Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

7. desember 2016

Fuglehjarte - ei barnehue

På denne hua står fuglar og hjarte tett i tett, og kan varme små hovud i vinter. Kanskje ein julegåve-idé til nokon du kjenner? 

Oppskrifta vakna til liv då eg sat ved PCen og leika meg med diagrammet på vottemønsteret Eventyrlauv frå boka vår Eventyrvotter. Plutseleg forma hjarta seg om til fuglar, vottane vart til ei hue - og i toppen dukka ei optimistisk stjerne opp. 

Eg har bestemt meg for at alt sal av denne oppskrifta skal gå til Dråpen i havet (heimeside) i heile desember. Dråpen i havet er ein humanitær bistandsorganisasjon som arbeider for å hjelpe menneske på flukt, og dette blir mitt vesle bidrag i vinterkulden. 

Fuglehjarte blir publisert i dag (7. desember) og er til sals via Raverly. Oppskrifta er fleksibel både i størrelse og fargebruk. Du kan f. eks. velje om hua skal ha to eller tre fargar. Frå 1. januar 2017 blir Fuglehjarte ei vanleg kjøpe-oppskrift.

PS: Du treng ikkje vere medlem av Raverly for å handle der, 
og du treng heller ikkje ha ein PayPal-konto. 

14 kommentarer:

  1. Rett og slett utrolig nydelig lue. Så fint mønster!!! Når man skal strikke luer til barn - hva skal man legge seg på i størrelse når man ikke vet det?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk for fine ord, Lone/Flowermouse! Ja, det om passande størrelse er 1000-kroner-spørsmålet ... Barnehovud er så ulike, og nokon likar at hua sit stramt, medan andre likar det lausare. Det er også avhengig av garnet du brukar, om det held godt på formen eller ikkje. Nokon brukar som tommelfinger-regel at hua skal ha "negative ease" på ca 0-5 cm. Altså at hua skal vere 0-5 cm mindre enn sjølve hovudet. Det finst tabellar med cm-mål i større strikkeguidar, men eg har i dette konkrete tilfellet brukt mine to gutar på 7 og 9 år som referanse. Om du har personen du skal strikke til nær deg, kan du måle cm, eller eventuelt låne ei hue som passar godt allereie?

      Slett
  2. Tusen takk!!! Igrunnen godt å vite at dette ikke er så lett for noen. Luer er jo en sånn flott gave og gøy å strikke. Men nå får jeg bare prøve. Passer de ikke så finner jeg kanskje et hode som gjør det :-) God advendtstid!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lukke til, Lone! Ja, det finst nok alltid eit hovud som Fuglehjarte vil passe til! Kanskje tipsa/tankane eg skriv til Huldr også kan hjelpe deg på vegen? God strikketid frå meg!

      Slett
  3. Så utrolig vakker denne lua er. Og da jeg så du gir inntektene til Dråpen i havet var det ingen tvil, jeg måtte kjøpe med én gang. Gleder meg veldig til å strikke den! Skulle gjerne hatt en selv også, tror du det er vanskelig å gjøre den større?

    SvarSlett
    Svar
    1. Stas at du likar hua - og tanken bak -, Huldr! Og moro at du har lyst til lage ein vaksen-versjon også! (No får eg lyst til å prøve det same ..)

      Eg ser på Raverly at du allereie har strikka mykje fint i mønsterstrikk, så kanskje du kan teste det ut ved hjelp av eit yndlingsgarn du allereie har brukt, og som du veit di strikkefastheit på? Det er naturlegvis avhengig om du vil ha ei tettsitjande eller "baggy" hue.

      Som eksempel kan eg seie at den største hue-modellen av Fuglehjarte (i sjøgrønt og grått, str ca 6-10 år) passar meg i breidda også, dvs den sit stramt (46 cm i omkrets, hovudet mitt er ca 57 cm i omkrets). Men høgda er for kort. Den kjappaste løysinga eg hadde brukt for meg sjølv ville då vere å strikke ein lenger vrangbord, f eks 8 cm.

      Eller eg hadde valt tjukkare garn, f eks "storebroren" til Tumi frå Rauma, altså Mitu. Men då hadde eg vurdert å leggje opp FÆRRE masker (enn 96) på vrangborden (sidan breidda allereie passar, og garn med alpakka ofte utvidar seg i bruk) og etter vrangborden auka nok m for å få dei 112 m som står i oppskrifta.

      Eit meir "avansert" alternativ vil vere å lage ein ekstra repetisjon av rapporten, altså istadenfor 4 x 28 m (= 112 m) strikkar du 5 x 28 m = 140 m. Men då bør nok fellinga i toppen bli litt annleis enn i diagrammet på Fuglehjarte, sidan det blir fleire masker. Oi, no fekk eg verkeleg lyst til å prøve ut denne versjonen sjølv, men moro om du vågar først!

      Slett
    2. Oi, tusen takk for flott og utfyllende svar! Så snilt :) Jeg så på fellinga og tenkte at det ble vanskelig, men det kan jo bli fint med fem rapporter også. Jeg var også inne og kikka på Mitu og tenkte det kanskje kunne være et alternativ. Jeg har omtrent samme hodestørrelse som deg :)

      Slett
  4. Nydelig lue! Ha en riktig god jul !

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, Siddis back home! Og sidan vi no har hoppa inn i 2017, ynskjer eg deg eit nytt, godt handarbeidsår!

      Slett
  5. Om størrelsar, Fuglehjarte: Eg har no laga ein vaksen-versjon av hua, og er de nygjerrige, kan de sjå korleis eg endra masketalet - her på prosjektsida mi på Raverly:

    http://www.ravelry.com/projects/Silkesauen/fuglehjarte-4

    SvarSlett
  6. Great Article it its really informative and innovative keep us posted with new updates. its was reallyvaluable. thanks a lot.orologi replica
    Nike Shoes
    Rolex Replica

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...