14. januar 2011

KJÆR VEST, MANGE NAMN - top tank top

Før eg vart mamma, var ordet "strikkavest" noko som fekk meg til å tenkje på golfspelande gentlemen i tweed-knickers, eller på ein oldefar med pipe i gyngestolen. Men no vil eg seie at strikkavesten er blitt til ein av dei absolutt fremste baby- og småbarnsstrikk-favorittane mine!  

Vestar er så lette å kle på ein liten kropp, dei varmar - og pyntar opp - utan å dominere, og ikkje minst er dei så mykje enklare å lage enn jakker og genserar (... kven likar å montere ermar...?) 
Vesten "Lille livstykke" er ferdig! Nedst ribbestrikk, øvst perlestrikk. Til slutt: ein enkel knapp i oliventre.


Som eg lova i førre innlegg, skulle eg starte året med å fullføre gamle affærer, og no er altså det rosalilla garnet mitt blitt til ein vest. Det vil seie: "Lille livstykke" (ny lenke til shop.isagerstrik.dk) er det poetiske namnet på dette gratis-mønsteret signert Marianne Isager. 


Garnet er frå ein plantefarga og økologisk serie (frå det norske firmaet "Det mjuke"), men akkurat fargen kochenille er temmeleg dyrisk, for han stammar faktisk frå knuste skjoldlus... Hm, skal eg fortelje dette til foreldra til eittåringen som skal få denne vesten i forseinka bursdagsgåve...? Om nokon vil vite meir om fargen og garnet, har bloggen  Krisztinas hobbysider eit fint innlegg, der Krisztina har strikka finlandshette i akkurat same garn og farge som vesten min.


I fjor laga eg "Lille livstykke" i plantefargen valnøtt, og minstemann har verkeleg budd i denne vesten til tider (... som også er lett å sjå på fotoet under!). Her kjem ein liten kavalkade og vurdering av dei tre oppskrift-favorittane mine, som alle tre faktisk heiter noko heilt anna enn vest: 
Dei to til venstre"Lille livstykke" i fargane Kochenille og Valnøtt i garnet Ingunn frå firmaet Det mjuke. Eg diggar det perlestrikka berestykket! Gjer vesten vakrare, og er moro å strikke etter dei endelause rekkjene med ribb. 





I midten: "Inderst inde" frå boka "Sødt & blødt" av Lene Holme Samsøe, i fargen grønmelert (nr 158) i Tynn alpakka frå Du store alpakka. Eg ser at alpakka-garnet har halde betre på fasongen enn vestane i ull og silkeull, men så er vel denne vesten minst brukt også. Eldstemann på tre år nektar nemleg å ha han på meir... (Eg set min lit til eittåringen, som snart kan overta :-)

Dei to til høgre: "Undertrøye" frå boka "Strikk til Nøstebarn" av Kathrine Gregersen, i silkeull i fargane olivengrønt og blått (den blå er utgått no trur eg). Mine første strikka baby-vestar! Ein fin klassikar, men kan bli litt kjedeleg å strikke pga ribb, ribb, ribb...

Begge dei danske oppskriftene er litt meir forseggjorte enn den frå Nøstebarn: Dei tipsar om korleis strikke slik at sidene kan bli finast muleg i samansyinga til slutt. Og spesielt "Inderst inde" har ein raffinert måte å felle på slik at ermholene blir elegant innsvinga  - men slik blir oppskrifta også meir innvikla å både strikke og å forstå.  


Fordelen med "Inderst inde" er at han er knappelaus. Eg slappar nemleg aldri heilt av når ein smårolling har knappar på kleda sine! Min eittåring likar i alle fall veldig godt å tyggje på knappen på valnøtt-trøya si, og eg vurderer difor å fjerne knappen. Kanskje blir det fint å hekle ei hempe i staden?

oppskrift: Lille livstykke av Marianne Isager
storleik: 1 år (men eg strikka eit par cm lenger enn oppskrifta)
garn: "Ingunn" (økologisk merinoull) 170 m - 50 gr, totalt brukt 55 g
(altså tjukkare enn garnet i oppskrifta, blir då ikkje så tettsitjande)
farge: Nr 004 kochenille VI 4
firma: Det mjuke
pinnar: dominopinnar nr 3,5




4 kommentarer:

  1. Så moro å se plaggene ved siden av hverandre! Jeg har brukt baby-i-rib mye som vest også, ligner litt på ribbevesten til nøstebarn. Jeg hadde også avskrevet vest som plagg pre barn, men har endret mening helt :) Som penplagg til gutt er det jommen praktisk med et plagg som ikke slenger som jakker kan gjøre.

    SvarSlett
  2. Jeg liker at du evaluerer oppskriftene og sammenligner dem. Da er det lettere å gjøre egne valg. Vestene ble kjempeflotte!

    SvarSlett
  3. Takk for inspirerande kommentarar! Monstermønster: Baby-i-rib fann eg no fram frå oppskrift-lageret mitt, ubrukt. Syntest før at skuldrane såg litt for "jentete" ut til ein gute-vest, men no vil eg jammen prøve. Spesielt når eg ser den forlokkande setninga: "strikkes fra oven og ned, så der ikke er noen sømme" :-)

    Gløymde forresten å skrive at eg er på jakt etter ein skikkeleg "FEST-vest" til smågut, ein vest som er kneppa heilt ned a la dress-vestar, og som passar til "Emil-skjorter", altså skjorter med rund krage. I kveld fann eg noko i nærleiken av det eg leitar etter, då eg søkte på ordet "bondevest":

    garnoggammelt.blogspot.com/2011/01/en-smule-katholtstemning.html

    Strikkepanja: ja, eg likar å analysere og samanlikne strikk, sjølv om eg ser at innlegga mine dermed kan bli litt for lange og omstendelege... Men kjekt om du og andre også kan ha nytte av erfaringane! Det er i alle fall ein fryd no å skrive alt rett i bloggen, istadenfor å samle på kaotiske strikkenotatar på papir!

    SvarSlett
  4. Seus coletinhos são muito lindos e delicados. Bjsss
    Regina
    tentandotricotar.blogspot.com

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...