Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

21. oktober 2013

VARM AV FROST - frosty sweater

Årets siste ute-ispinne? Den nystrikka genseren "Frost" held i alle fall på varmen!
Den skarpe haustlufta har lokka fram strikke-lysta mi igjen, etter ein lang og bloggefri sommar. Eg måtte starte enkelt, så eg snudde berre bunken med opp-skrifter, og landa på min tredje Mini Cobblestone! 

Det tynne alpakka-garnet eg brukte som "medløpar" (altså dobla med ull), er visst heilt nytt på marknaden, og bestilt frå dejlige Danmark: "Titicaca" frå Holst Garn. Finst det andre som har testa det? Eg diggar å blande alpakka med ull, då blir strikket litt mjukare, og gir også ein meir spenstig og melert effekt. 

Monstermønster har nettopp starta ein fin "Ull i bruk"-stafett, så inspirert av henne har eg fotografert "Frost"-genseren i lag med dei to Cobblestone-forgjengarane frå skapet. Begge er vélbrukte og temmeleg nuppete, ja! Spesielt den grøne som berre har mjuk Semilla fino-ull i seg. Men også den nye "Frost" skal få vere ein ekte kvardags-genser: Fritt fram for herjing i haustblad, sørpe og snø!

oppskrift, genseren "Frost":
etter original-oppskrifta Cobblestone av Jared Flood (Raverly) 
størrelse: ca 5-6 år
pinnar: 3,5 mm
garn: Holst Garn "Titicaca. 100 % pure thin alpaca"
... dobla med Isager Højlandsgarn eller
Geilsk tynd uld
totalvekt: 170 gram
fargar: 
og på fotoet under
garn-type sett ovanfrå og ned:
øvst: Titicaca thin alpaca, farge "Tiffany",
deretter Geilsk tynd uld, farge nr. 28
så Isager Højlandsgarn, farge "Topaz",
nedst Titicaca thin alpaca, farge "Jade"

2. juni 2013

STRIKKEPOSE-FEST! - knitting-bag party!

No har eg funne fram til vinnaren i strikkepose-trekningaDet var akkurat 30 fine svar til innlegget mitt, dermed leita eg fram Mummi-kalenderen min frå i fjor og klipte opp dei 30 dagane for juni. Og talet eg trekte ut vart 3! Så no veit de også at finsk og svensk namnedag for Orvokki og Viola er 3. juni. Men de vil kanskje heller ha namnet på vinnaren ...?

Vel, då seier eg gratulerer til Fuglemamma! Ein velfylt Raverly-pose kjem snart til deg i posten! Som de ser er garn-fargane inspirerte av dekoren på posen, og eg kan også røpe såpass at det finst både ull, alpakka, silke, bomull, kasjmir og til og med kamelhår i nokre av buntane. Ein aldri så liten fiber-fest med andre ord! 

Sist hinta eg også om at eg gir bort sjølve Raverly-posen  fordi eg no har byrja å sy mine eigne, super-enkle strikkeposar. Alt av gammalt stoff, altså redesign. På fotoet under ser de (frå venstre) det som ein gong var eit kjøkkenhandkle, eit buksebein, eit bukse-liv og ei barnepyjamas-bukse: 
Ideen til den kvite posen med hekla dekor på (nr 2 frå venstre, var ein gong beinet på sommarbuksa mi!) fekk eg frå den fine boka "Sikksakk. Sy barneklær av brukte voksenklær" av May B. Langhelle, og deretter spann eg vidare, og fann ut at eg kunne bruke øverste del av mi holete Noanoa-bukse til ein ny pose (i lys turkis, nr 3 frå venstre). Som de ser kunne eg dermed berre inkludere lommene som allereie var der. Og som snor valde eg eit gammalt måleband. Praktisk!

