Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

14. januar 2011

KJÆR VEST, MANGE NAMN - top tank top

Før eg vart mamma, var ordet "strikkavest" noko som fekk meg til å tenkje på golfspelande gentlemen i tweed-knickers, eller på ein oldefar med pipe i gyngestolen. Men no vil eg seie at strikkavesten er blitt til ein av dei absolutt fremste baby- og småbarnsstrikk-favorittane mine!  

Vestar er så lette å kle på ein liten kropp, dei varmar - og pyntar opp - utan å dominere, og ikkje minst er dei så mykje enklare å lage enn jakker og genserar (... kven likar å montere ermar...?) 
Vesten "Lille livstykke" er ferdig! Nedst ribbestrikk, øvst perlestrikk. Til slutt: ein enkel knapp i oliventre.


Som eg lova i førre innlegg, skulle eg starte året med å fullføre gamle affærer, og no er altså det rosalilla garnet mitt blitt til ein vest. Det vil seie: "Lille livstykke" (ny lenke til shop.isagerstrik.dk) er det poetiske namnet på dette gratis-mønsteret signert Marianne Isager. 


Garnet er frå ein plantefarga og økologisk serie (frå det norske firmaet "Det mjuke"), men akkurat fargen kochenille er temmeleg dyrisk, for han stammar faktisk frå knuste skjoldlus... Hm, skal eg fortelje dette til foreldra til eittåringen som skal få denne vesten i forseinka bursdagsgåve...? Om nokon vil vite meir om fargen og garnet, har bloggen  Krisztinas hobbysider eit fint innlegg, der Krisztina har strikka finlandshette i akkurat same garn og farge som vesten min.


I fjor laga eg "Lille livstykke" i plantefargen valnøtt, og minstemann har verkeleg budd i denne vesten til tider (... som også er lett å sjå på fotoet under!). Her kjem ein liten kavalkade og vurdering av dei tre oppskrift-favorittane mine, som alle tre faktisk heiter noko heilt anna enn vest: 
Dei to til venstre"Lille livstykke" i fargane Kochenille og Valnøtt i garnet Ingunn frå firmaet Det mjuke. Eg diggar det perlestrikka berestykket! Gjer vesten vakrare, og er moro å strikke etter dei endelause rekkjene med ribb. 





I midten: "Inderst inde" frå boka "Sødt & blødt" av Lene Holme Samsøe, i fargen grønmelert (nr 158) i Tynn alpakka frå Du store alpakka. Eg ser at alpakka-garnet har halde betre på fasongen enn vestane i ull og silkeull, men så er vel denne vesten minst brukt også. Eldstemann på tre år nektar nemleg å ha han på meir... (Eg set min lit til eittåringen, som snart kan overta :-)

Dei to til høgre: "Undertrøye" frå boka "Strikk til Nøstebarn" av Kathrine Gregersen, i silkeull i fargane olivengrønt og blått (den blå er utgått no trur eg). Mine første strikka baby-vestar! Ein fin klassikar, men kan bli litt kjedeleg å strikke pga ribb, ribb, ribb...

Begge dei danske oppskriftene er litt meir forseggjorte enn den frå Nøstebarn: Dei tipsar om korleis strikke slik at sidene kan bli finast muleg i samansyinga til slutt. Og spesielt "Inderst inde" har ein raffinert måte å felle på slik at ermholene blir elegant innsvinga  - men slik blir oppskrifta også meir innvikla å både strikke og å forstå.  


