, kvitt eller raudt som botnfarge, pluss mønsterfargane. Eller om du vil: strikk barnevottar eller herrevottar! 

Alt garnet er frå mitt eige lager etter den store strikkesjauen i sommar, då eg dikta fram Reveenka, i tre ulike variantar: Dame- og herrevottar i Peer Gynt-garn, og barnevottar i Tumi. Mønsteret kan varierast i det uendelege, og du kan sjonglere både med diagram, fargar og garntype.


Tips: Inne på fellesbloggen Eventyrlige votter har eg i dag lagt inn ein aldri så liten foss med foto rundt dette vottemønsteret, og også fortald meir om historia bak. Der avslører eg også nokre av dei nye Reveenka-variantane som eg strikkar på akkurat no. 

Men vil du prøve å sikre deg ein garnpakke i den originale fargepaletten, må du leggje igjen éin kommentar her hos meg, altså rett under dette innlegget. Skriv kva for ein av dei to garnpakkane du helst ynskjer deg: Peer Gynt eller Tumi? Og om du vil: Fortel gjerne om ditt forhold til vottar. Strikkar du mange?  Kven strikkar du helst til? Eller har du aldri strikka vottar før? 

Kommentaren din må vere her seinast tysdag (21. oktober) før midnatt. Deretter trekkjer eg tilfeldig mellom alle som har kommentert. Det er berre éin vinnar. Garnpakken som då blir til overs, vil eg spare til ei ny loddtrekning  seinare i haust!

14. oktober 2014

VOTTEBOKA VÅR ER HER! - our mitten e-book is published

Ja, no har eg snudd primstaven min til vintersida! Der er det første symbolet ein vakker vott, dermed kan vi i Vottelauget i endeleg opne e-boka vår for heile verda!

Mitt bidrag til "Votter fra eventyrskogen" er tre ulike variasjonar over Reveenka (sjå under). Seinare i veka kjem eg til å vise fram endå fleire foto, og fortelje meir.

Men allereie i dag kan du sjå foto av alle dei sju ulike vottemønstera på
fellesbloggen vår, Eventyrlige votter. Sjølve e-boka er til sals via Raverly. Denne vinteren kjem i alle fall ikkje ég til å fryse på hendene! 


Reveenka: her er lenke til mønsteret på Raverly.

9. oktober 2014

HEMMELEG SOMMARSTRIKK - summer secrets in a jar

Sjølv om eg ikkje blogga så mykje i sommar, strikka eg desto meir. Men då var alt temmeleg hemmeleg. 

Kva for historier dette Norgesglaset skjuler, kan du lese meir om på bloggen Eventyrlige votter, for om nokre få dagar kjem e-boka eg har vore med på å lage!

10. september 2014

STRIKKE-TREFF MED YSOLDA - in Hamburg with Ysolda



Denne helga har eg lært meg å manipulere! Eg reiste til arrangementet Wollfest Hamburg, og fekk som ei av tjue heldige vere med på workshopen til Ysolda Teague: "Manipulating Stitch Patterns".

Ysolda frå Skottland sjonglerte og sjarmerte, og viste oss korleis vi kan lage eigne strikkedesign med klassiske hol- og flettemønster som utgangspunkt. Alt såg leikande lett ut då ho klipte og limte, strekte og  drog i diagramma på PCen. Eg diggar unge damer som henne når ho seier at ho elskar matematikk! 

Ho hadde også med seg ein fin bunke bøker til inspirasjon (m.a. av Barbara Walker), og med nyinnkjøpt, økologisk garn frå det tyske firmaet Rosy Green Wool valde eg meg ut ei japansk mønsterbok, og prøvde å  kombinere eit holmønster derifrå med ei tradisjonell flette. Ysolda kunne også vise meg og dei andre at det ikkje er noko problem å lage fine fletter sjølv om du har lagt igjen flettepinnen heime. Ysolda forklarar også trikset her.


Medan vi i gruppa sat fordjupa med kvar vår vesle, einsfarga prøvelapp, brukte Ysolda (sjølvsagt) ventetida til å strikke. Dette funklande fairisle-mønsteret skal bli til ein vest, fortalde ho. Men korleis fungerer eit slikt strikkebelte frå Shetland,  med rundstrikk på tre lange strømpepinnar ...? På heimesida hennar fann eg denne videoen med forklaring.

For meg som for det meste sit heime i sofakroken med strikket mitt, var dei i tre timane i lag med Ysolda Teague og dei tyske strikkedamene som ei god vitamin-dose no når hausten nærmar seg. Ysolda er hyggeleg og jordnær som "the girl next door", samtidig som ho er ein skikkeleg proff i faget sitt. 


Og då vi kom ut frå workshopen var strikkestjerna Stephen West  i full gang med å posere for fotografane. "Dansepartneren" i midten er handspinnaren Chantimanou, som tilliks med Stephen West også heldt workshop på Wollfest Hamburg. 