I går forsynte eg meg av pyjamas-buksa til yngstebarnet for å lage ein ny pose (den rosa til høgre), der dei umulege bananmos-flekkane forsvann bak ei grøn, applikert grein (... dvs eigentleg eit oppklipt kjøkkenforkle). Løpegangen i buksa gjorde eg ingenting med, den vart automatisk til opninga av posen!

Omtrent alt eg ser i klesskapet no får eg lyst til å sy pose av! Det er så moro! Med strikking startar du på null med berre éi maske, men når du syr ligg allereie stoffet der ferdig, alt du har å gjere er å sy nokre raske saumer - at dei blir litt skeive gjer ingenting, synest eg! Nøstebloggen har forresten også ei fin oppskrift på korleis du kan lage din eigen strikkepose. Men Langhelle sin "Dilldallpose" er pittelitt enklare. 

Neste gong har eg lyst å avansere litt, og prøve meg på ein strikkepose i "bøtte-form", altså ein som kan stå av seg sjølv, slik som f.eks. "Bucket tote" av ikatbag (gratis mønster), gjerne også med lommer både utanpå og inni. Eller kanskje har du eit betre tips? Kva brukar du som strikkepose, forresten? Fortel, fortel!

- Mamma! Kvar er yndlings-pyjamas-buksa mi? 
Du veit, den med dei rosa uglene på?
- Ehhh... Var ikkje den altfor liten til deg?
- Neeei! Og eg klarer ikkje å sovne utan den, veit du vel!

27. mai 2013

GÅVER TIL DEG, MEG OG MARIT - yarn swapping & give away

Delt glede er dobbel glede, ikkje sant? Etter at eg har prøvd garn-bytte (yarn swap) for første gong, gjennom Heidi og bloggen Wool rocks har eg lyst til å dele litt ekstra i etterkant: nemleg ei hemmeleg overrasking frå meg i ein Raverly-pose! Du som skriv ein kommentar under dette innlegget før laurdag 1. juni blir med på trekninga! Du treng ikkje skrive noko spesielt avansert (tilfeldig trekning), men gjerne dele med meg og andre kva du strikkar/heklar/syr/mekkar på akkurat no?

Heidis Springtime yarn swap er over, men eg håpar at ho - og/eller andre! - set i gang noko liknande seinare! Det var moro og spennande å vere med: Eg fekk Marit i Norge som byttevenn, og inspirert av tittelen sendte eg henne ein saftig og grøn mix! Håpar ho synest at grønt er skjønt ... Og sjølv fekk eg ein eksotisk pakke frå Edyta i Canada, med økologisk saueull frå Ontario og urtete for gode draumar!

Alt dette fekk meg altså i skikkeleg gåve-humør, og sidan eg har ein handarbeids-pose frå Raverly til overs, har eg fylt denne med noko snacksy for strikkarar, så no har du sjansen! Denne posen vann design-konkurransen som Raverly arrangerte for eitt år sidan, og då vart eg inspirert og bestilte to. No har eg forresten byrja å sy og "designe" mine eigne strikkeposar - meir om det seinare! 

Do you want to win a Raverly project bag, filled up by me with some surprises for knitters? Then you only have to write a comment here (with contact information) before the 1st of June. I am in a give away-mood, you see!

30. april 2013

BRUM-BRUM GENSER - a sweater for the little driver

Oppdatert 2. mai Ein mini-versjon av oppskrifta mi ligg no inne på Raverly!

Eg drøymer om å strikke eit blomster-teppe, eit lauv-mønstra sjal, ein florlett tunika ... Men når den store lidenskapen til 3-åringen er bilar, bilar, bilar - ja då er det berre å bøye seg i asfalt-støvet og lage ein "Brum-brum-genser". Og det vart ei artig oppgåve! Med garantert mjuke og miljøvennlege køyrety! 

