Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

25. september 2015

PÅ FUGLEJAKT - to catch a bird while knitting

Hausten kjem alltid med eit visst vemod, synest eg, ikkje minst når trekkfuglane flaksar forbi høgt der oppe på himmelen, på veg sørover.

Men då er det ikkje anna å gjere enn å finne fram garn og pinnar, og prøve å fange ein fugl eller to - i maskene! 

Eventyrfuglane mine frå babyvottane Tommelise (og Grantreet) er no sanneleg landa på ei hue.

Eg gjentok rett og slett vottediagrammet nokre gonger rundt "skallen", og dermed vart det eit passande hue-mønster. 

Å vere med i Vottelauget byr på mange gleder, ikkje minst at mjuke, herlege gåver plutseleg hamnar i fanget mitt. Dette fine, handfarga garnet frå Edinburgh hadde Ann med til oppvarminga vår før hagefesten hos Aschehoug i august. Sjølvsagt ville eg då strikke noko som er inspirert av boka vår!

Fleire har spurt meg kva slags fugleart eg eigentleg har laga. Vel, første gong fuglen dukka opp var på tommelen på Grantreet. Då tenkte eg på ei svale, fordi H. C. Andersen skriv at treet snakkar med svalene om våren.
 I eventyret om Tommelise er det også ei svale, som blir redda av Tommelise, og dei legg ut på ei luftig reise i lag. Men biologien har eg tolka temmeleg fritt, så det beste namnet er nok ein eventyrfugl.

Inspirasjonen kom frå fleire kantar, men ikkje minst frå tomlane på fuglevottane i den danske boka "Strik med nordisk tradition" av Vibeke Lind (1981, nyopptrykk 2013). Verkeleg ei skattkiste! 

Så, kva blir neste kapittel, skal tru ... Eit eventyrfugl-skjerf, kanskje?



3. september 2015

HAVBLÅ VINNARAR, LYSEGRØNT HÅP

Trekninga av Tommelise-garnet er over, og tilfeldigvis vart det havblått til begge vinnarane. 

No har eg nøsta opp silkeulla (... pluss eit nøste kvit merinoull til kvar), slik at det skal vere rikeleg til å strikke eit par Tommelise-vottar, også om ein doblar garnet for å få større vottar.

Når eg går til posten med garnet, kjem eg også til å sende ein tredje pakke avgarde: Nemleg vottane med grøne fuglar på (strikka i Cheeky Merino Joy). Desse går til den nystarta Facebook-gruppa "Strikk til flyktninger". Ei bokstaveleg tala bittelita gåve, men eg håpar ho kan varme små hender i vinter.

Dei to som vinn ein havblå Tommelise-garnpakke er nr. 8: Aashild Leithe Hetland, som skreiv: "Silkeull, den høres så god ut! Har aldri prøvd dette garnet."

Og nr 50: Solveig/Made by SolisVotteboka står på ønskelisten ... Elle melle deg fortelle vanskelig å velge her, men jeg ender nok på Silkeull. Nytt garn for meg som jeg veldig gjerne skulle prøvd ut. Nå x-jeg strikkepinnene og venter i spenning :-)

Hurra og gratulerer! Og til alle de andre: Hjarteleg for innsatsen og fine kommentarar. Spennande å lese!  Å dele ut garnpakkar er moro, så det blir nok fleire sjansar utover hausten.

PS: No treng eg altså postadressa til Aashild og Solveig slik at garnet landar på rett stad: 
De kan bruke e-postadressa mi frida.fielding(krøllalfa)yahoo.com  Oppdatering: Begge vinnarane har tatt kontakt!


Trekninga er gjort på nett, med hjelp av random number generator. 

1. september 2015

FLYGANDE GARN TIL DEG?

Skal du vere med på fugle-samstrikkinga som vi i Vottelauget arrangerer no i september? Eller har du berre lyst på nokre gram fjørlett og mjukt garn? 

Eg deler ut to små spesialpakkar ("kits") med garnnøste som kan passe til å strikke minst eitt par av babyvottane mine, Tommelise. Denne oppskrifta finn du i boka Eventyrvotter som nettopp er publisert (yeah!) 

Om du vil vere med på trekninga, skriv ein kommentar her under innlegget, der du seier kva garn du har mest lyst på (og gjerne også kvifor): 

aCheeky Merino Joy i fargen  "Cerise Ombré", handfarga av Ninapetrina. 
b) Silkeull frå Nøstebarn i fargen havblå, eller 
c) Huldra kamgarn frå Hifa i brunt. 
Tommelise strikka i Silkeull frå Nøstebarn 
(.. med herrevotten "Bjørnen og ulven" til høgre)



begge pakkane kjem eg også til å putte oppi eit like stort nøste i kontrastfargen kvit/natur. 

