Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

29. mars 2011

RETT I KOMPOSTEN - back to earth

Nei, eg har ikkje tenkt å slengje dette nystrikka sjalet i komposten (...for eg er i grunnen godt fornøgd med resultatet), men planterestane og alt anna avfall etter farginga av garnet går rett oppi kompostbingen heime hos The Natural Dye Studio i Suffolk. Og dei nye plantene som veks opp der, blir etne av både husdyr og ville kaninar. Kjekt å tenkje på, synest eg.


Dette vesle sjalet heiter Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos (men ho har brukt eit heilt anna garn), og det har vore ein sann fryd å lokke fram våren gjennom å strikke lauv etter lauv - 29 i alt - langs kanten. 

Takka vere Alana Dakos har eg no lært meg å lage usynlege forkorta rader (short rowsi glattstrikk, og eg har fått meirsmak på sjal! 





oppskrift, vårleg sjal:
Cedar Leaf Shawlette av Alana Dakos
garn: "Angel" 4ply/sock (70% babyalpakka,  20% silke, 10% kasjmir) 
- 100 gr = 360 meter - frå The Natural Dye Studio
fargar: "Bluebell" til sjølve sjalet (ca 40 gr), "Atlas" til lauv-kanten (ca 30 gr)
pinne: 3,5 mm



22. mars 2011

PAKKE FRÅ AMERIKA - I've got mail!

Eg har gått og nynna på Solveigs Sang dei siste vekene, og det skulle jammen gå nesten både vinter og vår før denne etter-lengta pakken dukka opp - i dag!


For første gong har eg nemleg bestilt garn frå USA (... slik er det når ein surfar seg svolten på nettet...), men ventetida tok nesten to månader. Eg var i ferd med å forsone meg med at ein toll-inspektør no sat lukkeleg i lunsjpausen sin, stadig strikkande på mitt dyrebare garn. Men i dag vart altså godteposten likevel min! 


Planen er å teste ut desse to garntypane frå firmaet The Fibre Company, før eg eventuelt bestiller meir: Av "Organik" (økologisk merinoull, babyalpakka og silke) drøymer eg om å lage Kerrera for Kids-jakka av Gudrun Johnston, og av det litt tynnare garnet "Road to China Light" (babyalpakka, silke, kamel og kasjmir) lurer eg på Sabbatical-jakka av Connie Chang Chinchio til meg sjølv. Men først skal eg berre leggje dei herlege buntane i fruktskåla, og beundre synet - og vente, vente litt til...



19. mars 2011

HÅPET ER LYSEGRØNT... - hope in springtime



Å formulere noko fornuftig eller kvardagsleg er vanskeleg no, når folket i Japan - og også i Libya - er ramma av ufatteleg smerte. 
Eg kan berre seie eitt enkelt ord: Håp.

Her i min vesle, trygge kant av verda strikkar eg i alle fall på eit vårleg og optimistisk sjal, der lysegrøne striper lurer seg inn i den frostblå fargen. 


Garnet er plantefarga, og både bambus-rundpinnen og peike-fingeren min har fått eit blått skjær dei siste dagane. 


No er eg komen nesten halvvegs med den avsluttande lauvkanten, og eg satsar på å bli ferdig før vårjamndøgn (ikkje lenge til!), når natta og dagen er like lange over heile verda.




Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er –
Under open himmel. Over open avgrunn.

Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom –


"Innbying" av Tarjei Vesaas  (1897-1970)




7. mars 2011

SKAPT SÅNN - naturally coloured cotton

Plutseleg viste kalenderen mars, og dei uvante solstrålane førte meg rett inn i ruge- og grublefasen: For kva skal eg strikke med no...? Er det på tide å skifte frå varmande ull til vårleg bomull? Frå djupet i garnkorga henta eg fram naturens eige underverk, nemleg seks små buntar naturleg farga bomull, merka med passande namn som krem, avokado, skog og sjokolade: 
Ja, det er faktisk sant! Denne økologiske bomullen har ikkje éin einaste drope tilført farge: Natur-, grøn- og bruntonane (finst visst lilla-tonar også) kjem frå ulike pigment i bomullsplantene sjølve. Dei seks buntane har lege og fascinert meg i mange månader, men først i dag, inspirert av vårsola, nøsta eg dei opp, medan eg prøvde å klekkje ut ein suveren strikke-plan. 

Kanskje skal eg lage ein bomullsversjon av Sidelengs jakke i sirkel? Eller ein påskekosekanin eller kanskje Elefanten Elijah? (Garantert trygg å tyggje på for småttingar!) Eller kanskje fornuftige vaskeklutar? Eg blir glad for gode idear! 

PS: Dette bomullsgarnet heiter Pakucho (info på dansk), og er frå Peru. Både usprøyta, kunstgjødsel-fritt og Fairtrade! Eg har ein tynn type: 50 gram = 200 meter, pinne nr 2 1/2 - 3. Knitter's Review har ein svært positiv omtale av ein tjukkare versjon.

27. februar 2011

GRIP DAGEN - Fetching & Fair

Denne helga unte eg meg sjølv to fargesterke gåver: 


Pulsvarmarane "Fetching" strikka i alpakka frå Peru, og ein raus bukett Fairtrade-roser frå Kenya. 


Fetching er ei oppskrift som ligg heilt oppe i topp-sjiktet på nettsamfunnet Raverly
I skrivande stund finst det 17.491 registrerte prosjekt! Eg er altså ikkje original i dag (heller), men å vere i godt selskap er vel ikkje å forakte?