Fordelen med "Inderst inde" er at han er knappelaus. Eg slappar nemleg aldri heilt av når ein smårolling har knappar på kleda sine! Min eittåring likar i alle fall veldig godt å tyggje på knappen på valnøtt-trøya si, og eg vurderer difor å fjerne knappen. Kanskje blir det fint å hekle ei hempe i staden?

oppskrift: Lille livstykke av Marianne Isager
storleik: 1 år (men eg strikka eit par cm lenger enn oppskrifta)
garn: "Ingunn" (økologisk merinoull) 170 m - 50 gr, totalt brukt 55 g
(altså tjukkare enn garnet i oppskrifta, blir då ikkje så tettsitjande)
farge: Nr 004 kochenille VI 4
firma: Det mjuke
pinnar: dominopinnar nr 3,5




7. januar 2011

EG VIL VERE MONOGAM - ending old affairs

Eit nytt år: nye sjansar, nye draumar, nytt garn... Men nei! 
Først skal alle uferdige strikke-affærar avsluttast. Kors på halsen og på alle strikkepinnar!

Inspirert av nyttårs-innlegget til Unsepus på bloggen Innfall og påfunn (det er vel ho som også står bak nettbutikken Malsen og Mor?) har eg endevendt alle garnkorgene mine, på jakt etter gamle synder. Og målet er å strikke monogamt og ferdig før nye freistingar får overta. Når eg seier dette høgt og offentleg på denne måten, får eg større styrke til å gjennomføre!

Heldigvis vart haugen på benken ikkje så stor som frykta: Eit beige jakkeerme forsvann som opprekt garn allereie før fotoet vart tatt (Herleg! Å rekkje opp eit håplaust prosjekt er reine terapien! Og samtidig vart ein dyrebar rundpinne i rosentre frigjort frå maskene!) - og igjen låg tre små, men uferdige plagg:





Ein rosalilla vest (til venstre) som skulle ha vore bursdagsgåve til ein eittåring i november.  Vinterhimmel-jakka (i midten) som yngstemann ventar på, og: (til høgre) eit Mirasol-skjerf som skulle ha vore ei overraskande julegåve til niesa mi som elskar blått. Garnet er fint det, men Du store alpakka-mønsteret vart skuffande lite pent, og traudig å strikke, så like etter fotograferinga forsvann sanneleg dette prosjektet også, inn i eit opprekt nøste.

Dermed har eg berre to affærar igjen! Og dei skal eg kaste meg over med liv og lyst! 
For både vest og vinterhimmel-jakke skal vere avslutta kapittel, lenge før vårsola i bakkane blenkjer. 
Eg lovar...


24. desember 2010

OG SJÅ, EIN ENGEL - and lo, the angel

No er juleengelen komen heim til oss.  
Denne fine og enkle oppskifta fann eg på den nystarta NøstebloggenOriginalen er frå Tyskland, og har kappe laga av ark frå ei salmebok! 


Eg hadde ikkje så høgtidsamt papir til-gjengeleg, men brukte i staden eit juleraudt A4-ark med barnestrekar på. Det lysande hovudet er ei gul trekule frå eit babyrangle-kjede - og alt heng i hop, berre takka vere ein beskjeden sytråd. 


Eg limte ikkje vengene til kroppen slik som i forslaget (sidan papiret mitt var litt tjukt og "uregjerleg"), men synest i grunnen det vart vel så fint og luftig slik. 

Neste år har eg lyst til å lage eit heilt englekor! Kanskje ved hjelp av kasserte songark frå juletrefesten ...? Gledeleg jul!  


23. desember 2010

STRIKKEPINNEKJØT - the secrets of the sheep

Veslejulaftan ... dagen då dei salte, feite saueribbene endeleg skulle hentast inn frå stabburet og leggjast i kaldt vatn  - medan bjørkepinnane låg klare nedst i gryta og venta på dampkokinga neste dag. 


I følgje Wikipedia skal 1,5 millionar nordmenn ete pinnekjøt på julekvelden. Men ikkje her i huset. Ikkje med det skarpe blikket til Silkesauen like ved matbordet! Eg vil heller nytte sjansen til å sjå tilbake på Skapinga av Silkesauen:


Oppskrifta fann eg i boka "Itty-Bitty Toys" av Susan B. Anderson, som sjarmerte med fotoa av eit søtt og uskuldig lam. Men i prosessen hos meg vaks ein meir vaksen og erfaren sau fram under strikkepinnane, og glupsk som denne fyren var, fylte han vommen med alt han fann: 


Eit mislukka smetteskjerf, avklipte føter frå ein pyjamas, ei altfor tova bleiebukse, ein utsliten stillongs - og nokre lengder ullflor. Alt fekk plass i den 14 centimeter breie magen. Difor må eg flire litt kvar gong eg går forbi han, og tenkjer på alt han skjuler. Takka vere Silkesauen fekk eg rydda opp i "kan-verken-kaste-eller-bruke"-lageret mitt på ein herleg måte!


