Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

24. april 2011

PÅSKEMYSTERIET - Who is late for Easter?

- Mamma! Eg finn ikkje påskeegget med all sjokoladen i! 
- Eeh, sjokoladeegget ja... Du veit, mamma har hatt det så travelt i det siste, med jobb og sånt. 
- Jobb? Det er vel ingen som jobbar i påska! Berre påske-haren, han som hoppar rundt med ei korg og legg frå seg sjokoladeegg overalt.
- Eeh, påskeharen ja... Eg trur livet til påskeharen heng i ein temmeleg tynn tråd i år... 
- Ein tynn kvafornoke ??? 
- Ja ... hm... Mammaharen valde ein fin, men altfor tynn tråd då ho skulle strikke, så ho blir visst aldri ferdig med verken øyrer eller spretne labbar til hareguten sin. Og då klarer han ikkje å hoppe rundt og levere påskeegg. Men du! Har du høyrt om pinseharen? Han er veldig treig, men når han først kjem, har han med seg dobbelt så mykje godteri som påskeharen. Eg lovar! 


2. april 2011

SMÅTT ER GODT - small gifts

Finst det noko meir fascinerande enn nyfødde føter...? Då eg vart mamma for første gong vart eg rørt og glad over alle dei personlege gåvene, ikkje minst dei heimelaga babysokkane. Til og med på fødeavdelinga fekk eg velje meg ut eit par, laga av nokon i det lokale husflidslaget. Alle desse små "smykka" hengde eg opp langs ei snor på veggen heime, etter kvart som babytærne strekte seg og sokkane vart for små. Dekorativt!


Då eg seinare oppdaga boka "Myk start" vart det min tur til bli babysokk-strikkar. Kvar gong ein ny liten venn no kjem til verda, grip eg gjerne til oppskrifta derifrå. Ei fin gåve som eg klarer å strikke på nokre små kveldsstunder, og som mottakaren vonlegvis blir glad for, utan å bli for overvelda:
Kvifor nemner eg dette? Jau, på Nøstebloggen i går fekk vi vite at temaet for april er Kva og korleis gir me gåver? Eit kjekt, praktisk og inspirerande spørsmål, men som hos meg også sette filosofiske tankar og grubling i gang, om fullstappa leikerom, om konfirmantar som sit klare med kalkulatoren ved gåve-bordet, og om oss vaksne, som nok er dei mest kjøpelystne av alle, spesielt når vi kjenner oss utilstrekkelege ...


Men bittesmå babyføter anar enno ingenting om den ville (og vakre) verda der ute, og eg varmar dei gjerne enkelt - og bokstaveleg tala lett - med berre 15 gram silkeull! Ei typisk babygåve frå meg ser altså slik ut: Eitt par babysokkar, pakka inn i papir henta frå haugen med krusedullar (les: barnekunst), ein tilsvarande merkelapp, og gjerne også eit kjapt strikka gåveband, no når eg har fått blondekanten frå sokkane så godt inn i fingrane. 


For meg er altså smått godt! Small and easy gifts are (hopefully) beautiful gifts! 


garn- & oppskrifts-fakta:
"Sokker med blondekant": frå boka Myk start av May B. Langhelle
garn, sokkane: silkeull frå Askeladen/Nøstebarn
(farge: natur, lys oliven og dueblå (dén utgått no trur eg)
garn, gåvebandet: ITO Kinu, 100 % silke (farge: mauve)

PS: Dei to fotograferte sokkepara er ikkje nystrikka, men laga til mine eigne småttingar, difor ser dei så velbrukte ut :-)

29. mars 2011

RETT I KOMPOSTEN - back to earth

Nei, eg har ikkje tenkt å slengje dette nystrikka sjalet i komposten (...for eg er i grunnen godt fornøgd med resultatet), men planterestane og alt anna avfall etter farginga av garnet går rett oppi kompostbingen heime hos The Natural Dye Studio i Suffolk. Og dei nye plantene som veks opp der, blir etne av både husdyr og ville kaninar. Kjekt å tenkje på, synest eg.


Dette vesle sjalet heiter Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos (men ho har brukt eit heilt anna garn), og det har vore ein sann fryd å lokke fram våren gjennom å strikke lauv etter lauv - 29 i alt - langs kanten. 

Takka vere Alana Dakos har eg no lært meg å lage usynlege forkorta rader (short rows) i glattstrikk, og eg har fått meirsmak på sjal! 





oppskrift, vårleg sjal:
Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos
garn: "Angel" 4ply/sock (70% babyalpakka,  20% silke, 10% kasjmir) 
- 100 gr = 360 meter - frå The Natural Dye Studio
fargar: "Bluebell" til sjølve sjalet (ca 40 gr), "Atlas" til lauv-kanten (ca 30 gr)
pinne: 3,5 mm



22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



19. mars 2011

HÅPET ER LYSEGRØNT... - hope in springtime



Å formulere noko fornuftig eller kvardagsleg er vanskeleg no, når folket i Japan - og også i Libya - er ramma av ufatteleg smerte. 
Eg kan berre seie eitt enkelt ord: Håp.

Her i min vesle, trygge kant av verda strikkar eg i alle fall på eit vårleg og optimistisk sjal, der lysegrøne striper lurer seg inn i den frostblå fargen. 


Garnet er plantefarga, og både bambus-rundpinnen og peike-fingeren min har fått eit blått skjær dei siste dagane. 


No er eg komen nesten halvvegs med den avsluttande lauvkanten, og eg satsar på å bli ferdig før vårjamndøgn (ikkje lenge til!), når natta og dagen er like lange over heile verda.




Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er –
Under open himmel. Over open avgrunn.

Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom –


"Innbying" av Tarjei Vesaas  (1897-1970)




7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...