Eg valde eit heilt anna garn enn foreslått, og 100 prosent alpakka er nok ikkje typen som får flettemønster tydelegast fram, men takka vere denne klare raud-fargen (i retning kirsebær) fungerer det likevel fint, synest eg. 


Fetching er superraske å lage, og akkurat litt mindre enn eit 50-grams nøste går med. Perfekt! 


Dette er tredje gongen eg strikkar Fetching (dei to første para gav eg bort så fort at eg gløymde å ta foto), og før eg produserer endå fleire gir eg desse raude til meg sjølv for å teste dei ut:  For er dei også praktiske og robuste i bruk...? . I dag verna dei i alle fall den vintertørre huda godt mot tornete (og fortryllande) roser!


Seize the day - with a quick knit like these fingerless gloves, Fetching (free pattern), and Fairtrade flowers. 


oppskrift:
"Fetching" (fingerless gloves) frå knitty.com (gratis oppskrift)
(...men eg endra litt øvst, dvs strikka ei ekstra flette istadenfor picot-kant)
garn: Artesano "DK superfine alpaca" (100 m - 50 gr. Eg brukte totalt 45 gram)
farge: nr 1532 - "Chile"
pinnar: strømpepinnar 4 mm (og flettepinne)

20. februar 2011

OMATT OG OMATTATT - repairing, repairing

Med eitt sjukt barn - og eitt sprudlande friskt, men heimeverande barn, fordi alle dei tilsette i barnehagen var sjukmelde samtidig (!) - har den siste veka ikkje vore tida for dei store strikke-prosjekta. (Hm, når skal dén dagen kome, skal tru...?) Men inspirert av den framifrå Nøstebloggen, som no i februar har vøling som tema, har eg i alle fall bladd meg gjennom den velfylte reparasjons-korga mi, og fiksa og dekorert eit par-tre plagg. 


Sidan eg ikkje har symaskin i huset (men derimot eit aldri så lite hekle-kompleks), blir det til at eg tyr til strikking også når eg reparerer plagg. Ja, pluss litt sying for hand. Alt ved hjelp av restegarn. Først strikka eg eit BLÅTT KATTE-FJES for å skjule eit hol midt på magen på ein velbrukt silkeull-body:
Katte-fjes: Ideen henta eg frå dei blå katte-fjesa på skinntøflene. Men katten min fekk eit lurare smil :-) 
Det rosa hjartet og kne-lappane på buksa er frå tidlegare vøle-stunder. 


oppskrift på katte-fjes (mi eiga): 
Strikka runding først, dvs la opp 9 masker, strikka rundt i glattstrikk medan eg gradvis auka til 39 masker, felte så av. For å lage øyre tok eg opp 7 m langs kanten og felte gradvis til spiss. Repeterte for øyre nr 2. Tova så lappen lett ved å vaske og gni i vatn og ullsåpe, la han fuktig i spenn med knappenåler ( a la "blokking") over natta. Festa lappen på plagget med kastesting, sydde til slutt "ansiktstrekk" med tynn stoppeull (mørkeblått).

garn: Silkeull frå Askeladen/Nøstebarn, farge blå nr 359 (utgått?)
(valde silkeull fordi det er mjukt og sterkt, og fordi bodyen også er i silkeull)
pinnar: strømpepinnar nr 2 (for å få maskene tette)

oppskrift på det rosa strikka-hjartet (framme på buksa): 
fann eg på nettforumet Nybakt mamma, skrive av Marie: "Strikke hjerte?"

ROSA SOMMARFUGL: Bak på silkeull-buksa hadde eg frå før raskt snurpa saman eit hol ved hjelp av kvit stoppe-tråd (sidan eg ikkje hadde ein lyseblå farge som passa). No kamuflerte eg denne kvite "kokongen" ved å forvandle han til ein rosa sommarfugl, sydd med enkle sting. Det rosa garnet er restar frå Fantasi-fuglen eg laga i fjor. Eg splitta opp garnet opp for å få tynnare tråd. 
GRØNE KNE: Reparasjonen eg er funksjonelt mest fornøgd med er desse grøne knelappane. Eg har reparert fleire holete kne med slike lappar, men akkurat til denne grøne buksa/stillongsen laga eg to par lappar, eitt for innsida og eitt for utsida. Då vart lappane ekstra tjukke og gode, ja nesten som kne-beskyttarar. Elles har mine strikka lappar hatt lett for å bli for gjennomsiktige og "sprikete" (toving er sikkert ei god løysing, om lappane då ikkje blir for harde?). 


Den grøne ull-stillongsen er kjøpt utanlands hos ei verna bedrift (arbeidstrening) som syr miljøvennlege ullklede for både barn og vaksne. Og veldig kjekt og sympatisk: Eit par "sommarfugl-forma" buntar med stoppegarn i akkurat same farge som plagget følgjer alltid med:
Oppskrift, ovale (kne)lappar: "Olbogelappar" frå boka Strikk til Nøstebarn (s. 130) av Kathrine Gregersen. 










Garnet eg brukte: 2-tråds merinoull frå Askeladen/Nøstebarn i farge lys oliven, nr 335A -  strikka saman med det grøne stoppegarnet som altså følgde med ullbuksa.  



Vel, verken himmelstormande innovative eller spesielt vakre er desse raske reparasjonane mine, men eg må likevel seie: Hjartet rører seg med små sommarfugl-venger når eg ser og tenkjer over at såleis kan dei verdifulle yndlings-plagga våre brukast ei god stund til. 


Og no vart sanneleg reparasjons-korga tom, i alle fall for ullplagg. Herleg! 
Ooops.... Nei, så lenge var Eva i Paradis ... Her må visst stoppesakene fram igjen...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...