2. april 2011

SMÅTT ER GODT - small gifts

Finst det noko meir fascinerande enn nyfødde føter...? Då eg vart mamma for første gong vart eg rørt og glad over alle dei personlege gåvene, ikkje minst dei heimelaga babysokkane. Til og med på fødeavdelinga fekk eg velje meg ut eit par, laga av nokon i det lokale husflidslaget. Alle desse små "smykka" hengde eg opp langs ei snor på veggen heime, etter kvart som babytærne strekte seg og sokkane vart for små. Dekorativt!


Då eg seinare oppdaga boka "Myk start" vart det min tur til bli babysokk-strikkar. Kvar gong ein ny liten venn no kjem til verda, grip eg gjerne til oppskrifta derifrå. Ei fin gåve som eg klarer å strikke på nokre små kveldsstunder, og som mottakaren vonlegvis blir glad for, utan å bli for overvelda:
Kvifor nemner eg dette? Jau, på Nøstebloggen i går fekk vi vite at temaet for april er Kva og korleis gir me gåver? Eit kjekt, praktisk og inspirerande spørsmål, men som hos meg også sette filosofiske tankar og grubling i gang, om fullstappa leikerom, om konfirmantar som sit klare med kalkulatoren ved gåve-bordet, og om oss vaksne, som nok er dei mest kjøpelystne av alle, spesielt når vi kjenner oss utilstrekkelege ...


Men bittesmå babyføter anar enno ingenting om den ville (og vakre) verda der ute, og eg varmar dei gjerne enkelt - og bokstaveleg tala lett - med berre 15 gram silkeull! Ei typisk babygåve frå meg ser altså slik ut: Eitt par babysokkar, pakka inn i papir henta frå haugen med krusedullar (les: barnekunst), ein tilsvarande merkelapp, og gjerne også eit kjapt strikka gåveband, no når eg har fått blondekanten frå sokkane så godt inn i fingrane. 


For meg er altså smått godt! Small and easy gifts are (hopefully) beautiful gifts! 


garn- & oppskrifts-fakta:
"Sokker med blondekant": frå boka Myk start av May B. Langhelle
garn, sokkane: silkeull frå Askeladen/Nøstebarn
(farge: natur, lys oliven og dueblå (dén utgått no trur eg)
garn, gåvebandet: ITO Kinu, 100 % silke (farge: mauve)

PS: Dei to fotograferte sokkepara er ikkje nystrikka, men laga til mine eigne småttingar, difor ser dei så velbrukte ut :-)

2 kommentarer:

  1. Et bra innlegg! Jeg liker hjemmestrikkede gaver, og jeg liker å gi hjemmestrikkede gaver! Størrelsen betyr ingenting, det viktigste er at en kan varme mottakeren :)

    SvarSlett
  2. Så flott innlegg! :) Godt skrive! Sokkar (eller tøfler) er ei super gåve som varmar, og så får vi håpe at omtanken som ligg bak varmar litt også. :) Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...