30. april 2013

BRUM-BRUM GENSER - a sweater for the little driver

Oppdatert 2. mai Ein mini-versjon av oppskrifta mi ligg no inne på Raverly!

Eg drøymer om å strikke eit blomster-teppe, eit lauv-mønstra sjal, ein florlett tunika ... Men når den store lidenskapen til 3-åringen er bilar, bilar, bilar - ja då er det berre å bøye seg i asfalt-støvet og lage ein "Brum-brum-genser". Og det vart ei artig oppgåve! Med garantert mjuke og miljøvennlege køyrety! 

Genseren er strikka på same måte som Sinnasau-genseren min til storebroren, i kroppsnær fasong, og i tynt ullgarn som skal passe bra no når den milde vårlufta er på veg. Maskene av den ubehandla saueulla strittar i alle retningar, men ein vask eller to skal vel gjere mønsteret jamnare. Genseren er strikka ovanfrå og ned (top-down), og ein uventa, fin effekt av aukinga på berestykket var at folkevogn-boblene strekte seg ut og forvandla seg til raske racer-bilar. I alle fall nesten ...


oppskrifta mi:
bil-mønsteret:
Skandi's Cars (Raverly) ... men altså med fleire masker inni bilane pga aukingane
størrelse: ca 3-4 år
garn: Isager Tvinni Tweed, farge: 21s (= mørkeraud/
rustraud)
Nøstebarn 2-tråds merinoull, farge: 806s/ny811 (= "naturbeige") og 808s/ny812 (= "naturbrun")
pinnar: 2,5 og 3 mm
totalvekt: ca 80 gram

Tut-tut! Strikke-arbeid pågår! 
Brum-brum genser (Raverly)

22 kommentarer:

  1. Den var kjempefin og frister til herming:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, Marit! Herming er eit fint komplement!

      Slett
  2. Fantastisk fin! Nydelige farger også :))

    SvarSlett
  3. FLott genser i fine farger!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Innestemmen og Frihet: Ja, farge-kombinasjonen er eg veldig fornøgd med,
      ikkje minst fordi det var heilt tilfeldig valt: Eg rydda i garnlageret mitt, og oppdaga
      at den gamle bunten med mørkeraud Isager Tvinni Tweed (som eg aldri fekk brukt til noko ...)
      hadde omtrent same løpelengd som 2-tråds frå Nøstebarn (og begge er også frå same ullspinneri i Danmark).

      Så då eg la desse oppi same korg sa det PANG! Naturtonar + mørkeraudt = sant!
      At bil-favoritten Lightening McQueen også er raud, er i tillegg ein viktig grunn til farge-valet:-)

      Slett
  4. Knallfin, en MÅ ha for bil interesserte gutter :-)

    SvarSlett
  5. Veldig fin genser! Likte bilene:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Kirsti: du meiner også plast-bilane?
      Dei er henta fram frå barndomsheimen til pappaen, altså til glede for både store og små:-)

      Slett
  6. Å, det var en flott genser, må nok bli en slik til lillegutten hos oss også ...

    SvarSlett
  7. Så herlig bil genser, alle smågutters drøm (og noen jenters :) ) Likte veldig godt farge valget ditt :)

    SvarSlett
  8. Kjempeflott! Striper og biler kan ikke bli feil!

    SvarSlett
    Svar
    1. Mange takk, Monstermønster! Då eg strikka stripene kjende eg meg som på ei racerbil-bane, rundt og rundt i full fart! Og av og til vart det litt monotont, gjeeesp. Men resultatet blir bra.

      Eg funderer også på om ein kan gjere endå meir ut av stripene som effekt, altså strikke i fargar a la veg-merking (svart og kvitt, med fargerike bilar innimellom). Hm, dette må eg tenkje meir på.

      Slett
  9. Så utrolig kul genser det ble! Mottakeren må jo være skikkelig fornøyd, ikke minst med racer bilene:)

    SvarSlett
  10. Så fin genser! Skulle ønske at jeg også var like flink til å forandre på mønstre slik du har gjort her :)

    SvarSlett
  11. Den ble utrolig flott! :) Fint design og fine fargekombinasjoner :)

    SvarSlett
  12. Kuleste eg har sett på lenge!!!! Eit må-ha, dvs må-strikka for alle gutte- mødre! Kule strikkeplagg til gutar er mangelvare, det er så mykje "klassisk", som ikkje passar på mine viltre gutar i allefall!!
    Og bil-bilete var berre heilt digg!!!

    SvarSlett
  13. Den er bare så fiiiin - denne må jeg bare strikke til min bilglade sønn - og så er den top-down og det er jo bare toppen!!!!

    Takk for inspirasjon og for hyggelig kommentar på bloggen min.

    SvarSlett
  14. Veldig flott genser, og som de andre er inne på er fargene helt supre.

    SvarSlett
  15. Wow, så utrolig kul!! En sånn en vil jeg også lage:-) Og i tynn ubehandla ull blir den jo anvendelig til alle årstider. Også må jeg, som de andre, si at fargene var herlige sammen:-)

    SvarSlett
  16. Den var knallfin, eg viste den til treåringen min, og han ba meg strikke ein lik med ein gong!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt med så mange fine kommentarar! No har eg i full fart laga ein mini-versjon av oppskrifta mi inne på Raverly, håpar dén kan vere til hjelp! Men eg har ikkje lese korrektur enno, altså!

      "GryHege" på Raverly har laga ei mykje meir detaljert oppskrift på ein barnegenser, med utgangspunkt i Sinnasau-jakka til PinneGuri, og eg brukte denne genseren som utgangspunkt, og endra berre litt slik at genseren min vart litt mindre og med smal rullehals, og slik at bil-mønsteret gjekk opp i masketalet.

      Finn du eit anna fint mønster, f eks dinosaurar, blomster, monster … kan du altså setje dette inn i berestykket istaden, og vips har du komponert din eigen genser!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...