Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

14. oktober 2014

VOTTEBOKA VÅR ER HER! - our mitten e-book is published

Ja, no har eg snudd primstaven min til vintersida! Der er det første symbolet ein vakker vott, dermed kan vi i Vottelauget i endeleg opne e-boka vår for heile verda!

Mitt bidrag til "Votter fra eventyrskogen" er tre ulike variasjonar over Reveenka (sjå under). Seinare i veka kjem eg til å vise fram endå fleire foto, og fortelje meir.

Men allereie i dag kan du sjå foto av alle dei sju ulike vottemønstera på
fellesbloggen vår, Eventyrlige votter. Sjølve e-boka er til sals via Raverly. Denne vinteren kjem i alle fall ikkje ég til å fryse på hendene! 


Reveenka: her er lenke til mønsteret på Raverly.

10 kommentarer:

  1. Skjønne, skjønne revevotter! Jeg vet noen som skal få sånne til jul... Liker dem særlig godt i de lune høstlige fargene du (?) har strikket dem i. Gratulerer med flott e-bok!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, Ull verdt! Ja, det er eg som har strikka alle Reveenka-vottane du ser her på fotoa. Dame- og herrevottane er strikka i klassikaren Peer Gynt frå Sandnes, medan barnevottane er strikka i det nye garnet Tumi (50 % alpakka, 50 % ull) frå Rauma. Detaljar som fargenummer osv finn du på Raverly!

      Slett
  2. Det var fine revevotter! Gratulerer med utgivelse av vottebok:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Birgitte! No har eg vore inne på bloggen din, og sett mykje fint og spennande! Ikkje minst huene og vottane du har designa sjølv!

      Slett
  3. Gratulerer så mye med en knallfin e-bok! Herlige votter, og veldig gøy med tre størrelser og tre forskjellige votter - jeg ble sjarmert :)

    SvarSlett
  4. Eg bukkar og takkar, Huldr! Ja, eg vil gjerne halde både små og store varme på hendene, difor laga eg variantar til heile familien, så og seie. Og det var så moro å gå inn på bloggen din og sjå kattevottane/fjellrevvottane dine! Nesten ein slektning av Reveenka!

    SvarSlett
    Svar
    1. Da gjør jeg gjengjeld og kopierer svaret til deg på min blogg: "Tusen takk for at du la inn svaret her også! Jeg pleier å komme innom og se, men det hadde jeg ikke rukket ennå. Ja, de er jo litt i slekt! Og nå som du skrev gikk det opp for meg at jeg skrev helt feil, jeg mente jo rødrev eller vanlig rev, ikke fjellrev. Søvnmangel gjør seg gjeldende i surrete bloggpostskriving :D"

      Slett
  5. Så herlig - gratulerer!! Respekt for designere som publiserer egen bok!!!

    SvarSlett
  6. Så fotte votter, gratulerer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, både til Lone og Kirsti! PS: Eg veit ikkje om eg/vi skal kalle oss designarar, mønstermekkarar, eller kanskje berre strikkarar. Men vi klarte både å lage og å publisere e-boka sjølv, ja! Og det er så moro å sjå at så mange gler seg over vottane våre!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...