Susan B. Anderson har utvikla artige og enkle oppskrifter på kosedyr, men eg er ikkje så begeistra for nokre av "dill-dall"-løysingane hennar: Ho foreslår sugerør inni føtene for å få dyret til å stå, og "poly pellets" for ein stabil stump, saman med polyester fiberfyll. Eg droppa alt dette, ikkje minst fordi eg vil at Silkesauen skal vere mest muleg trygg og naturleg, også for små hender og munnar. 


>>Ny merknad febr 2011: Eg har berre brukt andre garn-typar enn Anderson foreslår, dvs ein mix av restegarn i passande naturtonar - og spesial-bestilt bouclégarn for at sauen skulle bli krulla i ulla. Det fine med strikka kosedyr er at dei ikkje treng å "passe" i storleik på nokon måte, så bruk gjerne garn du allereie har, berre garn-tjukkelsen stemmer innbyrdes (altså slik at ikkje f eks hovudet blir bittelite og kroppen diger.) Eit råd som også Anderson nemner er å bruke tynnare pinnar enn foreslått for garnet: Elles blir kosedyret lett levjete med tida, og fyllet kan tyte ut gjennom maskene.<<


oppskrift: 
"Lamb" (lam) frå boka Itty-Bitty Toys av Susan Anderson (i min eigen variant)
Oppskrifta oppdaga eg i etterkant også her, gratis på bloggen In Stiches

garn til hovud og føter (= restegarn): 
fargen Enkel latte i Pickles "Alpaca Wool" (25% alpakka, 75% ull - 50 gr = 72 m) dobla med Naturbeige (nr 52) i Gepards "Pura Lana" (100 % økologisk ull - 50 gr =115 m) 
garn til kroppen (= spesial-bestilt): 
Rowans "Purelife British Sheep Breeds bouclé"  (100 gr = 60 m)
garn til brodering av ansikt og klauvar
mørkegrønt melert i Du Store Alpakkas "Tynn alpakka"  
til "pannelugg" og "brystull"
krusa ull festa med hjelp av filtnål (min eigen idé)
>>ny merknad febr. 2011: filtnåla bør vere solid/tjukk: 
mi knakk då eg skulle feste på meir "brystull"! <<
fyll
oppklipte baby-ullklede og ullflor


9. desember 2010

JUVELAR I JULEGÅVE - jewels for Christmas



Jade-grønt og rubin-raudt. Med desse fargane har eg strikka min eigen variant av "Schneeflocke"-pulsvarmarane. Dermed forsvann dei isblå snøfnugga, og fram frå maskene kom skinande smykkesteinar istaden. Eller kanskje bittesmå drueklasar og saftige bringebær...? Det er rart korleis små masker kan endre karakter, alt etter farge og garntype.


Eg snudde opp-ned på originaloppskrifta, på fleire måtar: Eg starta øvst, altså oppe ved fingrane, slik at eg kunne lage "klase"-mønsteret først, medan eg funderte på korleis mansjetten skulle sjå ut. Eg bestemte meg så for glattstrikk-mansjett, med ein liten mønster-kant nedst (altså grøn variant). Men då eg prøvde pulsvarmarane på, syntest eg sanneleg at dei vart vel så fine opp-ned (altså raud variant)! Eller kva synest andre? I alle fall kan mottakaren velje sjølv, alt etter vêr og humør! Slikt er smart med tommel-lause pulsvarmarar. 