Desse vottane er kjappe å strikke, ikkje minst fordi dei er utan tommel.
Istadenfor det litt tidkrevjande havskummønsteret på mansjetten, kan du også velje vanleg vrangbord. 

Tommelise strikka i Huldra kamgarn



Sjølv har eg strikka Tommelise-vottane med alle desse tre garntypane, og tilrår dei alle varmt i oppskrifta. a) har eg strikka i størrelsen "3-6 mnd", medan dei tynnare typane b) og c) vart "nyfødd". 

Men kor store vottane blir, er sjølvsagt også avhengig av di personlege strikkefastheit.

Fristen er temmeleg kort: Onsdag 2. september ved midnatt må kommentaren vere lagt inn her. Torsdag (3. september) kunngjer eg dei to vinnarane. Oppdatering: Trekninga er utført, sjå innlegget over.


Lukke til i svevet! 

"Det er betre med ein fuglevott i handa, enn ti garnnøste i skapet ..."
I septembersamstrikkinga er fuglar temaet.
Du kan strikke babyvottane Tommelise (her på fotoet i Rauma Finull),  Gullfuglen, Nattergalen
eller eventuelt Grantreet, der eg har plassert eventyrfuglen på kvar tommel. 



3. juni 2015

GRØN BARNDOM - green nostalgia

Ei lita jakt er i gang: Har dette mønsteret eit namn, skal tru?  Eg har vore på mørkeloftet og rista støvet av to matchande barnejakker. Litt holete og stive, men likevel gode å ha på skogstur i vårsola.
Den grøne, avdempa fargen fyller meg med nostalgi, og etter å ha leita ei god stund fann eg eit familiefoto frå ca 1965 med desse to koftene som 17.mai-antrekk på to stolte brør. Så mønsteret må altså minst vere 50 år gammalt. Er det nokon som veit meir? Eg ventar spent!

Oppdatert same kveld: Hurra for Koftegruppa på Facebook! Då eg la ut spørsmålet der inne, varte det ikkje lenge før eg fekk løysinga på gåta: Mønsteret heiter "Jan k 812" og er frå  Sandnes kamgarn spinneri. Originalen er altså i heilt andre fargar! (Foto: skjermdump). Men skal tru kva år dette mønsteret kom ut? Eg nøstar vidare ...

31. mai 2015

HALVVEGS TIL SHETLAND - My first Baa-ble hats

Det er så godt når folk deler! Plutseleg har eg fått ein haug med stilige sauer i huset, takka vere Donna Smith på Shetland. 

Gratis-mønsteret hennar, "Baa-ble hat" (for Shetland Wool Week) har poppa opp i ulike variantar på nettet dei siste vekene, og sjølvsagt måtte eg og Silkesauen også vere med på dansen: 

"Sauer på vårbeite" og "Sauer i solnedgang" vart resultatet, og eg har allereie planar om éi hue til. Toppen på den raude vart nemleg litt for mykje jordbær, og litt for lite solnedgang etter min smak ...

Eg har aldri vore på Shetland, men no kjenner eg at eg har kome eit lite hopp nærare. Kanskje skal eg lage eit Baa-ble-skjerf også ...?

Fleire detaljar om huene finn du på Raverly-sida mi.
Dei søte 25 grams nøsta i shetlandsk saueull er perfekte til slike små prosjekt 
(... pluss at eg sneik inn litt Finull frå Rauma i sjølve sauemønsteret). 

7. april 2015

OG PÅSKA VARER HEILT TIL SOMMARDAGEN

Snøen har regna vekk, men enno er det godteri i påskeegget, og harane ynglar som berre det! 

Alt eg rakk å strikke denne påska var nemleg barnevottane "Harehopp", det vil seie ein nylaga variant av Reveenka-mønsteret mitt. Rovdyra måtte altså bli igjen i skogen denne gongen, for at harane kunne hoppe fritt omkring på strikketyet.

Og du veit vel at du kan feire påske ei lita veke til ...? Den ortodokse påska er nemleg éi veke seinare enn den norske i år. Og ikkje minst: Påskevottstrikk-konkurransen i regi av oss i Vottelauget har frist heilt til 14. april, altså samtidig med den første sommardagen! Har du ein primstav i huset, er dette den magiske datoen då du kan snu primstaven frå vinterside til sommarside. 

Har du lyst til å bli med på innspurten? 
Les meir om påskevottstrikk-konkurransen på fellesbloggen til Vottelauget. Og her på Facebook-sida til Torirot kan du sjå foto og kome med heia-rop etter kvart som bidraga tikkar inn!
Årets påskestrikk for meg:
Barnevottane "Harehopp",
etter mi eiga oppskrifta
"Haren og reven".
Garn: Pickles Pure Wool.
Fleire strikkefakta finn du på prosjektsida "Harehopp" på Raverly.
 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...