![]() |
Pip-pip-prøvelapp! |
Eigentleg er eg enno berre på prøvelapp-stadiet ( ... til ei hue kanskje, eller ein barnegenser ...?) men eg er så gjerrig på garnet - og på tida mi - at eg fann ut at eg ville bruke desse prøvelappane til noko nyttig.
Dermed har eg plutseleg fått meg fleire par pulsvarmarar og ein godteri-skjular!
Godteri-skjularen (som eigentleg er mønsteret til tuppen på ein estisk vott) vart testa ut no i påska, og innhaldet fall i alle fall i smak!
Denne tuppen kan kanskje også brukast som eggevarmar?
Estland har så mange stilige mønster, og ikkje minst uvante og spreke farge-kombinasjonar!
Då eg oppdaga den fine bloggen til Ülle frå Estland, og spurte henne om informasjon om gamle vottemønster, delte ho raust frå samlinga si på e-post. Seinare kom også eit nydeleg lite hefte, berre med fuglemønster, rett i postkassa til meg! "Muhu Linnud" er som ei lita diktbok å bla i, til dagleg inspirasjon!
Eg har altså samla meg eit fint lite "reir" med fuglemønster, og er berre så vidt i gang med ruginga (les: strikkinga)! Denne våren blir det meir fuglestrikk, ja! Har du eit favoritt-fuglemønster?
1-2-3-4
kykelipire
5-6-7-8
kykelipotte
9-10-11-12
kykelipoll
12-11-10-9
kykelipi
"Kykelipi" av Jan Erik Vold (1969)
![]() |
Garn brukt til pulsvarmarane: Shetland soft (frå Malsen og Mor), Supersoft (frå Holst Garn) og Tvinni (frå Isager) |