Medan mange av dei andre gjekk heim frå Wollfest Hamburg med bæreposane fulle av Wollmeise og Madelinetosh, var eg så nøktern (og fortumla?) at eg berre kjøpte desse tre beskjedne nøsta, pluss eit lite strikkehefte av Ysolda. Skal tru om det grønmelerte Shetland Spindrift-garnet er i akkurat same fargen som Ysolda har i fairisle-vesten sin? 

Om du vil sjå fleire foto frå  Wollfest Hamburg, kan du m.a. sjekke her, på bloggen til Tichiro (på tysk), på Wollfest-sida på Facebook og også her på Wollfest-tråden inne på Raverly. 

7. august 2014

BOMULL-BONANZA - cotton yarn give away

Gratulerer og hurra til Karoline Hopland og Lisbeth Severinsen! Begge får ein garnpakke kvar, flygande gjennom posten! (Trekninga utført 17. august.)

Bonanza: av spansk, eg. 'pent vær'; 
i overført betydning 'rikdom'





(Store norske leksikon)

Denne sommaren har eg snudd opp-ned på garnlageret mitt, og bestemt meg for at skal eg unne meg meir nytt framover, må eg gi bort noko først! 

Boksen som det står "Bomull" på hadde det tjukkaste støvlaget, og eg innser vel at eg er ei ulldame når det gjeld strikking. Kva med deg?
Eg har altså kledd på meg spandér-shortsen, og no har du sjansen til å få éin av desse to bomullgarn-pakkane gratis i posten frå meg! Alt er økologisk merka. 


Legg igjen ein kommentar her seinast 15. august, og skriv kva pakke du helst ynskjer deg - og gjerne også kva du kan tenkje deg å bruke garnet til. Dei to vinnarane blir uansett valde ved loddtrekning. 








Pakke 1 = Pickles Thin Organic Cotton i diverse fargar.
Eg har strikka fleire baby-smekker med dette garnet, og det 
fungerte glimrande. Elles har eg laga desse fuglane her.

Vinnar av pakke 1:
Karoline Hopland











Pakke 2 = Pakucho & Debbie Bliss ecobaby pluss litt til. 
Eg har blogga om Pakucho-garnet tidlegare, og strikka ein spretten harepus. 



Vinnar av pakke 2:
Lisbeth Severinsen

(trekning av begge 17. august ved hjelp av Random Number Generator)







25. april 2014

KYKELIPI - singing swatches


Pip-pip-prøvelapp!
Det kvitrar og syng, både ute på greinene, og inne på strikkepinnane mine for tida! Eg har fått dilla på fuglemønster, ikkje minst etter at eg laga det lange "Lerka"-skjerfet tidlegare i vår. 

Eigentleg er eg enno berre på prøvelapp-stadiet ( ... til ei hue kanskje, eller ein barnegenser ...?) men eg er så gjerrig på garnet - og på tida mi - at eg fann ut at eg ville bruke desse prøvelappane til noko nyttig. 

Dermed har eg plutseleg fått meg fleire par pulsvarmarar og ein godteri-skjular!


Godteri-skjularen (som eigentleg er mønsteret til tuppen på ein estisk vott) vart testa ut no i påska, og innhaldet fall i alle fall i smak! 

Denne tuppen kan kanskje også brukast som eggevarmar?


På desse mini-pulsvarmarane (med safran-gule kantar) har det norske "Lerka"-mønsteret fått selskap med eit estisk fuglepar. Eg fann fram mine tynnaste strømpe-pinnar til testen: 1,5 millimeter! 

Estland har så mange stilige mønster, og ikkje minst uvante og spreke farge-kombinasjonar! 

Då eg oppdaga den fine bloggen til Ülle frå Estland, og spurte henne om informasjon om gamle vottemønster, delte ho raust frå samlinga si på e-post. Seinare kom også eit nydeleg lite hefte, berre med fuglemønster, rett i postkassa til meg! "Muhu Linnud" er som ei lita diktbok å bla i, til dagleg inspirasjon! 
Ideen til desse påfugl-pulsvarmarane derimot, fann eg i den svenske boka "859 fåglar". Boka/heftet er berre i svart-kvitt, heilt utan tekst, og er ikkje så poetisk laga som "Muhu Linnud", men er fullstappa av fuglemønster (ja! 859 stykk!), henta frå gamle broderi, vevnader og strikk rundt om i verda.

Eg har altså samla meg eit fint lite "reir" med fuglemønster, og er berre så vidt i gang med ruginga (les: strikkinga)! Denne våren blir det meir fuglestrikk, ja! Har du eit favoritt-fuglemønster?


    1-2-3-4
    kykelipire
    5-6-7-8
    kykelipotte
    9-10-11-12
    kykelipoll
    12-11-10-9
    kykelipi

"Kykelipi" av Jan Erik Vold (1969)

Garn brukt til pulsvarmarane:
Shetland soft (frå Malsen og Mor), Supersoft (frå Holst Garn) og Tvinni (frå Isager)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...