For første gong har eg prøvd ut silkeull-garnet "Tupa" frå Mirasol, der fargekartet tek utgangspunkt i juvelar og smykkesteinar. Og garnet skin verkeleg i vintermørkret! Ein viss del av salet av alle Mirasol-garn går til ein barneskule i Peru, og Mirasol har henta namnet sitt frå ei gjetarjente i Andesfjella, som symbol på dette arbeidet. Vonlegvis varmar altså denne julegåva fleire enn dei to norske mottakarane mine.

Nokre spør seg kanskje korleis eg kan brette ut potensielle julegåver på denne måten. Heile verda kan sjå denne bloggen, ja! - men ingen i min vesle krets av familie og venner  er blitt fortald om han, enno. Eg har tenkt å vente med slik "framsnakking", i alle fall til januar. Og om nokon kjende tilfeldigvis snublar innom her, så veit dei likevel ikkje kva for ei strikka-gåve dei får, eller om dei får éi i det heile ...




I have made my own twist of the wrist warmers-pattern "Schneeflocke" (Snowflake), with two different, shining colors of the silkwool yarn "Tupa" from Mirasol, named after jewels and ornamental stones. A portion of every purchase of Mirasol-yarn is dedicated directly to a school for children of shepherds in Peru. Somebody may wonder why I so openly show off my presents before Christmas. Well, I haven't told anyone close, neither friends nor family, about this blog ... yet :-)



oppskrift: "Schneeflocke" frå Seiden Atelier Gottlieben, i min eigen Silkesauen-variant
garn: "Tupa", 50% merinoull og 50% silke
løpelengd: 50 gr - 125 meter (brukte ca 33 gr per pulsvarmar-par)
farge: grøn nr 805 ("Jade") og raud nr 4/808 ("Ruby Red")
garn-firma: Mirasol 
pinnar: strømpepinnar nr 4


1. desember 2010

NISSEN VAR HER I NATT - a little helper in the night



Skulle ikkje fredelege november vare lenge, lenge...? Det trudde menneske-mammaen, så då den forventningsfulle nissen stakk den frosne nasen sin mot vindaugsruta seint i går kveld, såg han ingen julekalender henge klar til dei små menneske-ungane neste morgon. 


Nissen såg berre ei menneske-mamma der inne som var så trøytt, så trøytt. Og ute var det så kaldt, så kaldt. Mammaen hadde slett ikkje lyst til å gå ut i kulda berre for å finne ein ussel kjøpe-kalender. Då fekk det heller vere. Alt ho orka var å sitje slapp framfor pc-en og sjå på alle dei nydelege, heimelaga adventskalendarane som alle dei fine mamma-bloggarane stolt viste fram. Naturlegvis med alle 24 lukene fylte allereie. Menneske-mammaen såg og las til auget vart stort og vått. Og så gjekk ho og la seg.


Vi veit vel alle kva nissen gjorde? Han lista seg inn og fann fram til handarbeidskorga, der ein juleraud garnrest frå bestemors tid låg og venta, i lag med den gamle knappe-boksen. I  posen med arva babyklede låg ei stakkars, ufrivillig tova sparkebukse i ull. Nissen sette i gang, med saks, nål og garn. Som vi veit syr ikkje nissar like fint og sirleg som dei små hjelparane til Askepott, men nissar får jobben gjort, og det fort som svint. Og neste morgon, 1. desember, hang ei skeiv, men ferdig adventskalender-strømpe klar. 


Alt menneske-mammaen treng å gjere no er å bytte ut den grøne tråden med eit nytt tal kvar dag. Dét skal ho klare. Og spennande saker oppi strømpa blir det sikkert også ei råd med, skal du sjå.


Hjarteleg takk, vesle nisse! 




oppskrift: nissen
garn: raudt og grønt restegarn
stoff: feil-vaska (og dermed tova) sparkebukse frå Nøstebarn
pris: null kroner

PS: Den andre sparkebukse-foten kan eg kanskje lage strikkepinne-etui av? 
Eller bruke til å lage ei endå finare julestrømpe, heilt utan nisse-strekar?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...