Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

25. september 2015

PÅ FUGLEJAKT - to catch a bird while knitting

Hausten kjem alltid med eit visst vemod, synest eg, ikkje minst når trekkfuglane flaksar forbi høgt der oppe på himmelen, på veg sørover.

Men då er det ikkje anna å gjere enn å finne fram garn og pinnar, og prøve å fange ein fugl eller to - i maskene! 

Eventyrfuglane mine frå babyvottane Tommelise (og Grantreet) er no sanneleg landa på ei hue.

Eg gjentok rett og slett vottediagrammet nokre gonger rundt "skallen", og dermed vart det eit passande hue-mønster. 

Å vere med i Vottelauget byr på mange gleder, ikkje minst at mjuke, herlege gåver plutseleg hamnar i fanget mitt. Dette fine, handfarga garnet frå Edinburgh hadde Ann med til oppvarminga vår før hagefesten hos Aschehoug i august. Sjølvsagt ville eg då strikke noko som er inspirert av boka vår!

Fleire har spurt meg kva slags fugleart eg eigentleg har laga. Vel, første gong fuglen dukka opp var på tommelen på Grantreet. Då tenkte eg på ei svale, fordi H. C. Andersen skriv at treet snakkar med svalene om våren.
 I eventyret om Tommelise er det også ei svale, som blir redda av Tommelise, og dei legg ut på ei luftig reise i lag. Men biologien har eg tolka temmeleg fritt, så det beste namnet er nok ein eventyrfugl.

Inspirasjonen kom frå fleire kantar, men ikkje minst frå tomlane på fuglevottane i den danske boka "Strik med nordisk tradition" av Vibeke Lind (1981, nyopptrykk 2013). Verkeleg ei skattkiste! 

Så, kva blir neste kapittel, skal tru ... Eit eventyrfugl-skjerf, kanskje?



3 kommentarer:

  1. Hei! Kan man kjøpe oppskrift på reveenka-vottene noe sted? Fant dem på Ravelry men fikk ikke til å kjøpe den.. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, kjekt å høyre at du er interessert i Reveenka-vottane. Oppskrifta (som har tre ulike variantar) står i boka "Eventyrvotter", utgitt på Aschehoug Forlag i haust. Boka finst hos bokhandlarar i heile landet, pluss hos nokre garnbutikkar m.m. Reveenka finst også som ein del av e-boka "Votter fra eventyrskogen", som er til sals via Raverly. Men e-boka har berre 7 votteoppskrifter totalt, i papirboka er det mange fleire. Lukke til med strikkinga! http://www.ravelry.com/patterns/library/reveenka

      Slett
  2. JoyCasino gir deg en bra innskuddsbonus. Du vil motta innskuddsbonuser på dine fem første innskudd

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...