Genseren er strikka på same måte som Sinnasau-genseren min til storebroren, i kroppsnær fasong, og i tynt ullgarn som skal passe bra no når den milde vårlufta er på veg. Maskene av den ubehandla saueulla strittar i alle retningar, men ein vask eller to skal vel gjere mønsteret jamnare. Genseren er strikka ovanfrå og ned (top-down), og ein uventa, fin effekt av aukinga på berestykket var at folkevogn-boblene strekte seg ut og forvandla seg til raske racer-bilar. I alle fall nesten ...


oppskrifta mi:
bil-mønsteret:
Skandi's Cars (Raverly) ... men altså med fleire masker inni bilane pga aukingane
størrelse: ca 3-4 år
garn: Isager Tvinni Tweed, farge: 21s (= mørkeraud/
rustraud)
Nøstebarn 2-tråds merinoull, farge: 806s/ny811 (= "naturbeige") og 808s/ny812 (= "naturbrun")
pinnar: 2,5 og 3 mm
totalvekt: ca 80 gram

Tut-tut! Strikke-arbeid pågår! 
Brum-brum genser (Raverly)

12. april 2013

MASKER TIL DEI MINSTE - knits for the newborn


Lenge sidan sist eg blogga. Livet, og til dels alvoret, kom imellom ...

Men no byrjar fuglane å kvitre igjen, og det gror i fleire mamma-magar rundt meg. Eg vil strikke velkomst-gåver! Men kva? 

I jakta på idear fann eg fram eit foto frå då min eigen nyfødde fekk på seg hentesettet, to dagar etter fødselen. Eg må flire nostalgisk: alt er litt for stort til ein så liten kropp. Men eg har i alle fall laga det sjølv! Og eg strikka mange gode tankar inn i maskene medan eg venta. Og plutseleg ein dag vart vesleprinsen stor, og plagga for små.


No klør eg altså i fingrane etter å strikke nyfødd-gåver til minst tre nære og kjære, som har termin framover mot sommaren. Har du gode idear og/eller ferdig baby-strikk å vise fram?

mitt eige, enkle hentesett:
hue:
"lettstrikka babyhue" frå Nøstebarn
jakke:
"rillestrikka omslagsjakke" frå Nøstebarn
sokkar:
"babysokker på to pinner" frå boka Myk start av May Bente Langhelle

... alt strikka i silkeull frå Nøstebarn, 
i fargane "natur" og "lys oliven"




1. januar 2013

VRIDDE NYTTÅRS-MASKER - New Year's knit with a twist

Eg tenner eit lys for det nyklekte året. Takk for det gamle! I dag festa eg også dei siste trådane på mine sjølvsnekra "Vridde vottar". 

Flette-feberen som kom på tampen av fjoråret følgjer meg nemleg enno, og no har eg også fått dilla på vridd rett! Vridde rettmasker kombinert med fletter lagar ein fin og tydeleg struktur - nesten som treskjæring, synest eg. 


Dette fiffige flette-mønsteret oppdaga eg først i gratis-oppskrifta "Liam's Loops Hat and Mittens", og laga ei raud julehue i alpakka til minstemann. Vottane som høyrde til settet var ikkje heilt etter min smak, difor laga eg min eigen vri, bokstaveleg talt - med dei fine "Staffvotter" av Mirrevirre som basis. 

I dag har eg skumma Raverly, og fann då fleire andre vottar som likna, men eg tek likevel "Vridde vottar" til hjartet som mine. Eg er allereie i gang med nye par, både for å prøve ut andre garntypar og for å forbetre detaljar, så kanskje kjem det ei ferdig oppskrift etter kvart ...

2012-nissen takkar for det gamle
- med nystrikka "Liam's Loops"-hue!


strikke-fakta:

"Vridde vottar" © 
av Frida/Silkesauen (Copyright)
garn: Artesano Aran,
(50 % alpakka, 50 % ull)
farge: Maple (naturleg farge)
pinnar: 4,5 mm
størrelse: dame
forbruk: 93 gram
garn: Pickles Pure Thin Alpaca,
dobla
farge: Tulipan
pinnar: 3,5 mm
størrelse: Small 
(passar til 3-åring pga tynnare garn)
forbruk: 53 gram








Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...