17. januar 2011

MY LOVE IS LIKE A RED, RED YARN

Kva hjelper betre mot måndag-morgon-blues enn ein etterlengta pakke i posten? Og inni ligg ein herleg bukett av raude garnprøver, spesiallaga til vesle meg! Med helsing frå ei som ikkje sa (det så altfor mange seier) at " - nei, garnprøver tilbyr vi ikkje i denne nettbutikken, dermed kan du heller ikkje få det". Vel, gjett kven eg snart sender ei dyrebar bestilling til ...
Her er det juleraudt, korallraudt, mursteinsraudt, rustraudt, kirsebærraudt, rubinraudt og eg-veit-ikkje-kva raudt. Eg samanliknar garnprøvene med dei få nøsta av raudt garn som eg allereie har i huset. Eit av nyttårsforsetta mine er nemleg å frigjere meg frå forelskinga til blått. Og no har eg to raude prosjekt på idé-blokka: eitt gåve-prosjekt og eitt ego-prosjekt. Det står berre att å finne den perfekte raudfargen! Og det perfekte garnet. Men først skal eg sjølvsagt fullføre den siste av affærane mine frå i fjor: Den blå Vinterhimmel-jakka. 

4 kommentarer:

  1. Ikke verst! Det er god service, det! Jeg har flere garnprøvekart, kjøper der jeg finner og anbefaler feks garn.dk som har fargekart på alle garntypene sine. (Mye luksusgarn, aaaaah!)

    SvarSlett
  2. Hei. Har prøvd å sende mail til deg men får bare opp feil på den adr som er på bloggen din:)Har du ny mail?

    SvarSlett
  3. Hei Laila Vikane: E-postadressa mi skal fungere, men eg har skrive (at) istaden for @ her på bloggen for unngå automatisk spam-post. Om du har kopiert adressa utan å endre frå (at) til @ er det kanskje det som er grunnen? Altså frida.fielding@ ....osv. Håpar du prøver igjen :-)

    SvarSlett
  4. Til Monstermønster: Du må ikkje freiste meg slik! Å tipse om ein nettbutikk som tilbyr fargekart i alle garntypar er som å vifte med ei konfektøskje framfor nasen min :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...